søndag 30. juni 2019

Ny vri på strikkeoppskrift :))



 Eg fylte år i slutten av juni og hadde hagefest...... hadde gleden av å samle familie og venner. I den forbindelse hadde mine håpefulle laga quiz om meg og svara i quizen enda i tal som igjen fekk sin kode. Ut i frå dette hadde dei håpefulle laga ei strikkeoppskrift.


Så ein pose med to pinner og eit garnnøste var ein del av bordpynten til dess dei ulike laga rundt borda trong det til quizen. Knalltøff og nye vri på quizen. Tusen takk!



 Alle 6 laga klarte quizen som enda som ein strikkelapp med eit hjerte med tallet 60.






 nesten ferdig ..... eg har no strikka det ferdig og det skal bli montert saman med dei 5 andre.....truleg til eit lite dukketepppe til barnegulla.


 Litt bilde frå bildekodane og strikkeoppskrifta. 


Tusen takk til mine barn og svigerbarn. Dokke er beste sort.

Klem
stolt mamma og svigermor

lørdag 29. juni 2019

Blomsterkrans


Bind deg ein blomsterkrans, santhans og brudlaup då må me ha ein krans eller to.


 Det vart laga tre blomsterkransar til dekor til brudlaupet. Brukte stålringa og surra blomster rundt. Valde blomster som var fine å tørke


 Her er  alle tre ringane hengt opppå kvarandre. klar til brudlaupspynting




Hengt opp i brudlaupslokalet.


Fine og ha til pynt seinare enten i stova eller på soverommet.

Klem
Lilla dør

torsdag 27. juni 2019

Rababrasaft er lik sommer og gode minner


Rababrasaft som velkomstdrikk i brudlaup .... . Laga av all den rabarbraen eg hadde i hagen pluss at eg måtte kjøpe nokre stenger på handelslaget.... i år då eg virkelig trong masse saft var det ikkje så mykje rabara i hagen. Eg har jordbær rabara i hagen . finare farge og smak spør du meg.



her er det dekka opp til velkomstdrikk på Jærmuseumet.


Pynta med sitronmelisse og mynte



 viktig at ho blir servert kald og god... det vil seia at den er halvtint ved servering og blandast forsiktig med vann.





mandag 24. juni 2019

Blomsteroppsatsar




 Blomster frå hagane til foreldrene til brudeparet...og litt nyinnkjøpte stauder /sommerblomster frå fine gartneri i nærområdet...... Til bunn brukte me sand og litt små steiner for å få jærsk preg på det :)))


Kjekt  med sommerblomster, når vi bruker dei kjem dei igjen ...kan det bli bedre gjerne endå frodigere.




 Her er me igang å lage 16 blomsteroppsatsar fredag morgon før me skulle pynte lokalet. Søstra til bruda og eg....... kjekt








Litt igjennbruk vart det dagen derpå med restefest i hagen pluss pluss


Tilslutt vart dei komprimert endå meir ........fin hagepynt

Klem
Lilla dør



søndag 23. juni 2019

Lin servietter til brudlaup


Gleder meg stort at me har hatt brudlaup igjen..... tradisjonen tru må det bli linservietter. Kjekke å sy og kjekt å ha. Kan brukast igjen i barnedåp, selskap, jul etc. Eg har ofte sett dei i bruk, det er jillt og gjere det ekstra jillt sy til neste par ut. Eg sydde 100 til sommarens brudlaup, då eldste dattera mi gifta seg 


Kjøpte linen på Stoff og Stil....10 meter 


Sydde dei på overlocken med ei nål slik at eg fekk ein smal søm rundt servietten



Klar til stryking og bretting



Tilslutt knytta me på bordkorta..... alle mann i sving


 Vart fine og lekre





Takk for syoppdraget!!!

Klem
Lilla dør

fredag 21. juni 2019

Nytt trekk til fluktstolen



 Me har hatt ein fluktstol hengande i garasjen lenge som trengte nytt stofftrekk. Eg kom over eit flott stoff på Stoff og Stil her i vår. Falt pladask for det. Passa perfekt til den brunbeisa stolen.


 Så sydde eg ei pute av samme stoffet...no gler eg meg til sol og varme.


onsdag 19. juni 2019

"Hjertetre" - snart brullaupshelg hjå oss


Fint reste strikk, små strikka hjerter som kan brukast til mykje. Eg skal ha dei på eit tørka tre på terrassen. Eg strikka desse i finull og pt2


Inspirasjon og mønster fann eg på strikkekontoen til @frustrikk på Instragram


Eg tova dei i vaskemaskina på 40 grader før eg knytta på hampesnor til å henge dei opp med.


Med matchande blomster nederst var det eit fargerikt hjørne på terrassen saman med det lilla kafebordet mitt.....




Klem
Lilla dør