tirsdag 28. april 2015

Dokker, det liker eg


 Eg hadde ein periode der eg laga mykje dokker av tricot og ull. Forma hodet og sydde kroppen. Eg gjekk til og med i eigen dokkeklubb.... Klubben er der ennå men me syr andre ting no. Eg har fått lyst til å ta opp igjen dette nå. Har kjøpt ny bok med mønster og idear. Det må bli eitt av mine neste prosjekt:)


Dette er ei av mine små dokker, dei fleste har eg gitt vekk. 


 Denne rekka laga eg til junioren på bagvogna hans. Husker eg hadde vognteppe i dei samme fargane og same stoff:). Ei stund sidan det no.



Lenka er  blitt til pynt og minner. Skal nok utvikle og lage fleire av desse og... men det er den tida. Må visst berre ta tid for å få gjort noko. 


Ha ei fin veke. 
Takk til deg som såg innom. Alltid jillt når dokke legge igjen eit spor. 

Klem
Lilla dør

mandag 27. april 2015

Utforsking av data- og broderienheten på symaskina mi


 Har gjort det før.......men eg måtte grave litt i dei grå før det kom:) leeeenge sidan eg prøvde meg på broderidelen på symaskina mi. Og eg har så mykje å lære...... Må nok på youtube og sjå.  Men eg var fornøgd med at eg tok tida og gjorde det igjen i kveld....kjempe jillt og interessant. Har planar og lyst å skrive litt tekster på det eg syr.


 Men eg fekk no sendt det frå dataen til symaskina. YES!!!!


 Maskina broderer ut motivet. Skal bruke det på ei pute er planen.






Greit å sitte og få kurs på nettet med meir kunnskap korleis eg kan lage tekst og motiv sjølv medan maskina broderer :) Liker det:)


Broderte ut to motiv med teksten "Life is beautiful". Eitt i lilla og eitt kvitt.  Sjølve teksten tok det 26 min å brodere.

Hjarteleg takk for alle kommentarar i sist innlegg. Det varmar!

God natt! 
Klem
Lilla dør

søndag 26. april 2015

Fleire sengeteppe på gang


Nå er eg ferdig med sengeteppet eg sydde av skjortene til pappa.  Planen er å ha det på hytta. Gleder meg til å ta det i bruk neste helg . Kan prøve å legge ut bilde når det er på plass.....eit lite glimt frå hytta. Eit oppussingsprosjekt me held på med.


Bakstykke!
Her ser dokke litt av quiltinga, som eg gjorde med symaskina.


Til ære for fotografen på terrassen idag:) i sola



Nytt sengeteppe på gang... av eit stoff eg kjøpte i London for ei tid tilbake. Eg har jo det med den modningen av stoff og garn før eg tar det i  bruk:). Dette blir nok endå eit sengeteppe til hytta, kombinert som  sommarteppe ute i sola.



Bakstykke. 

 Eg valgte å quilte teppet på tvers. Med sømmer med ulike mellomrom.
Måtte ta kjøkkenbordet til hjelp i helga. Må ha god plass når eg syr på slike store prosjekt.


Kantane, her blir det blomster på blomster, men eg synest det passa som kant. Ekstra jillt når eg kan bruke frå lageret mitt.


Har nokre meter med håndsøm framfor meg. Ei side om gangen så pluteslig ferdig.... Sytalaust arbeid.... 

Ha ei kreativ veke!

Klem
Lilla dør

søndag 19. april 2015

Vårfornemmelser og nesten sommarfornemmelser idag :)




 Fantastisk flott dag med mykje frisk luft..... fått ete ut og nytt den fyrste middagen på terrassen for i år. No er me igang:). Fått rydda og planta litt fiolar og margarittar. 


Her har eg plassert broderiet mitt i urna med planter på trappa mi......men har ingen planer om at det skal stå der. Det var bare til ære for fotografen:) og så passa motivet og blomsterurna så godt ihop.


  Eg har fått sydd ferdig ein av mange "ufoar". kanskje dette kan bli ei lita toalettveske eller noko i den dur.
Eg har mange slike broderiufoar som manglar bare litt på å bli ferdig. Kanskje blir eg ferdig med litt fleire etter kvart. Fint håndarbeid når ein sitte på terrassen.


Brodert med moulinegarn og farga med litt fargestift.


Eg snopa ny persille i dag. Fin pynt på terrassebordet i "utestova "


Så har eg fått klippa ut stjerner som eg skal ha på slumre-/sengeteppet eg held på med. Eg klipte stjernene i tynt dongeristoff. Det går sakte men sikkert framover:)
.sjå teppet eg held på med her


Ha ei fin veke, i morgon har dei vist meldt ennå finare ver. Men då er det arbeidsdag og ein får ikkje nyt dei gode dagane slik som no i helga. Men ein fin ettermiddag kan det bli!

Jillt du såg innom og takk til dokke som legg igjen eit livstegn.
Takk for alle kommentarer til dei siste innlegga.

klem 
Lilla dør

lørdag 18. april 2015

Terrassedag :)


 Nydelig dag på Jæren i dag. Litt vind men fekk du ly for den var det fantastisk... me brukt dagen til være i hagen. Det meste av tida gjekk vask og rydde seg inn igjen på terrassen.
Og plenen er klipt og gjødsla :)



 Lunsj ute er jo ikkje feil. Viktig med mange og gode pauser.


 Fram med gamalt pynt.... og så solgte dei krysantimum blomster til 10 kr stykk igår på Handelslaget. Difor litt gult miljø hjå oss idag :) Ein tidligare nabo dreide den bikuba til meg... kjempe glad i den. Jillt med slikt pynt ein kan ta fram år etter år. Den blir i grunnen bare finare og finare.



 Putene kom fram etterkvart...iallfall nokre få slik at eg får kvilt middag der. 


 Tusenfryd er bare fantastisk...nydelige fargar spør du meg.



 Rabarbrafatet eg støypte sist sommar er blitt blomsterfat på eplekassen. Fint bord til stolane


Klar til i morgon, satsar på fint ver... slik at vi kan nyte kaffien ute etter frokost..... det liker eg

Klem
lilla dør

torsdag 16. april 2015

Sengeteppe på gang.....


 Det er 19 år sidan far min døydde. Eg har lenge hatt planar om å sy eit teppe av skjortene hans. Dei har  lege på modning:). Sist helg starta eg med å klippe dei opp og fekk skore ut 9 x9 inch ruter. 




Knappane tok eg også vare på.  Usikker på kva eg skal bruke dei til ennå....kanskje eit bilde? Dekor på eit eller anna........?? Får sjå. Foreløpig ligg dei i den fine skråbåndboksen eg fekk her om dagen saman med fine blonder og båndrestar.







Måtte fotografere dei fyrste tre remsene ute i ettermiddagssola idag.


 Jillt med litt tid bak symaskina igjen... Eg kjende at det var meir enn eit tiltak å starte men jillt når eg fyrst kom i seget. Eg trur det gir meir energi enn det tar. 
Kan det vere vårslappheten som tar meg eller restane etter sist forkjølelse/flunse. 


Eg har nett fått sydd det saman, men ikkje fått stroke ut alle sømromma ennå.  Og så skal eg sy på stjerner i nokre ruter før eg quiltar det.
Dette teppet skal eg har på hytta som sengeteppe. Kanskje eg klarer å sy det ferdig til neste tur:)

Ha ein fin vekeslutt. Her blir det hagen som må prioriterast trur eg viss det blir ver til det. 

Klem
Lilla dør