torsdag 28. november 2013

Adventspakkar




Eg synest det er jillt gi nokre småting til nyte og hygge til mine håpefulle no i adventstida.  I år laga eg  den eine gåvesekken av ein stor kjøkkenhåndduk:).  Dei andre gløymde eg ta bilde av før eg sende dei......så bilde kjem etterkvart. Til dei andre brukt eg eit brodert putetrekk med glidelås slik at det kan  brukast etterpå. Koma til nyte og pynte opp i advent og juletida.


Takk til dokke som legge igjen livstegn på bloggen. Det gir inspirasjon.
 Velkommen til nye følgere.

Ha ei fin førjulstid.
Klem
Lilla dør

mandag 25. november 2013

Idag startar det:)



Minner om at idag startar salgsutstillinga på Frida Hansen-huset. Eg har ein del produkt til salgs der. Sjølv skal eg ha vakt siste delen av onsdagen.

Håper du har lyst å ta turen innom!

Klem
Lilla dør.

lørdag 23. november 2013

Venninnekveld ein fredagskveld med stichery




Me hadde kjøpt kvar vår pakke med julestjerner frå Cathrines qulitestue. Der var det ferdig påtegna motiv på lysgrålig lin. (Men må bare få sagt det med ein gong dette skal ikkje være ferdig denne jula:))) 


 Jillt med slike felles prosjekt og jentekvelder


Føreløpig ligge sticheriet i posen klar til neste anledning. Nett no er det førebuinger til jula med litt julegåveproduksjon.


Forsatt god helg ynskjer eg dokke med ei av mange fine roser eg vert så heldig å få denne helga.

Tusen takk!

Klem
Lilla dør

torsdag 21. november 2013

Lilla hals



Sydd to halser. Av lilla batikkstoffer. Den eine har eg sydd av tricot og batikkstoff 






Jillt du såg innom.
Desse halsane har eg tenkt å selge på Frida Hansenshuset siste veka i november.   sjå her

Klem 
Lilla dør

onsdag 20. november 2013

Snømannsokkane


Me hadde sokkaklubb ei tid tilbake hjå meg. Det var ulike tema og då laga eg mellom anna desse vintersokkane. Eg la bilde ut på instagram igår og fekk kjempe respons. Tusen takk,det varma. Eg fekk og spørsmål om mønster. Så no lurer eg på om eg skal lage og selge mønster på snømannsokkane etter jul viss det forsatt er interrese :)

Har tidlegare laga og selger mønster på desse Ladysokkane:
meir innformasjon her


Har forsatt på lager mønstera på Ladysokkane vist ein ynskjer dei :)


Har du lyst på mønster på snømannsokkane?

Klem
Lilla dør

tirsdag 19. november 2013

Pakka og prisa tingene mine


 Idag kom den fyrste snøbyga .......i grunnen litt koselig sjølv om det er surt. Men veret passa perfekt til meg som har prisa og pakka varene som eg skal ha på Frida Hansen huset i neste veke.



 Litt av produkta, litt søm og litt strikk :) Håper du tar turen innom utstillinga.



Klem
Lilla dør

mandag 18. november 2013

Eg var innom endå ein fantastisk flott garnbutikk i København


 Denne butikken kjente eg som nettbutikk se her og medan eg var København oppdaga eg at den låg der:). Mykje fint og ein inspirerde butikk med prikken over ien. 


Desse sauene falt eg for.......dei hadde materialpakka på dei.


 Rasmilla`s Yndlingsgarn,  les om garnet her 56 farger var det å velge mellom. Så då måtte eg jo kjøpe med garn til denne jakka som eg hadde lyst å strikke som var i dette garnet. Eg valgte lilla i bunn og fargestriper i multicolor slik som i oppskrifta. Gler meg til å strikke den, men det må eg vente til eg har fått unna julegåvene +++


Oppskrifta står i boka "Mange masker " ei strikkebok med 24 strikkedesignere frå Danmark.  Jakka eg valgte er det strikkedesigner Rachel Søgaard som står bak.


 Eit sjal (tulipansjal) og ein hals vart det og mønster og garn til. Ifrå Hjelholt`s uldspinderi på Fyn. Mjukt og garn i friske fine farger.    Ein ullblanding av Merino og Gotlansk Pelsull.


 Her sauene som ventar på å bli produserte:)


 Lørdag var det julegateopning i sentrum og avduking av julevindaugene på Illum magasinet. Desse hønene er bare eit bite lite glimt frå det. Det var til og med snøkanon som spruta ut skum-snø frå taket......Ein var igrunnen nød å komme i julestemning. 



Også var eg innom ein av mine mange favorittbutikker  Marimekko:). Der og var det mykje jul.

Takk til nye følgere. Alltid like kjekt og det gir inspirasjon.
 Takk for tilbakemeldingene:)

Goé kveld videre
Klem 
Lilla dør

søndag 17. november 2013

Salgsutstilling i Frida Hansen-huset i Hillevåg


 Siste veka i november skal eg ha nokre strikka- og litt sømprodukter til salgs på Salgsutstilling i Frida Hansen-huset saman med andre medlemmer i Svithun Husflidslag.

Eg vil mellom anna ta med desse produkta pluss ein del andre ting som eg har strikka på maskin, slureteppe i lappteknikk, strikkeposer etc. 




Truseposer til ha dei reine trusene i når du er på tur


 Ulike luer


 Ulike halsar både sydd i stoff, strikka for hand og maskinstrikka


Jærputa frå Borestranda


Hjarteleg velkommen!

Klem
Lilla dør

lørdag 16. november 2013

Fleire luer


 jillt med litt tid ved overlockmasina. Den eine lua etter den andre blir ferdig.


 Klare til salgs



Ulike farger og mønster. Jammen er det mange fine tricotstoff for tida på butikken. Nesten litt farleg for osss som likar stoff:)

Klem
Lilla dør

torsdag 14. november 2013

Københavntur



 Gubben har invitert meg på tur igjen:). Nett no er me i København. Ein levande og jille by.


Har vore innom Sommerfuglen garnbutikk, mykje jillt, men eg klarte å vera forsiktig. Kjøpt nesten ingen ting. Kun to nøster garn pluss to bøker:).  Men eg henta mykje inspirasjon og det er viktig.


 Dei hadde mykje av Bente Geil. Eg fekk sansen for ho etter at eg var på to workshopar  medan ho var i Stavanger i oktober. Sjå her


 Jillt når dei pynter utanfor kafeane og butikkane. Dei fleste plassane er det full jul no. I morgon opnar Højbroplass sine juleboder. Eg kjem til å kome i julestemning før vi reiser herifrå:)

Hadde meg ein dansk lunsj idag med smørbrød.


 Mange fine strikkebutikker i københavn. Uldstedet har nettopp flytta og opna ein ny fin butikk på  Nørrebro.




Hyppige kaffipausar er viktig.


 Royal Copenhagen har ein erverdig og flott kaffe. der ein kan kjøpe kaker eller smushi (små smørbrød.  Er verkeleg verd eit besøk når ein er i København. 




 Illum er pynta til jul. Fantastisk stjerne pynt. Kan ei forklarast, må bare opplevast.


Ha fin kveld. 
Klem 
Lilla dør