torsdag 31. desember 2015

Godt nytt år!!!!!


 Me bilde frå romjula 2015 ynskjer eg dykk alle riktig godt nytt år. 
Takk for det gamle!
Håper på mange kreative og gode stunder saman i 2016. 






Nyttårs klem
Kari
Lilla dør

onsdag 30. desember 2015

Kom til julepynta og oppvarma hytte...fantastisk


Lillejulafta kom me til hytta..... kjempe velkomst med fyr i ovnen, levandelys var tent og juletreet på plass. Kan tru det varma og vart ein gode opplevelse for oss alle.
Som dokke ser hadde nokre andre sett det som si oppgåve å pynte ute...... sjeldan fint tre ute med glitter  og julekuler. 


juletreet var på plass i stova klar til pynting


Lys i kvar ein krok


knallfint juletre...tusen takk


Dette fine treet stod på trappa og sa velkommen :)



Dette blinkande juletreet stod på tak på hytta festa i pipa. Godt me ikkje har epilepsi....for det blinker godt. Det har stått på heile julaehelga.





Då snøen kom andre juledag vart det riktig så fint med julekuler, glitter og snø.




Takk til gode venner og familie for varm velkomst. Heim til jul er det vist noko som heiter :)

Juleklem
Lilla dør

Jule- og desemberstrikk i familen:)



 Eg ser og det kjennes godt. Dei håpefulle er snart meir strikke gale enn meg sjølv......dei strikkar og kosar seg med det. Denne gule genseren har ei av mine prinsesser strikka ferdig no i juleferien. Vart kjempe lekker på ho.


 Kompelompeskjørt har den andre prissessa strikka ferdig no.
Knallfint.


 Same prinsessa har strikka denne svaledanslua. 


Desse tøffe og flotte "skitt fiske" sokkane har svigermor strikka til meg. Legg merke dei fine fargane ho har brukt. Det må bare bli hyttesokkane mine.


 Her er det nissegubbelue som blir til. Strikka også ved bålpanna så dette må jo bli ein ekte kubbenisse også med lukt:)




Ho klarte å bli ferdig med den og......


 Desse to laga eg i romjula...den eine skal flytte til Eikefjord. Eg fann ein perfekt heim til den der. Den største gubben her er ca 40 cm høg og minst 14 cm i diameter. den blir nok ståande er på hytta, den høyrer heime her. 


 Eg har ei strikkeglad og flink tante som har passert dei 90 men strikkar som aldri før. Lager eigne design og mønster. Eg er so heldig at ho stadig fyller opp lubbe korga mi her på hytta... noko eg er veldig takknemlig for. 


kjempefine og knallgoé



Ha forsatt ei fin romjul med eller utan strikk....

romjulsklem
frå ei stolt mamma

tirsdag 29. desember 2015

Nytt sengeteppe til jul


Eg har sydd meg nytt sengeteppe på hytta av ulike rødprikka stoff og kvitt stoff med julemotiv i rødt. Teppet vart ca 2x2 meter. Eg brukte ullvatt slik at det vart ekstra lunt og godt og lett.


Me fekk tatt det i bruk sjølv om det spøka for det. Eg har problem med symaskina mi. Så dette er quilta på ei gamal avsatt maskin men eg kom i mål. Må være ærleg å seie at har ikkje fått lagt til lukkekanten ennå....så får vi sjå kva tid det blir. Men ellers er eg veldig fornøgd med teppet. 




Jillt med langsom start på dagen når ein har julefri og er på hytta:)


Ut i snøen med det ......til ære for fotografen


Langnisse luene eg strikka til dei håpefull for mange år sidan er komne til heder og ære som pynt i gangen. Dei har faktisk vore i bruk og. Var varme og gode då me var ute og steika vaflar her om dagen på bålpanna.



Me såg spor etter nissen ute og. Før vi kom på hytta hadde han vore der.....skal legge ut eige blogginnlegg om kor fint han/dei hadde pynta ute til jula for oss.


Juleklem
Lilla dør

mandag 28. desember 2015

Strikkeposer


Eg sydde fleire strikkeposer til julegåver i år..... fekk fatt i koselige sauestoff i haust.



Nokre fylte eg med strikk.  Slik som desse med oppskrift og garn til luer..... kjekt arbeid i romjula.




Denne har eg sjølv....får aldri for mykje av strikkeposer

Eg kjøpte strikkhåndduk på jobben...som var strikka i to tråder bomullsgarn. Eg sydde hempe på den og så vart det ein perfekt gjestehåndduk på badet i jula.


Nokre fekk aktivitetspakker der dei fekk ei utfordring, det er alltid jillt å gi, iallefall viss eg veit  at mottakeren liker det...... gleder meg til å sjå resultatet.


Romjulsklem
Lilla dør

tirsdag 22. desember 2015

Førjulstemning i heimen



 Adventskos er viktig... tid til å senke skuldrene og bare være der kaffi, påskjønnelser 


 Eit av mine mange "juletre" . Dette er juletre av kakebokser :).
Har fyllt oppi favoritt julekjeksa og  er klar for hytte jul


 grønt og kongler gir litt røff og goé stemning spør du meg.....







 glimt frå yttergangen




Gåve


Frå ei av mange gode stunder rundt kjøkkenbordet


Klem
Lilladør