søndag 28. oktober 2018

Bursfjeld


 Se det landskapet og fargane. Takk for fantastisk fin tur i dag med gubben. Då eg satt oppe på toppen og såg på dei fantastisk flott fargane tenkte eg..... tenk om eg kunne ha strikka ei kofte i desse flotte fargekombinasjonane;  brunt, oker, blått og grått ........kanskje, kanskje ein gong.


 Heilt stilt og nokre få plussgrader




 Kaffi i gullkoppen er viktig




 På veg heim var vi innom mine svigerforeldre og der er kaffien aldri langt unna :)))


 Men eg har mange strikkeprosjekt som eg må gjer ferdig fyrst......


Klem
Lilla dør

lørdag 27. oktober 2018

Okergul kjole med prikker


I dag har eg sydd meg endå ein kjole i jersystoff. Eg hadde klipt kjolen tidlegare i haust. Så endeleg fekk eg sydd den idag. Eg brukte overlockmaskina så det er kjapt gjort.



 Til halskanten brukte eg ein rest frå restekassen. Synest det friska opp kjolen.




 Stoffet kjøpte eg på Kreaktiv på Kvadrat.



 Prøvde meg på langarma. Lommar i sida :). Eg er veldig glad i lommar.


Kjolen er i Lilladør-design. Tegna sjølv og inspirert av tidlegare kjole eg har sydd.

Klem
lilladør

torsdag 25. oktober 2018

Dokkeseng til bestemorgullet



Eg har sydd sengesett og laga madrass til bestemorgullet. Senga har eg kjøpt på jobb. Den var ferdig malt i ein fin grårosa farge.


Madrssetrekket sydde eg i kraftig bomullsstoff. Hadde vatt inni.


Lakenet i flanell 


Kjempekjekke sømsysler dette. Det blir fort sykos og glede på syrommet.



Sengekleda kan ein ta av og vaske. Med åpninger uten knappar og bånd. Barnevennlig er viktig.



Dokka fekk testprøve dokkesenga før den blir overlevert til bestemorgullet.

Klem 
lilla dør

søndag 21. oktober 2018

Bamsegenseren



Eg har strikka bamsegenseren til Petiteknit. Strikka den i størrelse 1-2 år.
 Eg brukte klumpelompe garnet spøt. Garnet Spøt ( Sandnes garn) er ei blanding av alpakka og merinoull, forsterka med nylon for eit slitesterkt men mjukt resultat.
Den gammalrosa fargen kjem litt dårleg fram her på nokre av bilda på dette blogginnlegget ser eg.


Eg broderte snute på den




Så laga eg ein lik til dokka til bestemorgullet og. Brukte då genseren som står i dukke heftet til petitiknit.



Eg likte å strikke den.  Starta oppe med halsen. Det blir nok flere genserar etter den oppskrifta.



Klem
Lilla dør

søndag 14. oktober 2018

Vestlandstreffet for quiltere


I dag har eg hatt kurs på vestlandstrevfet.  Masse folk og goe stemning på Quality hotell . 


 Fine og go´e kurslokale var det og. Godt merka. Riktig nok var kurstida bare fire timar. frå 9 til kl 13. Alle deltakarane sydde minst to snømenn.


Klart for kurs.



 Heldige meg som får være kursholder til så ivrige og inspirerande kursdeltakarar.....


 Dette laga kursdeltakarane i føremiddag


 Her er mine snømenn klar til retur og ventar på nytt kurs i november. Ut på tur aldri sur :)))


 Var innom ei kjempefin medlemsutstilling. Utruleg mykje fint å sjå. Jammen mange dyktige quiltarar.




Klem
Lilla dør

lørdag 13. oktober 2018

Kurs på Vestlandstreffet for quiltere på Sola i morgon.


 Mønstera er klare til salg og bruk. Håper dei fell i smak......  Vestlandstreffet for quiltere skal være på Quality Airport Hotel på Sola.

 Kurset eg skal ha


 Materialpakkar viss nokon vil ha ...resten skal brukast i november då eg skal ha nytt kurs på eit qulitelagsmøte.



Med eller uten hatt.... 


Eg gler meg håper kursdeltakarane vil like det.

Klem
Lilla dør