onsdag 31. desember 2014

Godt nyttår!


 Med desse rosene i vannbad saman med koparrosene vil eg ynskje dykk eit riktig godt nytt år! 

Takk for det gamle.

 Ekstra takk til følgarar og kommentarskrivarar. Det gir inspirasjon og glede.


Bildet er frå hytta vår i romjula. 

Nyttårsklem
Lilla dør

tirsdag 30. desember 2014

Romjulsfri og rydding på syrom og i strikkekorg......


 Fekk tømt stikkekorga og sortert det som var der. Eg har tenkt tanken men no trur eg det må bli: INNKJØPSSTOPP.  Du så mykje jillt eg har å halde på med. Heldige meg.
I allefall nesten innkjøpsstopp av garn og stoff. Heilt stopp klarer eg nok ikkje, men nesten trur eg. Har veldig mange påbegynnte prosjekt og mange er planlagt der eg har det eg treng for sy eller strikke. Så kanskje dette må bli nyttårsforsettet mitt.


Her noko av det som ligge, garn til hals. Kjøpt i Tyskland.


 Dette garnet samlar eg på ....kjøper litt kvar gong eg er i London. Dei har det mellom anna på Loop. Kva eg skal bruke det til veit eg ikkje. Tar imot gode forslag. Men det er nokre fantastisk fine farger i et nydelig ullgarn:)


Påbegynte vottar i fjor


Pinnane er sorterte og klar til bruk. Både rundpinnane og strømpepinnane:)


Lageret av ulike garn er STORT. 
Til meir eg strikkar til meir garn får eg trur eg. 
Har til og med notert ned dei ulike prosjekta som er påtenkt og påbyrja. Gubben har mumla om eit eller anna antall,  han er nok inne på noko der og. Sjølv om eg ikkje vil innrømma det heilt. Men no har eg det svart på kvitt.......


 Sist innkjøpte garn rett før eg sa (nesten) stopp:) til lubbar


Syrommet er og ganske ryddig:) klar til sying. Gleder meg til det.....mange tanker og idéar...... kjem etterkvart.

Stofflageret trur eg eg får ha for meg sjølv inntil vidare. Skal heller få sjå dei ferdige produkta i åra som kjem:)

Klem
Lilla dør.

søndag 28. desember 2014

Strikketøyposar


 Eit nostalgisk stoff som eg kom over i London vart til eit nett eg gav vekk no i jula. Enten til ha skoa med seg i til juleselskap eller som strikkepose. Bruken er opp til mottakar. Eg har meir av stoffet slik at det nok blir meir poser og nett.




 Linstoff med trykte sauer vart til strikketøypose.



 Linhåndduk som vart til strikkepose med glidelås. Praktisk og god til å halde styr på både pinner og strikketøy i veska. 




 Endå ein strikkepose eg sydde i desember har fått ny eigar.



Til dei håpefull strikkarane mine har eg laga førstehjelpsskrin for strikkarar.  Har sjølv eit slik og har hatt stor glede av det. 

Klem 
Lilla dør

lørdag 27. desember 2014

Bomullspads


 Ein fin måte til bruke opp restegarn i bomull er å hekle små pads til å fjerna sminke med. Etter bruk kan dei vaskast saman med hånddukane og dei er klare til bruk igjen :)
Eg gav dei til studentane


Fann oppskrifta i bladet "Mollie makes" i haust.


klem
Lilla dør

fredag 26. desember 2014

Julepakkar


 Kan det bli bedre og meir kreativt? Mi fantastisk kreativ og flinke svigerdatters mesterstykke av  innpakking av ein julepresang. Ei eske frå papirbosset blir til ein "ryggsekk"!



Her er der ein av mine sønner som viser ei kreativ og forseggjort innpakking.
Fantastisk bra:)


Dette var bare eit glimt frå innpakkinga iår. Eg gløymde åta bilde av fleire pakker. Det var mange kreative og fine, men desse må få pakkeprisen iår . Eg gler meg til å sjå utviklinga. Spennande og jillt med fin og kreativ innpakking. Der har eg ein del å lære.........kanskje det går på tolmodighet.

Ha fin romjul.
Kanskje med eller ute fleire pakker.

Klem 
Lilla dør

torsdag 25. desember 2014

Julepynta bord



 Det å pynte og lage ulike borddekorasjoner er jillt. Både eg og jentene i familien er glad i det.  I grunnen eit populært oppdrag, og me skiftar ofte "tema".


 Dette bordet var inspiret av melodien Driving home for Christmas. Kom over denne bobla ein dag eg var på handel.  Dei ulike trea har me samla på.  Dei fleste er frå Tyskland og nokre frå Søstrene Grene.


 Nesten som om bilen kjem frå Voll Juletregard. 


 Elgen er på plass i skogen på kjøkkenbordet.





 Goé ettermiddagskaffi ved eit av stoveborda med fin mugrug som eg har fått av ei goé venninne  http://hjertegleder.blogspot.no. Under mugrugane ser ein linhåndduken som vart ein perfekt juleløper i år! :)



 Lerkgreiner med masse kongler er dekorativt saman med julekuler med snøkrystaller som er blitt små vasar:)


 Kombinert med både sølvlysestaker og jubileumsvasen til Kähler med kobberstriper gir det ein varm og goé stemning.


God jul!


 Fyrstejuledagsbolle var på plass iår og til frukosten. 
Til og med litt julesnø fekk me i år:)


Jillt du såg innpm bloggen. Har vorte lite blogging no desember. Har ikkje hatt overskuddet, men rekna med at eg er tilbake no.

Ha ei riktig god jul

Klem
Lilla dør

tirsdag 16. desember 2014

Førjulskveld i hagehytta



 Julepynta hagehytte er jillt. Igår hadde eg elgegløgg og hekleprosjekt der elg var temaet med gode venninner. Idag er det ungdommane som har inntatt hytta med litt strikk, mykje drøs og smaking av julekjeks.





 I går vart det gløgg og hekling av elg til ha på brusflaska, inspirasjon og oppskrift på den hekla elgen var carterandBrown på Instragram der det var link til bloggen der oppskrifta ligg.



 Denne snømannen min fekk ny eigar i går :)




 Rudolf er rød på nesen!


 Same oppskrift bare ulik tjuknad på garnet vart ein liten og ein stor.


Elgen frå i forfjor hadde full oversikt frå skapet:). kanskje likar han at han får godt selskap av fleire elgar.... kven veit?


Sjå den koselige elgen som flytta inn hjå meg i kveld. Takk til giveren.

Ha forsatt ei goe og kreativ førjulstid.

Klem
Lilla dør