søndag 30. april 2017

Hagesokkar /vårsokken

Har endelig fått festa trådane på vårsokkane eg strikka no i vår. Mønster og garn er frå Hillesvåg Ullvarefabrikk, design Berit Løkken. Strikka i Fjell sokkegarn  på pinna nr 4. Sokkane vart ganske tjukke .......nesten litt for tjukke, men heilt ok til mitt bruk. Goé å ha når ein sit ute på terrassen om kveldane.... er nett byrja på årets sesong for det. Har nett fått flytta inn på terrassen no når våren endeleg er komen til Jæren. 



 Klare til bruk


Eg sydde meg nye puter på terrassen i helga


 Kjekt når det varmast og ein kan flytte "ut "


 Har snopa to nye hagebøker denne våren. Det er fantastisk bare å sitte og drøyme seg vekk. Faren er vel at ein kan få for mykje fristelser.... Men denne boka, Barbeinthage, er ganske så jordnær bare ein ser mulighetene.


Las i ettermiddag om afrikansk lilje.  Eg har faktisk ei som eg har hatt i mange år men i fjor blomstra den ikkje. Håper den kjem med blomar i år. Grønn og fin var den då eg tok ho fram idag. 


 Har vore innom Wiig Gartneri i helga, måtte bare:) 


Forsatt goé helg.... 1. mai i morgon og me har endå ein fridag i sikte..... ikkje feil med langhelg.

Klem
Lilla dør

onsdag 19. april 2017

Endå fleire luer


Eg har strikka to slike luer...... den fyrste strikka eg sikkert før jul men strikka ferdig lue nummer to no i påska. Garnet har eg kjøpt hjå Ingeborg (Ullrommet). Kjempelekkert og kreativt garn :) 


Effektfullt garn


Hadde litt lite til lue nummer to med strikka inn ein anna garnrest 


Eg fann nokre små nøster med restegarn på hytta ......jammen klarte eg ikkje å få ei lue av det og. Desse tre luene blir slike hytte luer. Vi er mykje på sjøen og på tur og då er det godt med tjukke og varme luer som tåler både litt regn og vind..... 


Denne har fått ny eiger. Skal ha skinndusk.... Strikka av Hillesvåg-garn


Påskas produksjon

Klem 
Lilla dør

tirsdag 18. april 2017

Påskeegg


 Inspirert av bilde på Instagram måtte eg prøve meg på ein ny variant av påskeegg :) Skar ut åpning for tappekranen og putta vinpose oppi. Ganske dekorativt og morsomt. Passa perfekt å ha med på naustatreff i påska... 


 Klem
Lilla dør

tirsdag 11. april 2017

Påskeharer på husveggen :)


Ei av mine  håpefulle og eg har hatt påskeverkstad i skogenkanten i dag. Knalljillt. Laga oss kvar vår påskehare etter inspirasjon ifrå ei anna Kari :)


Fyrst måtte me finne oss nokre greiner i skogholtet og det var mykje å ta av....



Byrjar å ta form


Kvar sin :) Heng på hytteveggen.




Også vart det reirkrans til denne søte forvokste kyllingen som har inntatt fuglehuset no i påska... 


Forsatt god påske. Denne goasen har full kontroll.....

Klem
Lilla dør

lørdag 8. april 2017

Havrekjeks


 Heimelaga havrekjeks er i grunnen fantastisk godt. Eg plar laga det til jul og til påske. Veldig greie til ha på hytta og med på tur. Har i grunnen alltid kaffimat då :)))


Eg fekk låne eit lam kakeform av ein kollega, litt artig no til påske. I tilegg vart det runde og eggeforma havrekjeks.


Klar for påske :)))

God påske!

klem
Lilla dør

fredag 7. april 2017

Ein goé meter blafre stoff


 Dette stoffet har eg hatt liggande til modning ei stund. Det er av typen tynn voksduk men er mjukt som eit vanleg stoff, nesten. Kan vaskast på 40 grader. Passa perfekt til å sy to putetrekk til to puter på 40 x 40 cm til å ha ute på benken på hytta.  Slik at ein, sjølv om det er litt vått i veret kan sitje tørt og varmt med kaffikoppen på steinbenken. Se fram mange gode stunder der......


Eg sydde putene slik dei er lette å ta av og på innerputa.


 Strikkepose som tåler litt .....




Blafre-mønsteret er designa i Oslo og blir seldt i begrensa mengde.... 
Mønsteret er så fint i seg sjølv at det kjem best fram i enkle produkt:)


Gleder meg til å innvie dei i påska. 
Klem
Lilla dør

torsdag 6. april 2017

"Strikkekoppar"


 Dei to siste gangane eg var i London snopa eg desse koppane ( og det er fleire år sidan). Eg har dei til vanleg har i hagehytta, men måtte ta dei inn her om kvelden då "Løsmaskene" var samla til te, kaffi og strikk.


 Koppane er frå Brora McLaggan Smith Muggs Scotland






 Eg har litt :) dilla på koppar/service og servietter påstår dei som kjenner meg.  Men noen laster må ein ha tenker eg.


Løsmasker er ein kreativ og ivrig strikkeklubb. Kjekt når ein kan utveksle og lære av kvarandre.  Denne kvelden fekk me lært oss korleis strikke sjal der ein kan strikke frynsene samtidig.  Tusen takk!!!!

Klem
Lilla dør

tirsdag 4. april 2017

Takk for kreativ og jille helg


Sist helg hadde eg besøk av døtrene mine.... knalljilt med slik jentehelger.


Me sydde kvar sine to puter i den botaniske stilen.... eg hadde kjøpt stoffet på Stoff og Stil tidlegare i vår.




Av ein liten rest vart det ein liten strikkepose. Eg diggar desse små posane til småstrikk. Når ein har masse arbeid på gang trengs det og :)))


Lørdag hadde ei av prinsessene besøk av ei venninne som trengte eit bilde til soverommet. Eg over drive ikkje, men i løpet av 20 til 30 min hadde ho fått malt dette lekre bilde i nydelige fargar.



God mat er viktig slike helger og.


Mykje tid til strikk vart det.


Tre kafebesøk vart det og tid til i løpet av lørdag og søndag.


Lunsj på Ostehuset


Kunstutstilling på Hå Gamle Prestegard
utstillinga Multiply - mitt hjem
Norsk Kunsthåndverkeres temautstilling




Kaffi besøk til besteforeldre/svigerforeldre vart det og tid til. Kjekt med felles interesser...håndarbeid.

Takk for innhaldsrik helg og mykje inspirasjon og glede!

KLEM

Lilladør /mamma