mandag 12. oktober 2020

Tørka ormegras-krans


Ormegras-kransen vert bare finare og finare for kvar dag. Endå har eg ein stor gråpose full av tørka ormegras ......kan bli mykje kjekt av det.
 



Baksetet var full av diverse "skogsmateriale". pluss kransane mine.



No er kransane kome på plass utanfor ytterdøra mi.


 Klem
Lilla dør

søndag 11. oktober 2020

Eit lite og kjekt syoppdrag.



Om eg fekk spørsmål om å sy eller eg tilbydde meg er eg usikker på :) men eg har iallfall sydd trekk på sitjepute på ein kjøkkenbenk. Nokre av mine håpefulle er på flyttefot og held på å pusse opp. Eg har sydd trekk til nokre puter til ha i benken. Til sjølve sitteputa brukte eg vaska og brukt linduk.....ferdig krympa og fast i stoffet. 



Den eine puta brukte eg Designers Guild stoff .... ein av mine favoritt designarar.  Stoffet kjøpte eg på ein Londontur ei tid tilbake. 


Dette stoffet har og lege i stofflageret mitt på modning. Det er fra ein New York - tur endå lengre sidan. Visst på tide eg får brukt nokre av stofskattene mine. Den tredje puta er i lin lik sitteputa.



Hortensia :) se fargane og kor lik stoffet er ein ekte blomst som er fra hagen.



På plass


Trekka både på putene og sitteputa er med glidelås, slik at det er lett å  ta av og vaske. 
Innerputene er 50 X 50 dunputer fra Ikea 


Klem
Lilla dør
 

torsdag 8. oktober 2020

Gjenbruk av løper i økologisk bomull


Har delt opp ein løper til 4 tøyservietter, og falda dei inn med symaskina.
 



Passa perfekt inn på haust bordet.... og kjekt med igjenbruk.


 Klem
Lilla dør

mandag 5. oktober 2020

Har meir høymolrøtter på glass :)


Eg laga til tre nye glass med høymolrøtter i salmiakk og vatn. Står til godgjering, tenkte dei kunne stå nokre måneder. Gler meg til farge med dei. 
.

 Høymol er eit frykta ugras men jammen blir det fin farge når ein plantefarger med den. Ulike fargar enten du bruker røttene (rødlilla til aprikos) eller sjølv planten( gult).


Klem
Lilla dør

søndag 4. oktober 2020

Høymolrøtter og plantefarging



Eg hadde hatt to Norgesglas med høymolrøtter ståande sidan i sommar. I ein blanding av 1 del salmiakk og 2 deler vatn. Det kokte eg i ca ein time så silte eg det. Farga så ei og ei hespe med alunbeisa finull. Fargen var lysare og lysare for kvar gong. Kjempe fine farger.
 

Fin farge på fargesuppa




Det skjedd eit eller anna når eg vaska garnet rett etter på. Det vart litt melert. fyrst synest eg det var ødelagt men fann ut etter kvart at det i grunnen var fint. No gler eg meg til å strikke av det.




Klem
Lilla dør
 

fredag 2. oktober 2020

Ormegras


Er i grunnen fornøgd med kransen, fyrste forsøk. Blir nok fleire etter kvart.  Lærer etter kvart er det visst noko som heiter. Kransen blir nok med til Jæren.



Har haustferie denne veka.  Og vi valgte den einaste dagen det var nedbør til å stå ute og lage krans. Men temperaturen var god og eg hadde godt lag :) Hadde besøk av ei venninne den dagen.
 Først hausta vi inn masse blader slik at vi hadde nok til ti kransa ;) visste visst ikke heilt kva vi trengte.


Kvar vår krans. Min står på golvet.


Har ein ide om at at blada vik krølla seg når dei visnar og tørker. Tilslutt blir vel kransen heilt brun. Skal prøve å legge ut igjen bilde av den seinare. Så kan dokke få sjå.
.




 

Dette garnet vart plantefarga i vår ..... av ormegras. Fin frisk farge, rekna det hadde vorte mykje blassere   no.


Fått verkeleg sansen for ormegras denne veka og fått augene opp for kor fine haustfargar det er i det. Me har mykje av det i skogen ved hytta.


Klem
Lilla dør

torsdag 1. oktober 2020

Gulrandkjuke



Eg hakka opp gulrandkjuke og la dei i bløyt eit døgn i ein sokk før eg koka det ein time ca.


Så la eg det ferdig beisa garnet oppi


Fine oker-brune nyanser. 
Det mørkast fra fyrste bad 


Det med plantefarging er blitt eit hytteprosjekt for meg...... kjekt å kunne stå ute i skogkanten. Praktisk og godt:)

 Klem
Lilla dør