fredag 27. november 2015

Kurskveldar


Har hatt juletreteppe og snømannskurs på Bryne hjå Qulit & Sånt på Bryne tre mandagar i november.



Litt av produksjonen til kursdeltakarane.

Sjå meir bilde på Facebook hjå Quilt & Sånt. 
Quilt og Sånt er ein stor og flott quiltebutikk på Bryne.


Klem
Lilla dør


Ha ei fin adventstid

torsdag 26. november 2015

Haustfargar på tampen av året


 Me rusla gjennom Botantisk hage i Oslo på søndag i sol og fine haustfargar. Vart veldig begeistra over dette fantastisk fine bjørketreet....


 Hengebjørk.




 Sjå den fine stammen.....


Dette fine stoffet kombinert med desse bilda kan bli til eit kjekt prosjekt:).
Følg med!

Ha fin og kreativ helg!
Klem
Lilla dør

onsdag 25. november 2015

Kulturell søndag


 Me starta på Munch museet... der det var ein interessant utstilling der dei samanlikna kunsten til Munch og Vigeland. Spennande og interessant.











 Retrobutikk og kafé på Grünerløkka... sjå kva dei hadde! Litt av servicet eg samlar på :))))))





 Mange kaffikoppar vart det denne helga. Eg har ein tendens ta bilde av dei... kan bli eit prosjekt det og!



 Innom ein garnbutikk og på ein søndag....lite handel der og :)



 Lite prosjekt ... eit nøste med plommerødt garn....truleg blir dei ei lue. 


 Var og innom Nasjonalgalleriet




De var denne utstillinga vi hadde lyst sjå... av tresnitt - kunst.


 Ei kreativ utstilling der nokre studentar jobba og demonsterte kunstformen.


 Dei brukte mellom anna briukte tregulvet til å skjere ut trykkflater og der etter henge kunsten på vegg og tak der. Knall tøft.







 Litt forfriskningar og påfyll her og. Kunsten i kaféen her er ein gåve frå Frankrike.




 Det går mot desember og mykje lyspynt.



Tapas på Delicatessen kan anbefalast!

Klem
Lilla dør

tirsdag 24. november 2015

Oslo-helg


 Ikkje noko å seia på utsikten frå rommet vårt.....var heilt fantastisk. 


Lørdag morgon tok me trikken til Riis Interiør, ein fantastisk fin butikk. Det som drog meg dit var Designers Guild  avdelinga der. Og den innfridde.....


 Valgets kvaler over ein kopp kaffi.





 Me var og innom Katrines Quiltestue.... kjøpte ikkje noko stoff. Flink jente:)



 Granit på Solli Plass. Og masse fine butikker i Hegdehaugsveien / Bogstadveien og.... Hay, Marimekko, pluss pluss:)

 Kähler har og opna butikk i Hegdehaugsveien.


Lager Haus.....hadde mykje sesongvarer mellom anna


Aker Brygge 

Mykje fint ...... masse inspirasjon ........fantastisk flott lørdag i Tigerstaden.

Godt lag!

Klem Lilla dør