søndag 21. juni 2020

Marimekkobrikker




 Fire store kurvebrikker. Hadde grønn lukkekant på tre av dei, men mangla litt til den fjerde. Den vart blå. Eg synest det er heilt ok at dei er litt ulike. Kjekt å bruke fra stofflageret (for det er stort) :))


Sommerbukett fra staudebedret mitt


 Mugrugs



 Eg quilta dei med symaskin.



 Fargerike marimekkobrikker. Klar til bruk. Kjekt med friske sommarfargar til sommarbordet.


 Sommarkveld på terrassen


Klem
Lilla dør

onsdag 10. juni 2020

Kjøpte meg litt nye puter på terrassen


 På lørdag var eg innom handelssenteret på Klepp. Mellom anna hjå Kid Interiør. Fann masse kjekke puter til 50%, det liker eg ...kupp som eg plar seie :)) Betalte nesten ikke meir for ferdig sydde puter med  trekk enn eg til vanleg ville  ha betalt for innerputene viss eg skulle ha sydd sjølv....
Det var månadens reklame.


 Desse lange fine putene  med bilder som kunne vore tatt fra stranda rett ned forbi her.... Jærstrendene (minna meg veldig på dei). Eg kjøpte med litt breitt bendelbånd aom eg syddepxå til håndtak på putene, så kan eg henge dei som "bilder" på veggen når vi ikke bruker dei som sitteputer på benkene eller i trappa på terrassen.
Kjøpte dei ensfarga og. Dei var det hank på. Dei putene er sydd i vannavtøytande stoff, perfekt for vestlandsværet då benkene stå ut utan tak. I tilegg kan dei då hengast vekk når dei ikke er i bruk på ein lur plass  :) ....kanskje. Ennå ligge dei på terrassen me få se kva det blir til :)




 Klem
Lilla dør

søndag 7. juni 2020

Hagehelg pluss pluss


Hagehelg :) Veret var bedre enn frykta. Me fekk vera ute og rydde og nyte hagen. Eg fekk til og med sydd litt på symaskina. Det er lenge sidan, føler eg.......... har vist hatt koronafri. ( eller mangel på energi) sjølv om det er syrommet som ofte gir meg meste energi....


Har lenge tenkt eg skulle lage ei enkel scrapbook for hagen, der eg kunne skrive ned namn på ulike planter eg kjøper. Namn på planter eg ynskjer i hagen, ideer, tips, kva tid eg sår ulike frø osv. Eg kjøpte ei enkel tengebok til kr 80,- hjå den lokal bokhandlaren og så sydde eg eit grovt lintrekk til den. Vart med ein gong meir hagepreg på den. Denne sydde eg på lørdag pluss ein lita mappe a resten av stoffet.


 Gummistrikket eg har rundt boka sydde eg fast på trekket slik at viss eg har lause deler i den held det seg kanskje på plass.



Litt plantetips, litt kvitteringer .......... 


 Endå eit prøveprosjekt.Har sådd masse erterblomster i år. både fleirårige og ettårige. Dei ettårige har eg planta midt på plenen nesten. Tanken er at dei skal veske rundt dette pilstativet . Kanskje kan det bli ei kule av erteblomster.



 Gler meg til mange og gode dager i hagen og på terraasen.  Livet er ofte best ute.


Sukkulenter er  enkle og fine blomar mellomanna på terrassebordet


Dette bålfatet kjøpe eg i fjor, no i år har eg malt det svart inni med maling med rustsopp i .... vart veldig fint håper det held seg slik.

Klem
Lilla dør

torsdag 4. juni 2020

Nye brikke til kjøkkenbordet


 Hadde litt marimekkostoff liggande. Planen var nokre brikker til kjøkkenbordet, men det har tatt si tid. Eg har halde på med denne lukkekanten veldig lenge. Blitt lite håndarbeid, men eg håper stadig at lysten og gleden til å sy kjem igjen snart. Dagens hjertesukk.


 Enkel quilting har eg brukt, der eg bruker syfoten som linjal.


 Så var det bare denne lukkekanten som skal syast til for hånd. Kjekt sofaarbeid. Blir bra trur eg. Likte godt den grønne lukkekanten på dei.


Klem
Lilla dør

tirsdag 2. juni 2020

Prøvestrikk av bamse



Veldig kjekk å strikke.....kjekt med noko der det skjer noko nytt kvar strikkeomgang. Spesielt når eg i tillegg har eit rillestrikkteppe på gang. 


Mønsteret er ein kombinasjon av mønstrene; little cotton rabbits og knitted animal friends
av Julie Williams 


Kan bli fleire av dei.... no når eg er heldig og ventar endå fleire barnebarn :) ....kanskje rekke eg ein av desse eller bare ein. Til pynt på barnevogna etc..... bare tida og kreativiteten som set ein stoppar. Morosamt å strikke iallefall.


Klem
Lilla dør