torsdag 31. desember 2020

Julekuler som bordskånere


Har hekla nokre julekuler som eg har tenkt å bruke som bordskånere, Hadde starta på dei tidlegare i haust men dei hadde havna i ufo korga.....men no klarte eg å gjere dei ferdige.


Hekla dei av noko glitter tråd eg hadde liggande.Kjøpt i London i si tid trur eg:) Anchor Artiste metallic 25 gram nøste. Til desse julekulene brukte eg 50 gram av det rød.  Brukte heklenål nr. 2,5


Hengane på hytteveggen, klar til bruk som bordskåner under kaffi koppen eller som bordpynt.



eller som gåver......


 Eg fekk ideen på jobb av ein kollega. Dei var kjekke og hurtige å hekle. Fint restegarnprosjekt. Nok ein fordel med litt stiv hekletråd.








 Dette var siste prosjekt som vart ferdig i 2020....gler meg til nye prosjekt og håndarbeid i 2021. Har allerede masse på gang.....det er vel meg i eit nøtteskall :)))


Klem
Lilla dør

tirsdag 29. desember 2020

Kaniner X 4 klar for nye eventyr


Eg kjøpte fire kaniner på Kid i haust på tilbud. Eit kupp som eg plar seia.Til gi bort pris. Eg som syr hadde aldri kunna ha laga dei til den prisen...tenk stoff pluss tid. 
Planen var med ein gong at eg skulle strikke og sy kler til dei :) men hausten gjekk fort, plutselig desember. Men litt kler vart det. Bestemorgulla er nok veldig fornøyd.

i


Til prinsessene sine kaniner strikka eg genser i rødglittertråd. Håper bukse/truser kjem etterkvart. Ingen mønster, strikka dei på "måfå", det bruker å gå godt så lenge eg har kaninene til å prøve på.




4 av desse :) dei var lange ca 60 - 70 cm trur eg




Har kosa meg med det om kveldane og ledige augenblink inni mellom


Til jenten sydde eg skjørt lik deira. Guttane fekk bare genser.



Motivet på guttegensarene var S til Sverre sin og maskesting med traktor til Trygve sin. 




Koffert til ha byttekler måtte dei jo ha med på ferden... no er dei flytta inn hjå mine barnebarn...kanskje kjem dei på besøk av og til :) tanken er at eg skal lage litt meir kler etter kvart.


Klar for nye eventyr



Julafta før dei var pakka inn og lagt under treet fekk dei prøve utsikten ifrå juletreet:)


To er flytta til Stavanger og har fått mykje godt lag og god servering...både grøt og vaffel trur eg. Eg fekk drikke kaffi saman med dei i jula der.


 Klem
bestemor


mandag 28. desember 2020

Putesøm


Årets siste søm vart nok denne puta. Sydd i kraftig bomullsstoff ( Chambray)i melerte gråtoner. Puta er sydd etter mottaker sitt ønske. Stoffet er kjøpt hjå Katrines quiltestue i Oslo.
 

Skjult glidelås på baksida. Puta er sydd av eit langt stykke stoff slik at det bare blir søm i sidene, pluss glidelåsen ;))) 



Klem
Lilla dør

 

lørdag 26. desember 2020

Ny strikkeprosjekt-pose til romjulstur og nytt strikketøy..... kan det bli bedre


Eg falt pladask for denne fine strikkeposen i frå Norwegian Sprit strikk og garn...Ble årets julegåve frå meg sjølv. No har eg tatt den fram og starta så vidt på mitt nye romjulstrikk. 2. juledag og julefreden senkar seg. Har nett vore på julefrokost, nå ventar sofaen, kaffi og strikk. Kan det bli bedre.......
.


Er det ikkje eit fantastisk motiv på posen?
No er eg klar for romjulstrikk og hyttetur..... mykje strikketid.



Her er et strikkeprosjekt.... innkjøpt for ei tid sidan og planlagt:))), Eg strikka genseren i lett lopi.
Eg har ikkje nok grønt garn, det var og er ikkje råd å oppdrive nokon plass. Tydelig eit populært garn.......det er lova inn midt januar, håper på det...... julegenseren blir vel klar til jula 2021.


Er iallefall byrja, så får vi sjå kor mykje det blir ....... i juleferien. Juleferie er iallefall ikkje oppskrytt.....

Ha ei fin romjul!!!

Klem
Lilla dør

onsdag 23. desember 2020

Hipsterlue i adventskalenderen


Strikka ei hipsterlue til kvar av dei små prinsane mine. Strikka lua i Merinoull frå Sandnes Garn. Likte godt den varme julefargen på det garnet. I oppskrifta stod det dobbel tråd med Sunday.
 

Har eigentleg ikke avdventskalender i år men kjekt og henge opp litt.......må bare


Petiteknit sitt mønster 


Klem

Bestemor

tirsdag 22. desember 2020

Fuglemat


Laga litt fugle mat av delfiafett rester fra julebaksten. smelta fettet og hadde oppi nøtter etc og fylte det opp i julemennformer.  Hadde ein streng i til å henge dei opp etter....
 



Hengte det opp i trollhasselen utanfor kjøkkenvindauget..... falt iallefall i smak hjå småfuglane


 Klem
Lilla dør

fredag 18. desember 2020

Og vi har pynta juletrelua


" Nå har vi vaska gulvet og vi har bør ved og vi har sett opp fugleband og vi har pynta tre" Mange julepynta tre gjere at det stråler av denne lua seier designers@strikkelisa /Elisabeth Steenks


Eg har brukt Hama perler og 100% ullgarn, Snømand´s garn. (100% ren ny ubehandla ull ) Det grønne garnet til vrangborda og dusken er håndfarga garn med litt sjatteringer i.



Eg strikka dei to minste størrelsane i mønsteret til mine prinsesser..... 



Veldig kjekke å strikke og fine vart dei. Er i grunnen godt fornøgd. Og det trur eg mottakerane og vart.



På juletrehogst på Voll juletregard







 Klem
Bestemor/lilla dør