lørdag 30. juni 2012

Sommargardiner på kjøkkenet


 Har sydd og fått opp maimekkogardinene mine. 


Eg valde to ulike typer marimekkostoff, men dei går i samme farge:) Eg er glad i panelgardiner. Er enkle og tar liten plass. 





Klem 
Lilla dør

fredag 29. juni 2012

Flott veke...snart klar for ferie


 Har hatt ei flott veke med mykje gildt. Fått lada batteria. Vore mykje ute, ganske brukande ver det likar Lilla dør.  Det å sitt i godstolen på terrassen og nyte ettermiddagskaffien ved eit blomsrende klemastis er ikkje så verst.:))))


 Gubben les seg opp til ferieturen. 


 Litt feiring har det vore, nokon har fylt år!!!!


  Nye øyredopper har eg fått!   Snella & Petronella


Fått ete middag ute kvar deg! = sommar





 Har førebudd meg på sommerarbeid. Kan ikkje reise på ferie utan at syarbeid og strikketøy blir med. Så får vi sjå kva som blir gjort.




Go´e helg
Kjekt du var innom bloggen og ekstra gildt når du legg igjen eit livstegn:)

Klem Lilla dør

torsdag 28. juni 2012

Haustkurs i Florø



 På bloggen min under ettikketen "Kurs Florø hausten 2012" vil eg legge ut bilde og informasjon om haustkurset i helga 14. til 16. september 2012 . Meir informasjon og bilde kjem etter kvart. Men fyrst skal eg ha ferie nokre veker. Eg gler meg til helga i Florø. Tenkte me kunne sy panelgardin, tepper, løper og puter i ulike fasonger. Ein eller annen figur vil nok lure seg med. Tenkte me også kunne bruke litt tekstilmaling. Sjå bilde over med haustblad på. 



Meir informasjon kjem etterkvart, God sommar !!!
Håper eg ser mange av dokke på kurshelga i Florø. 

Klem Lilla dør

tirsdag 26. juni 2012

Venninnebesøk


 I helga hadde eg besøk av to kreative venninner. Det vart ein del farting rundt på butikker, kafeer, blomstergartneri etc. Men me fekk tid til ein del kreative sysler og.....det likar me. Me hekla kvar vår ugle etter inspirasjon og ide frå bloggen til Aby quilt.  Men ingen ugler vart like då me hekla på vår måte. Gildt var det.  Kanskje blir det fleire ugler,  kven veit? :)))


 Her er mi. 


Lyn kurs i sticheri vart det og etter ynskje frå meg. Her er det eg som prøver meg på farging med fettstifter. Neste skal bli bedre. Lærte mykje bare ved prøve på denne. Det vart vel mykje farge på desse hønene. Bedre lykke neste gong heiter det visst.


 Eg var knallheldig og fekk pakker og....lilla og fine.  Mellom anna fekk eg bok med sydd omslag. Kjempefin.  Tusen takk Solveig




 Og ei kjempefin nålepute.......i lilla. Tusen takk Laila.



juni = jordbær


 Biltur på Jæren ein junidag. 


Her frå Wiig Gartneri.  Handlevogn med mellom anna cosmos sjokoladeblomst, engelsk pelagonia og scabiosa i lilla.


Gildt å ha dokke på besøk!
Klem 
Lilla dør







mandag 25. juni 2012

Nye lyslykter


 Har sydd meg seks nye lyslykter. Sydde dei i tynn lin med fargetrykk.


 Inspirasjonskilde pioner




 Her står dei på rekke å rad inne med lys i, og då kjem det fram helt nye fargar :)



Klem Lilla dør

søndag 24. juni 2012

Mollas rhododenronhage


 Teppet/brikka som eg skreiv om tidligare er ferdig.  Er sendt i posten.  



 Hadde litt bildestoff til overs og fekk sydd eit hjerte av det, det har eg tatt vare på sjølv. Eit lite minne til meg sjølv :)





 Eg sydde ein lukkekant rundt brikka med småblomstrete tildastoff. Same stoffet brukte eg til bakstykke. Skreiv tittel og dato bak på brikka. Håpar mottakaren kan nyte mange gode kaffi stunder og frokostar på brikka og mimre tilbake til sommardagane. 


 Gratulere med dagen i dag tante Molla.

Klem
Lila dør