tirsdag 31. januar 2012

Iris og bordpynt


 Kan ein tenke seg finare blomar "no på våren". Sjå dei fargane og mønstra i dei. Vårfarger! (lyseblått, gult og grønt). Snopa desse til meg sjølv før helga.  No nyt eg dei på kjøkkenbordet.  Fann ut at dei passa best i dei enkle pottene uten løper på bordet, for å framheva blomane mest. :)  Bare litt levande lys attåt.




Ein telyshaldar eg stadig kjem tilbake til. Den er laga av Edel Andreassen og eg kjøpte den for mange år sidan. To små blå fuglar sit på kanten av kjeramikkskåla.

Perleblom frå kjøkkenet mitt....

Sei det med blomar er det vist noko som heiter. 



mandag 30. januar 2012

Jødekaker og noko attåt:)


 Yngste av damene i huset fekk slik lyst på jødekaker...Kjempe flott. Dei vart  knall gode. Håper ho ofte får  slike lyster. Legg merke til den flotte oppskriftsboka ho har fått av svigerinna si.  Praktisk, personleg og go`e.
Ho har allerede samla mange "smattskatter" - matskatter:)




Jødekakene vart knallgode. Her er ein smakebit av dei..... resten er putta i kakeboks. Klar for festlig lag i morgon. 


Eg må bare vise at halsen eg starta på i sist veke er klar!!!! Godt at noko blir ferdig:). Godt fornøgd med den. Varm og god.  Fotomodellen min har den to gonger rundt hodet på bildet. 
So no er me klar for kaldt ver og vinter. Den blir vel felles eige hos oss damer i huset. 



Fortsatt god kveld!

Vinterfargar


Dette bilde vart tatt søndag føremiddag frå stovevinduet vårt....flotte vinterfarger. Det einaste er snøen som manglar. Det innspirete eg til å plukke fram litt vinterfarga garn eg hadde kjøpt sist eg var i byen. 



 Det enda opp med at eg starta på endå eit votte-prosjekt.


Så søndag kveld vart det strikking etter at me hadde rydda opp etter selskap for ei av døttrene. Kunne nyte strikketøyet og dei flotte iris blomane mine.


Eg kom over desse knappane på Bånsull. Terningkast seks. Dei kan nok kome til heider og ære ein gong. 
Tøffe var dei alle fall.

søndag 29. januar 2012

Fantastisk- har ikkje ord - bare veldig takknemlig - gullgruve


 Sjå kva Lilladør fekk i gåve i går. Heilt konge som den yngre garde seier her i huset. Sjå alle dei skattane!!!!. Og dei skal eg få lov til bruke:)   Her kan det bli både masse englar, puter, vesker, tolettvesker osv osv, men fyrst må det modnast litt. TUSEN TAKK!!!!! stor klem til gjevaren!


 Masse flotte farger i ullgarn. Har nok vore broderigarn. Men kva det skal brukast til nå får vi sjå:)



 Gamal og god blonde i lysrosa. Berre lekkert....





 Nuperelle


 Gimping i sytråd.




 Eg føler eg har vunne i lotto!

Ellers må eg og takke for alle kommentarer  på bloggen og for nye følgarar. Kjempekjekt !
 Håper dokke forsatt ser innom bloggen.

Ha ein fin dag vidare!

lørdag 28. januar 2012

Kjolefornying


 Då ei av døtrene mine var i Belgia i sommar kjøpte ho med seg blonder heim. Kniplingsblonder trur eg dei kallar det :).  Dei selde slik blonder av ulike slag over alt i Brussel.  Ho kjøpte med seg fleire av den typen. Og ved å nesta blondekragen til ein svart kjole ho hadde vart det pludtslig eit nytt "antrekk". Klar for fest i helga. 19 års dag!


Vart riktig så fin då den var ferdig........
Ha ein fin laurdagskveld! 


Klem lilladør.

torsdag 26. januar 2012

Torsdagskveld på ein blåsbort dag :)


Etter lang dag med ulike aktivitetar og program er det bare herleg å krype opp i sofaen, ta fram nytt strikk og ein kopp med te . I tillegg kom det eit  nytt blad i posten idag. Så  då var  det bare å senke skuldrene og nyte det. Det er fyr i vedovnen og vinden ule på det verste ute.  Livet er i grunnen herleg.......... 


Eg var ein tur til Bryne igår og var innom Idestova. Og sjølvsagt kom eg ut at med garn i posen. Sjølv om eg held på fleire andre prosjekt bare i strikking.  No var det tre nøster med 100% merinoull frå Rowan i sennepsfarge.  Det var på tilbud...... halv pris...måtte bare ha det. Kjempe mjukt og godt å strikke.  Kan anbefalast.


Flott farge!


  Fekk oppskrift med, hals strikka på pinne nr.12.  Så då går det fort unna.....eg har snart strikka fyrste nøstet.
Dette var gildt.......


 Ha ein god kveld.

Vår på kjøkkenet


Sjå så flott dei blomstrer på kjøkkenet idag:)


 Eg tok inn nokre greiner frå forsytiabusken for ei god veke sidan. Her saman med blå perleblomar som spirer flott no. Så varmen på kjøkkenet har nok gjordt godt.  Igrunnen godt og flott at eg allerede nå kan gå ut i hagen og plukke inn "blomster".  Det er snart vår og det treng me.


 Ha fin ettermiddag!

tirsdag 24. januar 2012

Lilladør i bokform


Idag kom boka om Lilladør i posten frå USA. Gubben har sendt blogginnlegga mine frå 2011 over dammen. Boka er flott innbunden......er veldig fornøgd. Tusen takk til gubben!!!! Var ikkje boka flott?
Sjølvsagt ein engel på framsida, ein av dei tinga eg likar aller best å sy kanskje.  Har iallfall produsert mange av dei, av ulike slag.




Baksida av boka med bilete av sokkane mine:)


Til og med register med overskriftene over innlegga mine med sidehenvisninger.


Litt glimt i frå boka.

.

At Lilladør skulle komme i bokform hadde eg vel aldri drøymt om, men gildt er det:)
Takk igjen til min kjære gubbe som fiksa det!

klem

søndag 22. januar 2012

Sol, jippi, ut på tur aldri sur:)


Klar for tur på Sele stranda ... fotoapparatet må være med.....saman med godt turfølge. 


 Sol og kaldt kan det bli bedre ein vintersdag....Sjå det flotte motivet på gangstien mot stranda. Eg kunne vel nesten ha fotografert kvar av trehellene.



Og vi var ikkje åleine .....me kjørte i bilkø for å kome ned til stranda og det var ganske fullt på parkeringsplassen på Bore. Så Jærbuen hadde funnne ut at idag var det turver:)))


Det var mange fotspor i sanden .




 Er me på tur er det godt med litt å bite i ..spesielt når det er tid for lunsj og lenge sidan frukost. Her er noko både for den sunne og den som har sansen for det søte....


Og herleg er det å nyte stillheten, utsikten og kjenne sola i ansiktet.
Sandalane på stranda er bytta ut med fjellsko. Kan anbefale begge deler alt etter årstid. Desse passa best i dag.


 Utsikt mot freisten fyr... Tenk her bur eg eit drygt steinkast frå eit så flott tur område. Mitt favoritt tur område i nærmiljøet. Berre det å kjenne sjølukta er flott.



Er det ikkje flott 


 Ha ein fin søndag!

 Eg er klar for strikketøyet no!