torsdag 30. mai 2019

Pappas gamle kommode



 Har pussa opp pappas gamle kommode. Pappa laga den då han gjekk på snikkarskulen for ca 80 år sidan. Han brukte den på hybelen sin. No har eg malt den i grønn dus farge. 

Fyrst var den vel  trefarga.  Den vart malt blå for mange år sidan.
 Her bli den vaska og gjort klar for ny farge. Eit av vårens mange prosjekt:)))



 Veldig fornøyd med fargen Jotun 8478 Pale Green





Måtte bare vise bilde av denne hylla onkelen min Arve laga til meg då eg var liten. Eg hadde den som pyntehylle på rommet mitt i oppveksten, no er den komen til heder og ære igjen. På gjesterommet me no har pussa opp. Eg synest det er eit kult design......


Klem
Lilladør

onsdag 22. mai 2019

Nye puter .........syoppdrag til fornying av ein terrassesofa


 Eg sydde nye puter og madrass-trekk til hage/terrassesofaen til nokre av dei håpefulle. 


 Fyrst skar dei opp  skumplastmadrasser i 5 store puter ..... til vinkelsofaen. 


 Vi brukte stoff frå Stoff & Stil som var berekna til utemøbler slik at dei var belagt med teflon. 



I tilegg til den blomstrete puta sydde eg seks sju andre puter til ha i ryggen.... gler meg til å sjå dei i bruk.
 Håper på ein eller fleire kaffekopper i sola i løpet av sommaren..... tenk det er snart sommar ....gler meg.


Klem lilla dør

lørdag 18. mai 2019

Blomster kan også være i form av.......


 Bukett bomullsgarn


Gratulerer med dagen til ei strikkeglad dame

Klem 

Lilla dør