lørdag 27. april 2019

Sjå mine nye sokker


Gjertrud strikka sokkar for fyrste gong der ho starta ved tåa.... Brukte garnet me farga i påska.

Eg var så heldige å få dei, då dei passa perfekt på foten min.... kjempe kule og gode. Blir nok ein hit :)))
Lette og varme.  Eg trur ikkje det gjekk med meir enn ca 45 gram garn.....


gult er kult



Tusen takk

Klem
Lykkeleg eigar av gule sokker

Lilla dør

onsdag 24. april 2019

Fantastisk kreative og avslappende dager på #verdasjillastehytta



 Ny plass... under dent gamle epletreet ....knallfint med kveldsola der.


 Masse godt pågangsmot når me heldt på ute... nysteikte peanøttkjeks


 Hvetestang med eggekrem og kvikklunsjstenger i ......det er jo påske. :)))


 Inn i mellom kano, kajakk og båtturer var det pussing på naustet . når me er 6 stykk var naustet plutselig ferdig skrapa og malt og me hadde det kjekt og morsomt samtidig.


 Fine detaljer og fargar




 Her er nokre stemningsbilder frå nye plassen under epletreet.








 Litt rydding i buskane gav fint pynt på trappa


 Til og med ny stikkkontakt til vaffelsteiking fekk eg..... 
her er det bananvafler og tortillarulla rmed skinke som er dagens lunsj.
.

 Nytt rekkverk er på plass! 




Se så fint naust er blitt neste strøk blir til sommeren eller neste år...... me se kva som legge seg til rette. 

TUSEN TAKK for kjekke og go`e dager. Tusen takk for go`e hjelp og kreative stunder saman. Dokke er beste sort!!!!! Tenk me har vore på hytta i 10 dager med sol og varmt ver......kan det bli bedre. Turer i skog og mark, fjelltopper har det og blitt (på nokre). Mykje grilling og eggkoking på stranda........Med andre ord ei fantastisk påske. 

Klem


tirsdag 23. april 2019

Gjertrud og mormora hennar har mykje felles



Begge likar håndarbeid og er knallflink til det. I påska lærde dei kvarandre "nye ting".
Mormor heldt på med dobbel hekling av grytekluter som ho lærde bort til Gjertrud. Begge er veldig glad i borderi (noko som ikkje kjem fram i dette blogginnlegget men kanskje seinare innlegg :) ).


Mormor fekk lære magic loop. Noko ho tok med ein gong, så no blir det pannebånd og lobber med magic loop. Fantastisk når ei på snart 85 år og ei på 26 kan lære kvarandre nye ting......... varma eit datter- og morshjarta.


Her starta Gjertrud på sine gryteklutar



Blir fine grytekluter eller bordskånere dette Gjertrud

Klem
Lilla dør

mandag 22. april 2019

Plantefarging del 2


Farga 200 gram lingarn i samme fargebadet som eg brukte i sist innlegg.
 Linen tok endå meir fagre og vart endå varmare gul.



Nyplukka bjørkeblader (det var nok til begge fargingane, både ullgarnet i sist innlegg og lingarnet)



Dette lingarnet vart mitt :)- Gler meg til å strikke ein barnesommerkjole......

Klem
Lilla dør

søndag 21. april 2019

Plantefarging med bjørk.... del 1


Frisk fin sitronfarge. Er den ikkje fin?
Ei av minne håpefulle likar godt fargeplanting så det har nesten vorte ein tradisjon når me har litt goe tid på hytta. Kjekt med slike fellesprosjekt sjølv om det er Gjertrud som er den ivrigaste og drivkrafta.


 Litt finull i bløyt /klargjøring til farging.


 Heilt fersk og nyutsprungen bjørk har eg lært gir frisk og fin gul farge......


 Noko på gang.... må passe på temperaturen



 Garnet tar fort farge.... 



 Klar til bruk



To med ull og ein med lin.


 Fin aktivitet ved stranda....påskegult garn


Takk for inspirasjon og fargeglede Gjertrud.

I skrivande stund har Gjertrud strikka gule lobbar av garnet.

Klem
Lilla dør

lørdag 20. april 2019

Påskestrikk....egg



Eg har strikka to egg etter oppskrift av Amy Munson. Kjøpte oppskrifta på nettet. Kjekt restgarnprosjekt når ein har lyst strikk noko rolls :)))) av og til er det moro og.


 Dette var bryggekantstrikket i går innimellom kanoturar m.a.




 Inspirert og etter fri fantastisk vart det ein påskehare av eit av egga... passa godt opp i fiolblomsten på hyttebordet.



Eg laga til ei stor grein langs takrenna på terrassen der eg har hatt strikka egg hengande i påska. Dei to siste egga flytta ut der i dag.


God påske

Påskeklem
lilla dør