søndag 31. januar 2016

Grafikk


Me fekk to flotte grafikkbilde av yngste jenta til jul. Kjempe fine. Ho hadde brukt to ulike teknikker med likt motiv. Det med mest detaljer heiter koldnål og det andre kollografi.




Gratulerer med dagen Gjertrud!

Stor klem frå stolt mamma

lørdag 30. januar 2016

Små veske/posar til ting og tang


 Var i klubb sist mandag hjå ei syvennine i Stavanger. Då blir ein alltid inspirert. Mellom anna viste ho små vesker til ha smykker / ringar etc i. For ikkje å gløyme korleis den var bretta vart eit stykke serviett mønsteret. På torsdag fekk eg sydd 4 stykk. Veldig kjekke å sy.


 Kvar mønsteret kjem frå er eg usikker på. Men det er iallefall ikkje mitt, men desse blir mine varianter. Eg sydde dei ulike størrelser frå ca 5 x 5 cm ferdig til ca 10 x 10 cm ferdig mål:)



 Fine til ha ringar etc i desse minste......


 til smykker etc


 Eller ha som gåveposer viss ein skal gi små gåver eller pengar.


 Spennande og kjekt å prøve ulike stoff og fargar.... blir nok fleire av dei. 


Ha ein fin laurdagskveld.

Her er det goé mat snart og strikk.
 Fann eit kjekt mønster/ide på nettet no. Måååååå bare prøve det. Sjølv om eg hadde lova meg sjølv at eg skulle gjere ferdig noko før eg starta på noko nytt. Men det fine med dette eg skal starte på i kveld er at eg kan bruke restane mine. då må jo det være lov.

Kanskje eg kan ha ein hyttekveld eller to med det og....
var kjempe tøft.
Tusen takk for alle fine og gode tilbakemeldinger på dei siste innlegga på bloggen, facebook og instragram.

klem
Lilla dør

fredag 29. januar 2016

Nokre glimt frå strikkekvelden i hagehytta på onsdag



Klart for strikkekveld og drøs.


Kva er vel ein strikkekveld utan kaffi og te? :)


Mine 




Litt utstyr til montering av dei strikka vinterdokkene...


Ryddig bord då me starta men etter som aktiviteten auka på vart det nokså innhaldsrikt bord med nåler, trådrestar, te, saks, ull, briller, sjokolade etc......


Tusen takk Ragnhild for fantastiske pizzasnurrar...dei var fantastisk gode......



Sjå alle dei flott vinterbarna som såg dagens lys den kvelden:)
Alle laga kvar sin. Dei vart kjempefine.






Dei fleste var heilt ferdige noen mangla litt på lua.....


Klem
Lilladør

torsdag 28. januar 2016

Heile gjengen :)


Heile familien samla.....til foto 
Eg har kosa meg med å strikka desse vinterbarna/ snøbarna denne veka .. ..kjært barn har mange namn. Men uansett har det vore kjekt sofastrikk. 



 Her er dei klar for hyttekveld med strikkedamene...det kjem meir frå den kvelden i morgon på bloggen.





 Eg brukte ulike restegarn i vinterfargar. Nokre av kroppane har eg strikka på strikkenmaskinen.
Hodene er ullball med tricot stoff rundt.




Takk for at du såg innom bloggen.
Ha ein kreativ og jille kveld....her går  det  i litt meir stikk. Det er gult på pinnane i kveld.  


Klem
Lilladør

tirsdag 26. januar 2016

Førebuinger til hyttekveld i hagehytta med mysterie-strikk :)



Eg har invitere nokre strikkeglade damer til kreativ kveld i hagehytta. Inngangsbilletten er at dei skal strikke  ei remse på ca 12 cm x 32 cm i kvitt elller grått. Og ha med seg tynt ullgarn i vinterfargar.
Det er hemmeleg kva dei skal lage den kvelden, så eg skal legge ut bilde i slutten av veka som viser kva det blir til :)



 Alle årstider har sin sjarm, og det jillt å pynte og være i vinterland no når me også kan glede oss til meir fargar og vår:)







 Eg valgt ulike strukturer i stikket.  Strikka av ulike rester eg har av ullgarn i vinterfaga og det vart meir enn ei remse hjå meg......



Tusen takk til dokke som er innom bloggen og legg igjen eit spor. Eg set stor pris på det. 

Klem
Lilla dør

lørdag 23. januar 2016

Føremiddagskaffi på terrassen, det liker eg!


 Det å kunne ta kaffikoppen med ut og senke skuldrene og bare være der
 og nyte dagen er jo fantastisk .... kan det bli bedre på ein laurdag i januar :)?



 Forsatt kaldt, men snøen er i ferd med og forsvinne. Det er litt yr i lufta men med halvtak over går  det godt. Det går an å ta på seg ein ullgenser.


 Eg har pynta litt opp ute på terrassen igjen ......litt vinter-inspirert no med dei gamle skøytene til jentene mine. Ei stund sidan dei var i skuddet og passa.
Men gjenbruk er visst tingen, så no gjere dei nytte som pynt.


 Jillt med hage hytte som kan brukast året rundt.... sette på varme no. Har planar om å bruke ho denne veka.


Snøkrystaller, hekla og stiva.

Laurdagsklem frå 
Lilla dør

fredag 22. januar 2016

Sew together bag


Sykveld saman med gode sy-venninner er alltid ein fulltreffar. Kveldens mål var ein sew together bag..... kom i mål:)


 Me hadde skore opp alle delene før vi kom til Elisabeth. Og når noen har sydd den før var det ein leik. Men eg sa at eg reiser ikkje heim før eg hadde kontroll og den var samansydd. Kom som sagt i mål. Hadde til og med god tid til eit betre måltid mat.... Fransk løksuppe med kylling. Fantastisk!


Slik såg den ut då eg kom heim om kvelden.


 Heile sju innerrom. 


 Tre med glidelås.


 Klar til bruk. 
Eg må nok sy ein til.....trur eg. 


Eg valde lilla på alle fire glidelåsane.

Tusen takk for gilde kveld. Gleder meg til neste. Kjekt å sy i saman.

Tusen takk for gode tilbakemeldinger og velkommen til ny følger. Alltid like kjekt.

Klem
Lilla dør