fredag 29. mars 2019

Tova egg



Strikka egg. 
Har rillestrikkta eit "rektangel" og sydd de utenpå eit plastegg og deretter tova det i vaskemaskina. 



 Kjekt med litt gult på terrassen på den det gamle sedertreet.  Har tidligare hatt hjerter hengande der. Skal ha bryllaup i heimen til sommeren så kanskje eg må strikke nokre hjerter til dess.....



Pilhøna er det Marit på Voll Juletregard som har laga for mange år sidan. Den har budd på terrassen min i fleire år no :))) Slike høner kan eg like.

Klem
Lilla dør

lørdag 16. mars 2019

Vår ....årets fyrste hagedag


 Fekk laga grunn stammen til ein krans av nokre greiner gubben hadde klippet av kornellbusken...og litt trollhassel greiner


 Litt hekk frisering :))) 


 Lite kunstverk i seg sjølv



 Kjekt å  være ute i hagen og rydde litt og gjerne drikke litt kaffi.....nyte våren og samle litt energi



I tillegg var eg så heldig å få besøk av bestemorgullet... fantastisk jillt å kunne leike og "drikkekaffi og ete  litt grøt" saman med kaninen på slumreteppe.


Kan nesten ikkje bli bedre enn dette :)))) Med andre ord ein goé kreative lørdag . Litt strikk vart det og tid til....men eg har så mange prosjekt at det tar litt tid før ein blir ferdig med ting.....

Klem
Lilla dør

onsdag 13. mars 2019

Bildevevkveld. "Dei galne" vert me kalla :))))




Eg har som eg har fortalt før gått på bildevev i mange år hjå Ingrid Vinningland. Der er vi 6 stykk som møtest ein gong i månaden i vinterhalvåret.
Sist tirsdag var det ei som hadde gjort ferdig ein FridaHansen vev. Så då vart den klipt ned med stil :) Champagne og kake og ståande aplaus. 




Sjå det mesterverket Gerd har laga!


 Mykje fine fargar som  ei anna held på med


 Mitt prosjekt dette året




 Kaker og alkoholfri champagne 


 Blomsten matcher bildeveven som vart klipt ned.....

Kjekt med billedvev men tidkrevande. No blir det ikkje fleire kveldar før til hausten igjen....kanskje eg blir ferdig med min då.....men den er ikkje så stor det blir champagne når eg klipper den ned......trur eg.
Me har det veldig jillt når vi møtest desse kveldene.


Klem
Lilla dør

mandag 11. mars 2019

ca 700 vårruller på ein lørdag føremiddag



Eg var så heldig å få tilbud om å være med på eit "fellesprosjekt" der vi var tre stykk som laga vårrullar i lag.....knallkjeket og lærerikt. Det kunne eg ikkje sei nei til sjølv om eg skulle til Tysvær på hyttetur om ettermiddagen. Ein klarer det ein vil og dette var kjempekjekt å få med seg. Dei vart knallgode.


Vart handla inn i stort.


 Glassnudlar ++++++



 Knall goe vart dei og eg kom heim med 220 vårullar i to tida :))). Godt jobba damer, dei to andre heldt på litt lenger og fekk oppvasken og! Eg steikte mine siste vårrullar heime neste dag. Gjekk godt det og!


Tusen takk for  at eg fekk være med og for lærdommen:). Dette er samme gjeng som eg har julebakst  saman med. Heldige meg.
Har noen lyst å smake er det bare å melde sin ankomst. Blir servert heime hjå meg sjølv om eg fått mange henvendelser (frå ungane)  om varelevering :))))


Klem
Lilla dør

lørdag 9. mars 2019

Tova og klart


 Appelsin-sitteunderlaget som eg har strikka etter oppskrift frå Statistrikk. 



 Oppskrifta sa ein skulle ha kvit i mellom kilane men eg brukte gult og kvit. Er veldig fornøyd med det.


 Den er stor ca 64 cm i diameter. Eg tova sitteunderlaget i vaskemaskina på 60 grader.


 Klar til påske og andre vårturar med eller utan appelsin


Det var meir arbeid enn eg hadde trudd men eg er veldig fornøyd med resultatet. Artig,  kan kanskje bli fleire etter kvart men nett no må eg strikke alt anna er har starta på.

Klem
Lilladør


onsdag 6. mars 2019

Nye strikkeprosjekt siste vekene (noen av dei) hjelp!!!!




 Har lenge hatt lyst på å strikke meg ei Sorbet cardigan/jakke av Mille fryd knitwear
Eg strikkar den i Knitting for Olive
Anny (Idestova) på Bryne har eit fantastisk flott garnutvalg. Heldig oss har ein slik fin butikk i nærmiljøet.


Fantastiske fargar spør du meg. Eg har valt dei helt sjølv. Eg ville ikkje ha kvit ribb og kant som dei fleste har men blågrønn farge.


 Tjukklender på pinner og til junioren. Strikkar i blåne og på pinna nr 7.

Tjukklender av Anne Thunem Dropledesign.


Lys denimfarge som hovedfarge og sjøblå i lusa. veldig fornøgd sjølv så gjenstår det å sjå om eg blir ferdig til påske og mottakaren blir fornøyd.


Måtte bare snope dette sjølv om det er garnslanking eg egentlig skulle gjere i 2019 men eg har aldri kjøpt så mykje garn på så kort tid....trur eg. Med desse to lilla nøstene her skal eg strikke ribbestrikka panneband i lekker bløt kombi av merino ull og mohair, frå Mille fryd knitwear dette og. Mykje fint  i dansk design for tida.


Klem
Lilla dør

tirsdag 5. mars 2019

Venninnehelg del 3 slumreteppe nr 2


 I fjor var me på Klekken hotell på sy-lan. Då starta me på kvart vårt slik teppe med over 700 biter. Som tenkelig er eg ikkje ferdig.  Det var vårt mål nr.  to sist helg men me kom ikkje heilt i mål med det, sjølv om alle bitane var reinskorne.



 Mønster og stoff kjem frå Katrines Quiltestue. 


 Det veks sakte men sikkert, så langt kom eg sist helg....... gler meg til å sy saman resten.


Me kjøpte stoff til dette teppe i 2014. Så det er vel på tida.


Laila var heime mens eg var på jobb mandag og tirsdag sist veke. Så langt kom ho før ho reiste heim ( men no trur eg ho  er ferdig med toppen.)

Takk for besøk velkommen igjen!!!

Klem
Lilla dør

mandag 4. mars 2019

Litt strikking vart det og- del 2 venninnehelg


 Eg hadde blitt inspirert på bloggen til statistrikk.no  "appelsinstrikk" . Så eg hadde bedt Laila ta med seg 250 gr. orange tråd og 100 gram offwhite garn som kunne tovast. Så i ledige stunder vart det strikka vendestrikk. Som sagt mønster og ide finner ein på bloggen til statistrikk  ( kan anbefalast)






Min er ennå ikkje ferdig, eg skal legge den ut på bloggen når eg er komen i mål med den


 Litt shopping på Bryne vart det og der vi begge fekk vel kjøpt litt garn og litt stoff ( eg kjøpte kun sytråd ikkje stoff denne gangen :))).


Mi venninne fekk kjøpt seg sokkegarn og litt Arietta garn


 Baby merinoull...gler meg til å strikke noko bestemorstrikk:). Barnebarnet fekk sjå garnet. Det var tydelig ho likte fargen.


 Sukkersøtt og kjøpt hjå Anny på Bryne. (Idestova)

Klem Lilla dør