torsdag 30. januar 2014

Mohairsokkar



 Ein strikkeufo er ferdig. Litt mindre i korga......trur eg. Eg har strikka ferdig sokkane av flott mohairgarn ( 90% mohair og 10% ull). Eg kjøpte garnet ei tid tilbake hjå Ullrommet. Ho har både spunne garnet og farga det. Kjempefint garn i nokre flott fargesjatteringer.




 No er dei klar til bruk. Passa godt no i desse vinterdagane. Kjempe gode og varme sokkar. Desse skal eg ha sjølv:) Eigen oppskrift etter infallsmetoden, meget fornøyd.
Strikka dei på pinner nr 3,5. brukte ca 175 gram garn. Brotet er fyrst glattstrikk og deretter tre rett og tre vrange. Sjølve helen og foten er glattstrikk.
Tok dei ut og lufta dei i dag til ære for fotografen.


 Klem
Lilla dør

tirsdag 28. januar 2014

2 meter uglestoff


 Tidleg i haust kjøpte eg meg to meter med uglestoff på Stoff og Stil. Eg falt pladask for stoffet men hadde ingen planer for korleis eg skulle bruke det.  Eg veit ikkje om eg betalte 100 kr for det heile. No har eg leika meg med desse metarane. 

Det fyrste eg sydde var eit putetrekk til ei 80x80 pute. Den har eg allerede gitt bort. Til stor gled for mottakaren:) fekk eg melding om. 



 Her frihåndsquiltar eg nokre mug ruggar.


 Sydde to store handlenett.
Pynta dei litt med bånd.


 Tok dei ut og fotograferte dei og fekk fram den heilt rett fargen.


 Fekk og nok stoff til to mug rug på 8x5,5 inch. og ein litt større på 8x8 inch til ha tekanna på
Dette settet blir nok ei gåve og. Det er noen som liker ugler meir enn andre.



Takk til dokke som ser innom.
Takk for  inspirasjon til meg ved at du legg igjen ein kommentar eller to. 

Ha forsatt ei goé veke
Klem
Lilla dør

mandag 27. januar 2014

Kulturell vintersøndag


 Kald og forblåst men fin vinterdag på Jæren igår. Ein perfekt dag til å være litt kulturell. Me tok turen til  Hå gamle prestgard der dei har ei fotoutstilling me hadde lyst å se.

Elin Høyland har fotoutstillingen "tid til å vente"


Utsikt nordvestover frå fjoset på Hå gamle prestegard.



 Her frå fjoset og ned mot parkeringsplassen


 Frå brosjyren til fotoutstillinga. Der Elin Høyland har dokumentert i form av bilder det gamle tunet på Bjelland. Tunet er fleire hundre år gammalt,  huset er to hundre år gamalt og ein mann som framleis lever eit enkelt liv på same garden som han har levd heile si tid. Garden Bjelland er eit typisk jærsk småbruk frå 1800 tallet. (henta frå omtalen av utstillinga.)



Glimt frå utstillinga. (bilde er frå brosjyren til utstilllinga). 
Resten må du ta turen til Hå for å sjå:)



 Inngangsdøra til hovedhuset. Me måtte jo ha kaffi:)




 Rennedrev på Jæren



 Obrestad fyr sett frå prestegarden.
Jammen er det ein fin plass Hå gamle prestegard.


 Frå Hå gamle prestegard gjekk turen til Bryne Mølle. Ei fantastisk flott utstilling av biledveversken  Turid Steinsland. Fantastisk og utradisjonell. Kjempe fin. Har du ikkje vore der må du ta turen. 


 Utsiktsbilde frå Bryne mølle mot Bryne kykje


Her ligge mange histoirer og inspirasjon.

Flott dag med mykje inspirasjon.
Kan anbefale begge utstillingane.
 Gode opplevelse begge to men på kvar sin måte. Fasinerande:)

Stor klem
Lilla dør

søndag 26. januar 2014

Kaffi og fotoleik



 Klar for litt føremiddagskaffi :) og testing av kamera. 

Har eit lite og godt Sonykamera eg ikkje har brukt så mykje. Treng leike meg litt og finne ut om eg likar det. Eg tek dei fleste bilder med telefonen min. På sist blogg innlegg   Se her  såg eg gode farge forskjell på bilda eg hadde tatt med telefonen og dei eg hadde tatt med kameraet:)


Mummikopp


 Lysblå/mint farga steltonkanne og kopp


 Lilla tulipan
Flott farge og motiv. 


 Fint med den lysblå-mint fargen i bakgrunnen.


 Perleblom


Goé søndag!

Eg må nok bruk dette kameraet inn i mellom. No har eg tenkt meg på fotoutstilling og ta med meg kamera ut i flotte og stormfulle vinterdagen me har idag. Til og med litt sol.

Klem
Lilla dør

Varmepose



 Tatt fram varmeposen eg sydd for ei tid tilbake....... no når vinden bles, minusgrader og snødrev. Kan det være godt fylle varmt vann i varmeflaska.  Gir litt ekstra varme ......


Sydd den i japanskestoff og applikert med ullfilt. Har fora den med frotte`. Frihåndsquilta.
Igrunn ikkje titt at snømenn varma oss ......


åpning bak til ta ut og inn varmeflaska


Ha forsatt ei goé helg. 
Nyt vinteren med både varmepose og varmsjokolade med krem:)


Ut på tur....... er aldri feil:)


Klem
Lilla dør

fredag 24. januar 2014

Farga tops :)


 Sjå dei fine fargane......... eg var så heldig å få noko tops hjå ullrommet. Kjempe mjukt og i desse fine håndfarga fargane. Eg hadde lyst å teste ut strikkepinnane eg vann
hjå min-design-strikk.   Jillt med klubbkvelder.


Tops er bånd som blir laga etter kardeprosessen av ulla.
Det lyse her er det som ikkje er reint naturmaterial som ull for dei tar ikkje mot den type fargar om er brukt her. Det gir ein fantastisk flott sjattering. 

Takk til ullrommet for inspirasjon og lærdom 


rillestrikk


strikka på 25 mm pinnar.


Teststrikk. 
Litt usikker ennå kva eg skal bruk det til pulsvarmer? Sitjeunderlag? pynt ????
Jillt å prøve.No ligg det til modning:)


Også måte eg jo snop litt til helga. Viktig med helgasnop. Falt for dette fine farga garnet hjå ullrommet i cerise (mørkknallrosa), ein bunt silke og ein i blanding merrinoull og silke. Skal bli hals eller sjal. Men foreløpig er det pynt på bordet. Flott fargeklatt .........igrunnen ein fin blomst. Eller?


Ellers går det mot vår. Sjå bladet som kom i posten idag......her er det bare å drøyme seg bort.

Takk til følgarar og for alle kommentarar dokke legge igjen. Det varmar og gir inspirasjon.

God fredagskveld.
Klem
Lilla dør