tirsdag 30. november 2021

Ein ufo ferdig :) slumreteppe


Dette restetteppe av gamle julestoff starta eg på for mange år sidan 10 ? 15? Uansett låg det ferdig oppskore  og klar til å sy saman då eg starta på det i haust.
.

I grunne.n fine og neddempa fargar ...... trur det blir eit bra slumreteppe tilslutt



Ferdig sydd og klar for quilting ....




Fin måte å bruke opp masse julestoff restar. Quilta det enkelt ved å følge sømmene i rutene.

I



Klem
Lilla dør

lørdag 27. november 2021

Pose til ting og tang ....


Prosjekt pose, stikkebag, gåvepose, pose etc. Kjært barn har mange namn.:))) Sydde det av ein stoff rest etter eg hadde sydd 

alltid kjekt å få brukt stoffrestane .....





Posen i bruk som gåvepose til  1-åringen ...... med litt ullklær som eg har strikka.


Klem bestemor

fredag 26. november 2021

Halv meter halvlin blir til.....



Eg hadde ein halvmeter med halvlin med hjertetrykk i stofflageret mitt. Vart inspirert til å sy to kjøkkenhandkle og to mugrugs av det. God følelse å sy opp alt stoff eg haddeog eg fekk nokre kjekke produkt.




 Ha ei fin førjulstid

Klem
Lilla dør

torsdag 25. november 2021

Votter



Ein av desse små barnebarna trengde nokre varme og gode vottar som hang på hendene. prøvde meg på å strikke eit par i ein rett og ein vrang. dei har god passform og forma seg godt til dei små hendene. Strikka dei i garnet Sterk
.


 Klem
Bestemor

onsdag 24. november 2021

Nissens lille hjelper


Nisseluer til dei to minste barnebarna. Dei er strikka i restar etter den røde genseren i Camila Phil garnet Olav på pinner nr 5. Oppskrifta er mi eiga etter innfallsmetoden. Trur dei vart bra til slutt. Litt å vekse i men men :)



Fekk ikke fatt i lik pelsdusk men kanskje det var praktisk med to ulike fargar. Ser kven som er kven sin. Det er nokre varme luer som passar best til utebruk trur eg. Men kløfritt og mjukt garn. Strikka av garnlageret det er alltid jillt.







 Klar for desember....... 


Klem
bestemor/lilla dør

mandag 22. november 2021

Julegensarar til barnebarn


 


 Har strikka to små nissegensarar til dei to meste barnbarna mine. Dei er strikka i størrelse 1 og 2 år. Drops design sitt julemønster i år. Eg har strikka dei i Alpakka  Bris Viking garn.  Etter oppskrifta var det Drops air som skulle ha vore brukt. Er i grunnen godt fornøyd me garnvalget. Mønsteret ligge ute som gratis mønster hjå Drops design.


Dei er strikka ovenfra og ned på pinna nummer 4 og 5. Det gjekk med ca 100 gram grått garn til den minste størrelsen.


Likte godt den grå melerte fargen 313






Dei vart veldig mjuke og gode. Gler meg til å se prinsane i dei no i desember. 





 Klem
Bestemor/lilla dør

lørdag 20. november 2021

Kranser og engler


Det vart einerkrans i år og...
.

Fekk invitasjon eller eg bad vel om det... til å bli med på lagekveld hjå svigerinna mi no i november. Resultatet vart to moseenglar. Kjempefornøgd. Kjekt med noko nytt. Desse laga vi på oasis.



Einer er ein av mine favoritter til lage krans av...


 


Klem
Lilla dør

torsdag 18. november 2021

Endå ein ufo ferdig


Denne gåveposen har blitt liggande igjen siden eg laga modeller til kurs for ca 8 - 10 år sidan kanskje.... men no er det ferdig. Her var applikasjonen strøken på stoffet. Sydde det på med frihåndsquliting. Kjempe kjekt arbeid ...
.

Eget design, var ein del av eit kursopplegg ei tid tilbake......


Klar til bruk etter å ha sydd saman sidenesømmen og bretta ned kanten oppe. Sydde tilslutt på bånd til å knytta den igjen 






Får nok ny eiger til jul.... truleg reiser den på juletur heilt til Toten.....
 

KLem
Lilla dør

onsdag 17. november 2021

Nissehus del 1


Utgangspunktet var eit dokke hus fra Ikea...og eg tapetserte dei ulike romma. Eg har samla på møbler og invetar dei siste 20 åra så det tok ikke lang tid før det vart forlite og eg byrja tenke å søke om utvidelse (hjå gubben)


Ein av dei fyrste kaffi og musikkstundene i nissehuset :)))



Hjelp har ti nisser til,  mangler klær men har hoder.... 


Hadde sydd eit mini qulite teppe ca 25 x 25 cm. Passa perfekt inn





Post kassen er på plass... dette er fyrste del, det kjem meir, for dette var kjekt og når ein går i ein dokke klubb  der alle er like gira på nisse hus blir ein lett tatt med i vinden. Så følg med.

Klem 
Lilla dør