mandag 27. april 2020

Tankestreg barnekjole


Geilsk design 2007: Strikka i orginalfagre og garn Geilsk 3 -trådet bomuld /uld 465m/100gr. Eg strikka den i str. 4 år. Totalt brukte eg 98 gram garn. De er mange år sidan eg starta,  så det er godt den no er ferdig. Det er desse ufoane eg prøver å bli ferdig med....minkar stadig i strikkekorga.



Litt inspirasjonsbilder.  Eg synes denne kjolen tok så fint opp fargane i fiolblomstrene mine. Mine favorittfargar.




Nede er det rillekant 


 Ballongfasong


Sjå dei fantastisk fine fargane


Blir lagt i gavekassa til bestemorgulla veks i den. 

Klem
Bestemor/Lilladør

søndag 26. april 2020

Boston genser


Eg har strikka genser til eldstejenta mi. Eg vant dette garnet på garnfestival i Oslo for eit par år sidan.....
se meir her om garnfestivalen :)





Fann oppskrifta i boka til Knitting Ina #bystrikk. Strikka genseren i Fat Faerytale blåturkis farge 780. Fat faerytale er 100% alpakka, børstet. Brukte 8 nøster i størrelse S.


Klar til levering. Kjekt at det etterkvart minkar i strikkekorga..... lettare å byrja på ting enn gjere ting ferdig.

Klem
Lilla dør

fredag 24. april 2020

Nyt kasseapparattrekk


 Vi har fått pussa opp kontoret på jobb og eg vart inspirert til å sy nytt trekk til kasseapparatet.  Det gamle/orginaltrekket var heilt utslitt. Eg brukte det gamle til å klippe etter:).
Sydde trekket i Kaffe Fasett stoff,  fargerikt. 


Lilla dør

mandag 20. april 2020

Surdeig


Har lenge tenkt å læra meg å bake med surdeig.... har prøvd litt før. No i påska med heimepåske og koronatider passa det godt med litt djupdykking i surdeigsbaking. 


 Sette startar frå bunnen av og eg fekk ein ferdig i tillegg, så det mangla ikkje på det..... :)


 Snart klar til steiking, brukt ei slik hevekorg til å heve brødet i. 


 Smaka veldig godt. Me bakte mange brød løpet av påska. Det eine vart meir vellykka enn det andre.



 Men merka at når kvardagen kom tilbake var det ikke så lett. Ikke pga av arbeidet men det tar langtid med mange små operasjoner.




Hadde god hjelp av denne boka, kan anbefalast....

Klem
Lilla dør

torsdag 16. april 2020

Påskehare


Har forstørra haremønsteret mitt ... starta på prosjekt i fjor. Fekk stappa den ferdig til påske og no har den inntatt plassen på terrassen. 


I prosess



Ca 120 cm lang fra fot til øyrespiss


Sydd i møbelstoff kjøpt i restekassen på Stoff og Stil.
Så den passa godt til å oppholde seg ute.


Klem 
Lilla dør

onsdag 15. april 2020

Hekla gul korg


 Hadde litt gul hampetråd som eg kjøpte i Tyskland for ei tid tilbake.... 


Såg oppskrift/bilde på nettet. Husker ikke kor . Ei stund sidan eg starta på prosjektet...... men no er den iallfall ferdig. Kjekt når ting blir ferdig. Har hatt eit mål denne våren å gjere ferdig litt av alle ufoene mine.


 Blitt til potteskjuler inntil vidare





Fin struktur.... 

Klem
Lilla dør

tirsdag 14. april 2020

Litt påskemimring i bilder


 Påske er grunnen ei fin tid.... ei heil veke ferie. Det vårast og ein kan vanlegvis få reise på hytta. Sjølv om vi måtte vere heime iår.....vart det ei fin og god påske. Fekk fine turer i nærmiljøet saman med barn, svigerbarn og barnebarn.


 Mykje påskesnop


 Pynta på terrassen med friske blomster og kranser


 Desse hønene flytta inn hjå oss.... veldig fornøgd med dei. 


 Julebusken vart påskebusk



 Mange turer på standa...fantastisk plass....



 vaffel på terrassen


 litt trim inn i mellom for nokre


 eggekoking 



Klem

Lilla dør

søndag 12. april 2020

Ein rosa påskehare med gule prikkar er klar for eventyr


Det å sy figurar som desse harene er alltid like kjekt.... alle blir ulike med sin personlighet og uttrykk. 


Denne måtte får lik genser som bestemorgulla. Hadde planer om to slike, men kun den eine er klar.... den andre kjem etter kvart. Den blir gul med prikka. Ligg klar til å bli sydd på syrommet. 


Sydd i bomullsstoff og stappa med vatt. Kleda er strikka og er lett å kle av og på for ein toåring. 
Litt fotoseanse før den vart pakka ned i påskeegget. 



Klar for bestemorgulla 



Den vart godt mottatt ...fått være med på mykje jillt som tur til Ølberg, klatra i tre, gøymeleiken etc.



Skogstur på Gausel


Klem
Lilla dør