tirsdag 23. juli 2019

Litt saum i sommervarmen


 Hadde barnebarnet på besøk på hytta. Då vart det laga ein god gamaldags trebåt med segl. 
Her prøveseglar ho den på brygga :))


Ho og bestefaren i gang med fyrste båten , det vart laga endå ein
.


Her er seglet på plass og



 Fortøyd ved brygga


Eg trong ein strikkepose til eg skulle i øyane med nytt strikk :) 
Stoffet er kjøpt på Stoff og Stil. 





Sommarklem
Lilla dør

lørdag 20. juli 2019

Fiskelykke :)


 Eg kjøpte ulike blå nyanser med finull til meg og ei vennene. Me var nokre dager på hytta deira. Tenkte det var kjekt med ei strikkeutfordring der vi kunne lage kvar vårt sitteunderlag som fisk.  Det var i grunnen artig men prosjekt vart nesten litt større enn eg fyrst trudde. Men her er mitt ferdig....  Har vore eit avslappende godt terrassenstrikk, sosialstrikk og båtstrikk. Kjekt med samstrikk.


 Eg brukte totalt 220 gram tråd. strikka på pinnar nr 7 og dobbelt garn.


Før og etter toving i vaskemaskina








 Innvia på bryggekanten i dag med ein kopp kaffi...sommerlykke



 Ulike bilder frå sjøkanten... likte godt fargane . 
Den blir nok med på fisketurer eller varmar i stolen på seine sommerkvelder.....


Klem 
lilla dør

mandag 8. juli 2019

Fluktstol del 2


Hadde ein fluktstol her på hytta og som trengte nytt trekk. Brukte det samme stoffet som på  den heime. Stoff og Stil-stoff med teflonbelegg (utestoff)



 Fyrst fjerne den gamle stoffet og så stifte på det nye



 Godt med god hjelp frå gubben


 Hadde ien gamal manilla stol i kjellaren som vart fiksa litt og så sydde eg ei matchande pute...plutseleg to gode stolar til på terrassen. Passa godt no når me ventar besøk på verdasjillaste hytte.


Fortsatt god sommer håper på masse sol og terrasse og fjæreliv. Bildet er frå naustet vårt.

Klem
Lilla dør

søndag 7. juli 2019

"Man tager hva man haver"


  I morgon ventar eg besøk av bestemorgullet.. klart bestemor må ha seng til "babyen" hennar. Så eg fann ein trekasse her på hytta og la ein handuk i botnen og sydde dynetrekk og pute. Sjølvsagt har eg symaskin med meg på ferie......når eg har 4 veker ferie. Litt stoffrestar og :)))


 Dynetrekket er blafre-stoff frå stofflaget. Har vore gjennom modingsfasen.



Håper dukkebabyen hennes vil trivast i den nye senga. Viktig med seng og bestemor hadde stor glede av å sy det. Ein blir vist aldri for gamal for dokker.

Klem bestemor