tirsdag 31. mars 2015

Klar for påskeferie


 Eg er ferdig med kyllingane eg strikka etter oppskrift og materialpakke frå Idestova på Bryne

 Ein liten luftetur ut i hagen


 Var veldig kjekke å strikke. Sjølve kyllingane er strikka deretter tova. Dei andre delene som ryggsekkk. luer og sjerf vart strikka uten toving 


 Klar for den store verden :)



 god drøs



Ha ei fantastisk fin påske!
klem

Lilla dør 

lørdag 28. mars 2015

Gult er kult også som ei lita veske :)


 Hekla meg ein litt pung etter mønster frå strikkegalleriet på Sandnes.  Hekla den i gult bomullsgarn. Likte godt oppskrifta ein kan hekle den liten eller stor alt etter ynskje. Det blitr nok fleire av dei i ein eller anna form



 Gulfargen kom godt fram ute imorgonsola på trappa


 Eller den kan brukats til eit lite reir i påske for liten pjuskete kylling



 Kor vart kyllingen av tru?


gult er kult


smak av vår her saman med iris 


Klar til bruk i gangen eller og som inspirasjon til å hekle fleire i påska. for min del blir det hytte for alle "pengane" maling og montering av kjøkken. Gleder meg, det blir kjempe kjekt! 

Påske klem 
Lilla dør

fredag 27. mars 2015

Pågangsmot som guttane mine seier


 Det store påskeegget er fyllt opp.... klart som "pågangsmot" til siste innspurten før hytta er klar..... Kopling av sikringsskap, montering av kjøkken og maling er litt av det som står på programmet dei fyrste dagane i påska. Håper og trur me kjem i mål.


På jobben til gubben har dei som tradisjon å dele ut slike dimisjoner av påskesnop...... iår kjem det kanskje til sin rett....de må gjerne komme innom på smaksprøver og kaffi i Skorane. 


Føreløpig er egget overvåka av desse bestemte kaninene:)))
Ha ei fin palmehelg!

klem
lilla dør

torsdag 26. mars 2015

Ny trend? Påskeaktivitet?



 Bitt av ny basill eller???  Har iallefall alltid likt å fargelegge og dette tenkte eg kunna være eit fellesprosjekt for familien i påska når me må ha pause for skruing, maling etc. 


Masse fine tegninger...... måtte prøve litt i dag. Resten må vente til hyttelivet.



I omtalen av boka står det mellom anna: I boka "er det ikke plass til mas og høye skuldre, så skap noe vakkert, samtidig som du lar tankane vandre og hverdagsstresset seile sin egen sjø." Høyres iallefall fantastisk ut..... det er ferie like om hjørnet.


Så no er det fram med dei gamle fargeblyantane:)




Men den fyrste delen av påska blir vel desse penslane mest brukt,  Det er nokre vegger som venter.

klem
Lilla dør

onsdag 25. mars 2015

Var ein liten tur innom syrommet:) sist veke




 Ein Bomull/linhåndduk er sydd om til strikkepose.


Har fått ny eier :)


 Eg sydde glidelås i den slik at strikket blir halden på plass når ein dreg det med seg rundt om på tur  eller i forening etc.



Ha ei fin vårveke med eller utan strikk

Klem
lilla dør

tirsdag 17. mars 2015

Solgaranti


 Eg har hekla nokre bordskånarar, bordpynt eller brikker til påske. Vart inspiret av ei på Instragram. Oppskrifta fann eg på ein link der; makeandtakes.com,   Crochet Sun Coasters.


 Eg hekla dei i bomullsgarn. 
Her har eg spreidd dei utover ein benk på terrassen i går i ettermiddagssola.



 Dei var enkle å hekle.




 Vitamininnsprøyting.....



Kjekt når ein kan sette seg ut i sola etter arbeid og nyte våren medan middagen kokar. Det liker eg. Ekstra jillt når ein då har så frisk gul tråd å hekle av......... fekk ein inspirasjon og ide her ein dag.


Ha ei fin vår veke forsatt!

Klem
Lilla dør

søndag 15. mars 2015

Endeleg livstegn igjen



 Det å starte lørdags morgon med lang og go´e frokost.... for så gå ut på trappa i sol og få tid til endå ein kopp med kaffi og nyte vårblomstrane eg har snopa til helga......kan det bli bedre? Har har hatt ein travel etterjulsvinter med opppusssing av hytte og mykje reising dit. Sjølv om det er jillt, krev det energi, så då er det godt med slike late helger inn i mellom.


 Hadde ein del me måtte ordne på lørdag på butikkane pga innspurt og klargjering av hytta til påske.  Innom ulike butikkar... så måtte me jo ha kaffi pause. Me var innom CoffeBerry som nettopp har opna i Stavanger. Eg likte godt industristolane dei hadde der mellomanna. Kunne ha hatt nokre slike:)
Kaffien var kjempegoé. Kan anbefalast.


 Si det med fargar er det visst noko som heter.


 Me fekk og prøvd oss på hagelivet igjen Fekk til og med byrja å klippe og tynne i bærbuskane etc.
 I grunnen strekk ikkje tida til. Kan det være eit luksusproblem?
På lørdagskvelden var vi invitert ut til gode venner. 


Vår i lufta.


Eg held på og vasker og trekkjer om deler av hyttesofaen. 


 Litt kreative sysler inn i mellom. Fekk laga litt vår i stova.



 Påskeliljer, forsytiagreiner og fugel.


No er eg klar for litt strikk og hekling. Så no er "påskekofferten" kommet fram med ulike gule prosjekt.



Desse to koppane og fatet pluss nokre koppar til fekk eg her om dagen av ei vennine. Tusen takk:) 
Ellers så må eg bare minne om at eg har veldig lyst på meir av dette serviset. 
Er den noen som kan hjelpe meg?? Ta kontakt!
Eg kjøper gjerne viss du har til salgs.
Ha ein fin søndagskveld med eller utan kreative sysler. Her blir det strikking og festing av tråder på "solene" mine.
Klem
lilla dør