torsdag 28. september 2017

Avkobling på syrommet


Kjekt å kunne finne inspirasjon til å ta seg litt tid med symaskina.....har mange lyster så får vi sjå kva det blir til:). Eg sydde desse mappene her i veka..... heime åleine kveld.
  Mappene i ullfilt med haustblad.  Valgte å ha lilla glidelåser. 
Eige mønster og idé.







Så  sydde eg ei firkanta mappe/bag til å ha ulikt babyutstyr i som til dømes ekstra bleier +++
Kjem nok til å sy fleire av denne typen i andre størrelsar. 
Takk for inspirasjon til ei kollega som gav meg link til mønsteret og til og med stoffet fekk eg. Tusen takk!!!!


 mønsteret fann eg på Youtube, søkte på  Melanie Ham.


Klar til å gjevast bort..... som sagt venter eg på å bli bestemor........

Klem
Lilla dør

onsdag 27. september 2017

Bestemor søm og oldemorsteppe




Eg har sydd dynetrekk og pute trekk til vogga,  frisk stoff frå stofflageret. Kjøpte det i Danmark i si tid. Stoffet har lege på modning.....


Jillt å kunne sy på merket "Laget av bestemor".... snart ein nye livsepoke. Gleder meg veldig!


Her er det på plass i vogga! 


Dette vogn teppe sydde mi mor til min eldste son som no skal bli far. Teppet er like fint no etter å ha vore brukt til mine ungar. Teppe er ca 29 år.


 Vognteppet er håndquilta. 


Vaska og klart til å takast i bruk igjen.

Klem
Lilla dør

tirsdag 19. september 2017

Heldige meg


 Var ein tur ut hjå svigers i helga ... fekk med oss masse plommer..... fantastisk kjekt, så no blir det plommesyltetøy.


 Måtte få litt på kok no med ein gong. Resten av plommene fraus eg. Eg liker best å fryse plommene før sylting slik eg kan ta av skinnet før eg koker syltetøy.....  Det er lettare å få det til når plommene er frosne.


 Det vart ein kjempe godt test av syltetøyet i helga..... det høyre hausten til med plommesyltetøy. 




Tusen takk til svigerfar for plommene og til gubben som plukka dei til meg. 

Klem
Lilla dør

søndag 17. september 2017

Kurshelg med Merete


 Kurs helg hjå Quilt & Sånt på Bryne. Merete frå Meretes Quilteloft lærte oss quilting med linjal og syfot nr. 72. Knalljillt,  men det trengs litt øving, sjølv om frihandsquilting har vore noko a det jillaste eg har gjort i quilteverden :)


 Tegning og øving må til og ;)
sjølv om det er kjekkare å sy .......blir meir konkret då.




 God lunsj fekk me og...... pluss masse kaffi:)


Godt å ha noko å strekke seg etter.....her ser vi litt av Merete sine arbeid.


 Øving gjer meister etter kvart.



i aksjon



Takk for jille syhelg!


Klem
Lilla dør

mandag 11. september 2017

Besøk på syrommet = stas


I helga hadde eg besøk på syrommet av den eldste dottera mi ... knalljillt. Ho sydde to tepper til barselpresang til venniner. Ho har sydd mange av desse. Knallfine i lin. 


 Blå eller rosa stikning om det er til gutt eller jente.


 Klar til å gi bort


Klem

Lilla dør

søndag 10. september 2017

Litt småsaum med overlockmaskinen




 Eg snopa litt stoff og mønster då eg besøkte Lappelykke i sommar. 


Koselig quiltebutikk på Randaberg.



 Kjekk og snar å sy. Hadde akkurat nok til to "korger" av den pakken eg kjøpte. Små korger til å ha ting og tang i...


 Eg sydde dei nesten ferdige i sommar men dei har blitt liggande.  I dag har hatt nokre oppryddningstimar på syrommet. Jillt med det som blir ferdig.


Sydd dei ferdig ute i haustsola på terrassen i  dag.
Designs Lazy Girl



 Klare til bruk!!! 

Klem
Lilla dør

mandag 4. september 2017

Oslo Design Fair


Sist torsdag var eg med ei av døtrene mine på Oslo Design Fair. Ho hadde saman med tre andre vunne Røros Tweed sin designkonkurranse. Teppet dei vant med vart lansert på messa som ein del av Røros sin haustkolleksjon i 2017. Fire fargeversjonar kjem teppet i og er no i handelen.

Her ser dokke designeren og teppene :) Røros Tweed hadde laga banner av det ein teppet.



Kjempefin messe



Gjertrud var med i sofaprat med Grete Sivertsen frå Oslo Design Fair, designer Torbjørn Anderssen, Erling Digernes frå Røros Tweed og Runa Boman frå Norway Design. Der snakka dei om prosessen frå ide til ferdig produkt. 



 Katalog/hefte om messa.


Stod ein artikel om jentene i heftet....kjekk lesning for ei stolt mamma :)

Klem
Lilla dør