fredag 29. desember 2017

Ny tapet og puter...... Ellietapet





 Ellie Cachman designstore blomster tapet, kjøpt på nett frå Nederland.
Blomane er nesten 50 cm store. veldig fornøyd med tapeten då eg fekk den på veggen.



Passsa perfekt til sjeselongen far min laga til meg for mange år sidan.





 Betilte også velur stoff med samme trykket. det har eg sydd putetrekk av.




Legg merke til amaryllisane med velur trekk....måtte bare snope dei..... 

Klem
lilla dør

torsdag 28. desember 2017

Bestemorstrikk ......julekjole


Strikka frå hefte Bedste strik av Sysse Chytræus.
Eg strikka det i mini alpakka, brukte mindre enn 100 gram totalt på heile kjolen i str 3 mnd.
Den passa perfekt på bestemorgullet som no er 2 mnd.


Strikka ovenfra og ned. Veldig kjekk å strikke blir nok fleire av denne men i andre farga.



Jakke strikka i vendestrikk i merinoull.
samme mønster som er brukt her


Strikka/laga av bestemor

Klem
Lilla dør

onsdag 27. desember 2017

Krabbeteppe til bestemorgullet :)


Eg har hatt liggande tre pakkar med ferdig oppskore stoff i 5 inch. 18 biter i kvar pakke. 
Riley Blake design,  stoff Giraffe Crossing. Etter nokre år med "modning" vart det ein gyllen anledning til å sy av det no når eg vart bestemor.


Quilta med symaskin 


Vattert med ullvatt



Klem Lilla dør

mandag 25. desember 2017

God jul!



 Ynskjer alle lesarar av bloggen god jul!
Gler meg til kreative og avslappande romjulsdager.


Måtte bare vise desse flott pepperkakene!!!! Dattera mi kom heim med desse no til jul. Dei er heimelaga tru det eller ei. Ho hadde fått dei av ein kollega

Klem
Lilla dør


søndag 17. desember 2017

Fleire strikkeposer


 Har litt dilla på desse strikkeposane med sauemotiv. Noen har eg solgt, noen gitt bort andre er til salgs....viss nokon manglar  ei julegåve


Nokre er selde og nokre er gitt bort



Strikkeposar



Ha ei fin førjulstid fortsatt!


 Velkommen til ny følger

Klem
Lilla dør

onsdag 13. desember 2017

Stor snømann!



 Eg sydde den i voksduk.... ca 1 meter høg. Armane er hasselgrein frå hagen. Det gjekk med mykje fuglesand og vatt for å fylle den. Eget design.


 Nasa hekla eg etter innfallsmetoden. Hua er strikka i rillestrikk. 








Passer på døra her.  Med dette sure veret og delvis regn på tvers er det godt at den tåler ei regnbye når den står ute.


Klem Lilla dør!

tirsdag 12. desember 2017

Juleverkstad i hagehytta


 Ein kveld i desember pleier eg å ha lage kveld i hytta....tradisjonen tru hadde eg det i går.  I år var det til og med julestemning ute i form av snø og kaldt

 Litt aktivitetspakkar... to prosjekt var det denne kvelden








 Maten fiksa gubben. Knallgode potetvafler med mykje godt på. Oppskrift og inspirasjon frå jule boka til Lise Finkenhagen




 Strikka soppar... oppskrift og design;
Tina Vejlø Andersen.




 Me sydde kvar våre tre slike juletre...... 


Her er mine 5 tre


mine soppar


Klem
Lilla dør