torsdag 31. mai 2018

Asparges



 Stadig nye pallekasser :) no prøver vi oss på asparges. Var så heldige at vi fekk to røtter...må bare prøve for spenninga sin skuld. Klarer vi det? Det tek nok eit par år før dei er klar.
Her ser du ramsløkrestane og rababraane som er snart er klar til hausting.


 Slik ser dei ut i det vi putter dei i molda etter oppskrift


 To små spirer synest......





 Klem
Lilla dør og gubben

tirsdag 29. mai 2018

Portomonneer


 Eg var på kurs hjå Lappelykke i går ettermiddag. Med nokre stoffbitar i korga drog vi innover. Veldig kjekke kveld. Takk for undervisning og inspirasjon. Me var 3 stykk som laga kvar våre portomoneer.  Eg laga to :)


 Mønstera var i frå boka The purse Clasp book.  Det var to metallåser inkl. Eg brukte dei. Men må innrømme at eg kjøpte med nokre ekstra låser. Kan fort bli fleire portomonneer.


 Den fyrste sydde eg av Kaffe Fasett stoffet mitt  "Pelagonia"




 Den andre var litt større i gult prikkete stoff og med marimekkostoff inni. Det og minner meg om sommar og sol.....



 Med slik fine blomster på terrassen min får eg fort sommerfølelsen. Då eg kjøpte denne blomsten i april trudde eg den nesten var spesialplanta til meg i mine fargar :)))) Er den ikkje fantastisk fin!!!
Blomsten er ein type Petunia - Million Bells


Ha ein fin sommar fortsatt. På Jæren er det full sommar for tida ...... så det blir mykje hage og lite sying


Klem
Lilla dør

fredag 18. mai 2018

#verdasjillastehytta


 Sist helg då den yngste dattera mi var heime, spurde eg om ho kunne brodera #verdasjillastehytta . Emneknaggen som me har på Instragram med bilete frå hytta vår.  Har hatt planer om det lenge.  Det var ikkje lenge før det var klart. Tusen takk Gjertrud!!! No er bildet på plass på stoveveggen i hytta. 


 Broderet i korsting. Ho laga mønster ved å tegne bokstavane på rutepapir. Ramma hadde me, og fekk broderiet til passe i den :))


 Passa perfekt over døråpningen mellom kjøkken /stove


 Så ved gå inn på emneknaggen på Instragram ser du bildene frå hytta


Klem
Lilladør

onsdag 16. mai 2018

Is til 17. mai!


Heftet Strikk en bestevenn ( Hip Knit shop ) inspirerte meg til å strikke ein iskrem til bestemorgullet. Sidan ho er bare eit halvt år vert det ikkje mykje vanleg is på ho i år..... det får me ta igjen neste år:) Eg har fylgt oppskrifta men brukt mine eigne fargar.




Har fylt den med vatt og hatt ei bjelle inni slik den lager litt lyd:)


God 17 mai ! HIPP HIPP HURRA



jordbær og vanilje is
Klar til bruk......  venter bare til i morgon



Klem
Lilla dør

tirsdag 15. mai 2018

Ramsløkpesto


Eg dyrkar ramsløken i ein pallekasse i hagen.... Nå har eg laga pesto av 400 gram. Har lenge då.


 Bruke matprat.no si oppskrift med parmesan, pinjekjerner og lime i.


 Smakte frisk og godt. Blir goe både til fisk, pastasalat og bakverk.
Klem
Lilla dør

fredag 4. mai 2018

Nye marimekkoputer


 Eg var ein tur til Oslo i sist månad. Då måtte eg innom Marimekko-butikken og fekk med meg heim 1,25 cm stoff av vårens nyheter. Eg likte godt fargane i stoffet ........vårfriskt!
Sydde to puter til benken på kjøkkenet.


 Liten stikkepose eller lita veske til ting og tang:)


 "diggar fargane"  som ungdommen seier




 Fekk to puter og ein strikke pose og så har eg klipt to kuvet brikker (kjem på bloggen når eg har fått sydd dei). Tru det eller ei alt det fekk eg til av 1,25 meter stoff. Godt fornøgd med det.





Saman med pelagonane eg snopa i helg hjå Kåre Wiig vart det pluteslig vår og nesten sommar på kjøkkenet. 



Klem
Lilla dør

onsdag 2. mai 2018

På Vestlandstreffet 12 -14. oktober 2018 skal eg ha to kurs.


 Egersund quiltelag og Jæren quiltelag arranger treffet i år.
Treffet Skal være på Quality Airport Hotel Stavanger som ligg like ved Stavanger Lufthavn, Sola

Eg skal ha kurs der saman med følgene kursholdere;
(Dette har eg tatt frå facebook)





 Lørdag skal eg ha 6 timers kurs med maritimt tema....... smakeglimt her; Vil ha hovedfokus på fisk:)









 Snømannskurs 4 timer på søndagen:



Der me kan lage ulike snømenn med ulike uttrykk ... vil ha med mønster på ulike snømenn





Håper eg ser akkurat deg på mitt kurs :)

Alle kursmodellane er ikkje heilt klare. Eg vil legge ut meir innformasjon om mine kurs her på bloggen under etiketten "Vestlandstreffet  på Sola 2018" for dei som treng vite meir om kursa.


link til vestlandstreffet

Klem
Lilla dør