tirsdag 24. februar 2015

Ny pose til ullteppe


 Alle mine håpefulle har fått med seg ullteppe ut i den store verden:). Gode å ha når dei liker friluft og hybelliv :). Godt å ha som ekstra varme i soveposen i snøhola, teltet eller på togturen. For å gjere dei meir praktiske laga eg trekk til teppet som igjen kan brukast til pute.


Desse har vore veldig populære......det likar eg 


 No var det junioren som trong ein nye pose mellom Nepalturen og snøholeturen på Hovden.
Må innrømme at ullteppet har eg kjøpt på jobben:). Heimespøta og knallgoé tepper.


Klem
Mamma

mandag 23. februar 2015

Ei fin men annleis helg:)


 Eg har prøvdt å lada batteria..... nytt påfyll. Var litt bekymra igår sidan eg ikkje har tatt i handarbeid så å seie heile helga... ikkje normalt men........ eg håper eg er frisk :)


 Faaaaaantastisk flott bok. 
For dei som likar farga og interiør. Eg fann ei slik bok på Mammut salget. Måtte kjøpe den og. Så no har eg ei eg kan gi bort.  Har ein plan.


 Snop har me hatt i hus denne helga. Om det er VM eller besøk av nokre håpefulle....usikker:)


 Fått fram litt vårstemning i heimen



 Kafebesøk med godt lag. Det liker eg:)


 Vår på stovebordet ...frå hagen



Eg kjøpt meg fleire nye bøker.  Denne, Veien til lykke, har eg høyrt mykje positiv om.... har bladd litt i den ...eg trur det er fin bok med mange gode tanker....  det å ha fokus på det posetive:)
Sjølv om eg føle meg ganske lykkelig for tida:) mykje jillt på gang. 


 Kaffistunder med denne koppen måtte jo bli bra..... eller bare nyte den som pynt.
 Igrunn ein blomsterbukett i seg sjølv. Sarah Reed har designa koppen.

Varm sjokalde i solglimt på terrassen er fantastisk!!!!
 Det minner meg på at det vår og me kan innstille oss på mykje uteliv:)
Kvit sjokolade kan anbefalast.



 Ranukler er ein favorittblomst


 Litt meir vår.



Denne kjøkkenhøna frå hønestigen min er plass på kjøkkenet. Etter Florøtur sist helg flytta dei rett inn der. Denne stigen sydde eg for eit tid tilbake. Eg har fleire varianter av den...




Klar for ny veke.

Klem
Lilla dør

søndag 22. februar 2015

Innom Gjenbruken på Sandnes på lørdag.......vart litt meir i skapa



 Desse koppane frå Porsgrun falt eg for. Eg trur me eller mormora mi hadde slik før. Kanskje det var det som gjorde at dei ropte på meg. Det var 6 koppar med tefat (eller tassin som eg har lært denne veka).
Fine i porselenet var dei og. Pris kr 80,- for alt, det stod eg i :)


 Hjerteforma Høyanger gryte... vart ny blomsterpotte på kjøkkenbordet




 Dette kakefatet stod og og ropte på meg. Kanskje eit gamalt bedehusfat???  blir nok kakefat på hytta no. Fatet var 33 cm. I grunnen kunne eg ha tenkt meg koppar til det:) Er det noen som har til salgs slike gamle stablekoppar og/eller tallerkar ?
 ta kontakt!


Ha ein  goé søndag med eller utan kaffi. Her er det til og med kake denne helga.... det er ikkje kvar helg.

Velkommen til ny følger, det varmar. kjekt når du legger igjen eit spor.


Klem
Lilla dør

onsdag 18. februar 2015

Kurshelg i Florø 13. og 14. februar


Sidan me kjørte oppover kunne eg ha med meg mange modeller. Med 13 ivrige sydamer vart det sydd mykje.



 Maten på desse Florø-kursa er jo i ein klasse for seg. Desse fantastiske makronane var kaffimat ein av dagane....
og lunsjen var gode salater med nysteikt brød attåt.


 Frå helgas produksjon.
Med mykje vind og sol var det ikkje så lett å få fine bilder 


 Kursarbeid


 Fantastisk mykje fint


 Kursarbeid


Takk for at eg fekk ha kurs! Takk for inspirasjon! Eg kjem gjerne att med nye kurs neste år.

Klem
Lilla dør


søndag 15. februar 2015

Dame/engel med lilla hatt


 Litt luren og litt skeptisk kanskje. Har vert på reis i helga.


 Klar for våren


Englepreg har ho og.



På luftetur på terrassen i bjørkekransen


Fløy ein liten blåfugl


Kjolen er bomullstoff og forkle er i lin med pyntebånd.




Klem lilla dør

fredag 13. februar 2015

Vinterdame






Det var jillt å sy og lage dame igjen etter gammalt. Har hatt ei pause frå det. Men med kurs i Florø som inspirasjon vart det pluteslig to damer på kort tid. Kunne igrunnen ha tenkt meg å s endå fleire. Dette er jillt.
 Genseren, lua og strøpebuksa er strikka i ull.







Ha ei fin helg.