mandag 31. desember 2018

Årets siste og neste års fyrste strikkeprosjekter



 Eg held på me to prosjekt no i romjula, (starta tidlegare i desember på dei).
 Eg har lenge hatt lyst til å strikke horisontal-sjalet frå G-uld, men hadde verken mønster eller garn. Det er vrient å få tak i kit-pakka frå Danmark. Difor laga eg min eigen versjon med utgangspunkt i oppskrifta til Århus-sjalet som eg hadde i Heftet Urban. Dette er nesten heilt likt horisontal sjalet.


Eg strikka det tynt lammulgarn. 2 tråder, ein naturfarga og  ein tråd med ulike fargar ( 14 forskjellige trur eg det blir.....får sjå etter kvart.
 Perfekt bilstrikk då me skal og har kjørt ein del i julehelga.


Veldig kjekt å strikke.


 Desse vottene stata eg med rett før jul. Dei var med i ein julemysterium hjå Jarbo.se. Julevanten .... men eg klarer aldri fullføre den når eg skal. Så eg har ein vott igjen.


Håper å bli ferdig no ...blir truleg neste års fyrste prosjekt som blir ferdig..... dette passar ikkje til bilstrikk. For mykje mønster etc. 

Takk for 2018, ser fram til mange nye kreative stunder i 2019.

Klem
Lilla dør


søndag 30. desember 2018

Home for Christmas



 Sydde nokre slike strikkeposer/prosjektposer til jul..... jentene fekk då dei kom heim til jul.
Eg har ofte sy ulike typer poser til dei av og til med fellesprosjekt men i år vart det bare poser :))
Men alle hadde strikk dei var i gang med ...


 Eg har sydd desse posene av håndkle/duker frå Nille.


 Velkommen heim til jul


Ha ei fin romjul...snart nyttår og nye muligheter!

Klem
Lilla dør

fredag 21. desember 2018

Innpakka svibel i "genser" :)


Svibel med garn rundt.... fekk ideen av ei som jobber på Roser & Interiør i Florø.
 Eg surra garnet rundt svibelen og festa enden. Eg synest det var ganske effektfullt....


 Eg har laga fleire i ulike fargar. Dei fleste har eg gitt bort.


 Grå variant med neverstjerne. Eg har eit lite glass under viss den treng vatn.



Ha ei fin julehelg...... 

Klem
Lilla dør

mandag 17. desember 2018

Juletrevimplar på terrassen


Stjerneproduksjon. Endelig kom ullfilten eg fekk ei tid tilbake av ei goé venninne.....  Den var heilt perfekt til formålet. Ullfilten var tjukk og god.


Sjølve juletrea sydde eg av sekkestrie, eg stod ute og skar dei til..... støva så mykje.
Eg skar dei ca 38 cm høge pluss stjerna då.

Eg sydde først rundt med overlockmaskina før eg sydde på stjerna og hampetauet. Hadde pynt på nokre av trea for å få meir liv i vimpelrekka.



Klar for opphenging under tilbygget på terrassen.
Fekk dei opp til andre søndagen i advent, ikkje verst det :))



Meter på meter med juletre :))). All dei ideer man får.... eg vart inspirert av ein kollega som hadde laga vimpelrekke med fylte juletre til å ha i stova.... Kjempe kult det og. :))).





Kortreist juletre frå hagen ....... litt pjusk men med sjarm.


Ha ei go´e adventstid fortsatt ....snart jul!

Takk til dokke som er innom bloggen. Alltid jillt med respons.


Klem 
Lilla dør

søndag 16. desember 2018

Lagekveld i hagehytta


 Sist mandag hadde eg lagekveld i hagehytta.... ein tradisjon eg hatt nokre år. 



I pose til kvar med materiala dei treng for kveldens aktiviteter





Kransane stod me ute og bandt på stålringen... ein kald desemberkveld... litt hjelpte det med bålpanne og varme kler :))))



 Min kristtorn krans med dompappar


 Fyrst laga me krans med dompappar i ull


 Gubben laga juletapas til oss. Knallgod. Her medisterboller med fiken og julekrydder


Julepølse med rødbetsalat og sennep.



Dadler med bacon og eple


Sildesalat



 Ein av kransene som vart laga


 Tilslutt hekla me kvar vår flaskenisse med personlighet..... flinke damer


 Kveldens produksjon


Mine tre flaskenisser

Klem
Lilla dør

lørdag 15. desember 2018

Flaskenissar og englar


 Eg hekla engler etter same prinsipp som nissane. Starta i oppe og hekla rundt og rundt.  Desse englene er hekla i lingarn med heklenål nr 2,5.



 Eg starta med flaskenisser, etter kvart vart det både snømenn og englar.




 Modellen eg brukte på juleverkstaden. Det kjem meir om juleverkstaden i eit nytt blogginnlegg om nokre dager


Fortsatt gode og kreative adventsdager!

Klem
Lilla dør