mandag 28. juli 2014

"Flensburghals"


 Sjølv om eg hadde med meg mykje garn på ferien måtte eg jo kjøpe litt:). Dette garnet kom eg over i Tyskland i Flensburg. Eg vart i grunnen veldig imponert over alle dei flotte garnbutikkane dei hadde i Tyskland. Eg kjem gjerne tilbake til det. 


 Strikka på pinner nr 8 la opp 70 masker.  Ein rett og ein vrang. Brukte to nøster med garn.


 Lanagrossa eit tysk garn med mykje fin ullkvaliteter og farger.  Se bare på dette........sjå den fine fargemixen!


 Dette vart båtstrikk:).
 Eg var så heldig og fekk fleire jille båtturar. Mellom anna ut i øyane i Florø. Fint ver og lite sjø = strikk.


Alltid klart


her på havcruise

Dette må jo være det ein kallar Kari fargar


 Ferdig og klar til bruk, når hausten og vinteren kjem.


Klem
Lilla dør

søndag 27. juli 2014

Hagebær



 Denne veka har det vore safting og sylting dei fleste kveldane:). Fyrst var me så heldige og fekk eit brett med ferdig plukka og rensa bringebær.  


 Junioren har plukka fleire bøtter med rips til meg. Tusen takk, det har gitt mykje goé saft. Det meste har eg laga råsaft av og lagt i frysen.


 Eg laga ei koke med saft og.



Råsaft i flaske  med sugerør smakar godt i varmen 



Nytt av året er at eg rørt litt ripsbær til syltetøy. Knallgodt og verkelig smak av sommar.

1 kg rips og ca 400 gram sukker pluss evnt litt Jam frysepulver.
 Gav fyldig og goe sylte. Fraus det i passe beger til å ta opp til frokost eller til nylaga vaflar. 

Klem
lilla dør

torsdag 24. juli 2014

Solbær


Solbær nyplukka klar til rensing
sommer 


 Ferdig rensa klar til sylting



 Kom over denne boka då eg besøkte Skafferiet på Hovinsholm på Hedmarken. Fantastisk fin og inspirerande bok om solbær. Kan anbefalast.


 Kjøpte med meg to flasker med ferdiglaga saft frå Mølstad Gård på Hedmarken.
Så me må teste ut ein del oppskrifter........
mellomanna lage solbærlemomade med lime:)
Eg har kun eit solbærtre så det blir ikkje nok til saftproduksjon av solbær hjå oss.


 Solbærsyltaoppskrifta er frå boka


 Rugknekkebrød med brie og solbærsyltetøy i kveldssola på terrassen


Jillt å kunne plukke eigne bær 

Klem Lilla dør

onsdag 23. juli 2014

Acnegenseren


 Før ferien starta eg på ulike strikkeprosjekt som var utmerka bilstrikk. Jillt når mykje av prosjekta vart ferdig:) Me kjørte mykje bil i starten av ferien og då vart det mykje strikking.

 På pinner nr 6 og i liten størrelse gjekk dette unna:). Strikka den i Suri i lys rosa og linfarge. Litt uvante fargar men veldig fine og søte spør du meg.


Toltalt brukt eg 270 gram garn til genseren:)



 Mønsteret til genseren finne ein gratis på nettet.



 Sommarleg 


Klem
Lilla dør

tirsdag 22. juli 2014

Ferieminner som bordpynt på terrassen:)



 Ferieminner. turkis farrisflasker frå Lübek, steiner og skjell frå Skagen og Vika.  Fluktstoler og sommerblomster, ferie, sol og sommer.  Dette pynter bordet mitt på kjøkkenterassen. Og når ein då kan sitte om kvelden i t-skjorte og nyte det forsatt .......feriefølse og glede. 



 Skjell frå mitt sommerparadis i Vika.


 Ha ein fin kveld vidare




Klem 
Lilla dør

mandag 21. juli 2014

Støyping i sjøkanten


 Fuglebadet mitt, nett fått tatt det av "forma".
 Reknar med at resten av rabarbrabladet forsvinn etterkvart.


 Urna av støyp og gamle filler.


 Litt utstyr trengs vist ein ikkje velger å blande sementen heilt for hånd:)


 Laga forma i sanden




La sement opp på bladet:)


Eg forma urna av fille dyppa i sement



Dette var jillt
Tusen takk til svigerinna mi i Florø som var lærermesteren. Kjempeartig, må nok prøve igjen.
Eg har ennå produkta mine i Florø. Dei var ikkje tørka då eg reiste. Men dei kjem snart.

Forsatt goé sommar
Klem 
Lilla dør