søndag 29. mai 2011

Toalettveske


 Toalettveske i lin med gammal hekla brikke som dekor. 

Detalj av heklet som er i tynt  tynt garn. Heklet har eg funne på Gjenbruken på Kleppe.



Frå Jærdagen til tapas i Nordhellvegen

 Her ser ein litt av snadderet me kjøpte på Jærdagen.
 Rababrasaft frå Köhlerpaviljongen på Nærbø.

 Diversse oster frå Nederland og Italia og Knudost (kvit geitost) frå Aurenes i Time. Og Jakobs brød Storhaug i Stavanger.

Serrano skinke fra Spania og diverse spanske spekepølser.


Sylta gulrot og sylta grøne tomater (Jærkokken) og italienske oliven.
Gubben har laga fantastisk pesto av parmesanosten han kjøpte på Bryne. Kjempe god,  bare kom og smak. Velkommen! Alltid gildt med besøk.

torsdag 26. mai 2011

Det romanstiske hjørne......

 Mine romantiske knesokkar.  Har strikka dei av blandingsgarn med bomull og lin. Og pynta dei med strikka blomar etterpå. Kjempeartig å lage ikkje minst då eg skulle til å pynte dei. Har faktisk hengt dei på pynt i hagehytta opppå ein gamal nattkjole eg har fått etter ei tante til mor mi.  Men når den rett anledninga kjem blir dei nok tatt i bruk.  Har skrive mønster på dei som eg kan selge til dei som ynskjer det.

Peoner  er dei ikkje flotte. Vart inpirert av dei flotte blomane. Nett no er det peon tid:) enten du nyte dei i hagen eller får "snopt" deg dei på butikken. Kanskje du skal unne deg ein bukett til helga....

Kjekt du ser innom bloggen min.  Fint viss du ynskjer å sette deg opp som følger eller legg igjen ein liten kommentar til meg.....det gir ekstra oppmuntring og inpirasjon. 

tirsdag 24. mai 2011

Frå Gjenbruken til.......

 I sist veke var eg ein tur innom Gjenbruken på Klepp igjen.  Her ser dokke resultatet. Den helka brikka har eg tenkt skal bli toalettveske. 
 Bilde har eg fjerna frå ramma og vaska. Og det har blitt til sommerveske i lin ( sjå nedanfor). Det siste er perle broderi, små perler som er sydd i små blomsterbukettar på eit stoff. Det blir nok ei lita sminkeveske eller selskapsveske etter kvart.
 Her er sommerveska i lin. Har sydd på ein blondekant oppe for å mjuke opp veska meir og få eit ennå meir sommerlett preg :)
 Inni er det lomme med glidelås. Og ikkje minst band med krok til å feste nøklane i. Så kanskje slepp ein å leite seg ihel etter dei når me trenge dei.  For ein veit at ei dameveske kan ofte være ganske innhaldsrik!!

Syrin


 Har strikka meg håndklede på strikkemaskina. I bomullsgarn. Brukte hullkort og fangmønster. 
 Håndkledet vart pynta med hekla kant og hjerte. Vart inspiret av syrinen Fargane vart prega av det. Syrleg turkis og lys lilla - ein flott kombinasjon. Fargane ber preg av at sommeren står for døra sjølv om det blæs og er surt ute nå. Fordelen med det er at det er godt ver til sitje ved symaskina elller strikkemaskina!


mandag 16. mai 2011

Grytekluter



 Har hekla meg grytekluter av noko av det flotte garnet eg kjøpte på søstrene Grene.  Det er bare fantastisk flotte farger! Eg har fått lånt ein gamal gryteklut av ei vennine som eg har hekla etter. Eg har laga meg to variantar:

 Same utgangspunkt  men ulike pga farger og ulike størrelse på heklenåla.

søndag 15. mai 2011

"Sol" sitjeunderlag!

 Detaljbilete av den eine, som dokke ser har eg brukt ulike farge tonar i Pt2. Teknikk: vendestrikk. Oppskrifta er frå Sandnes garn.
 Den i gul og oransje rumpevarmeren er strikka i Vamsegarn. Den tova litt meir enn enn den som var strikka i Pt2 garnet.

Så no er det bare å lage kaffi og reise på tur. Tenkte dei er fine å bruke i stolane på trappa og. Godt med noko varmt å site på når eg skal ut der med kaffikoppen.

onsdag 11. mai 2011

Fleire puter....

 Tidlegare i vår var eg på Gjenbruksbutikken på Klepp og fann mellom anna desse to broderia som eg har sydd om til puer. Den øverste har eg sydd på eit stykke linstoff.

Den kvite er ein pyntehandduk som eg har sydd om til pute. Kvitt broderi på linstoff...... tenk for eit arbeid.  Den kvite puta har fått plass i hagehytta og glir rett inn i det lyse miljøet der.
 Som dokke ser er motivet mellom anna ein påfugl.....
Eg trur eg snart må ha meg ein ny tur på gjenbruken for å sjå om eg finn fleire skattar.

mandag 9. mai 2011

Sommarputer og litt til....

 Har sydd meg nye sofa puter i  Valori wells (floral birds) stoff. Ei blanding av lin og bomull, kjempeflotte og friske farger.  Kjøpt på Lissi design på Jærhagen! 
 i


 Og så måtte eg jo ha litt sommerblomar i tillegg.......  

søndag 8. mai 2011

Mykje gildt

 På måndag hadde eg hageengel-kurs hjå meg. Flotte engler vart laga av denne typen. Den største engelen min som er inspirert av hagen/"garden look"



 På tirsdag var det strikke klubb.  Så sjå den flotte tråden eg fekk kjøpt då, sidan vi var hjå ho som driv ullrommet. Garnet er ei blanding av ull og silke.  Planen er at det skal bli skjerf på strikkemaskina.:)

 I september  arrangerer me i strikkeklubben kurs.  Då kjem Dorthe Merete Lykke Jensen, som er tekstildesigner, for å undervise. Er noko interessert er det bare ta kontakt med meg. Ein weekend kor vi skal eksperimentere med ul -polyester- kjøpte tekstiler og formfiksering.  Enno noen plasser ledig men det fyllest opp:)

På torsdag var dokke klubben samla igjen. Me har sydd saman i ca 15 år. Me er fire damer. Denne gongen var vi i Stavanger hjå ei kreativ dame. Der ho hadde laga materialpakkar og forberedt kvelden godt for oss. Då sydde med denne festlige pose/veska. Eg kjem kanskje til å ha hekletøy eller strikketøy i den. Me hadde fått beskjed om at me måtte ha med symaskin og sysaker. Så kom eg heim med den festlige veska/posen.  Så vi var effektive etter at vi først fekk eit godt måltid mat. Gildt med gode sy venninner.


          
 Sist veke var gild og travel med mykje påfyll:))))) Det stemmer godt med teksten som står på posen/veska: "Friends give a heart full of happiness."
Ha ei  god veke!

søndag 1. mai 2011

Høneteppe

 No er slumreteppet ferdig litt etter planen. Sjå bloggen min 7 april, starten der eg vart inspiret av ein serviett eg fekk av ei vennine. Det har blitt litt forandring underveis. Teppe er quilta i striper . Valgte svart og kvit rutet stoff til kant. Det tok oppatt fargane i høna og i dei quilta høneføttene. 


 Har frihåndsquilta høne-føtter på det i tillegg til stripene eg sydde med mulitfarga tråd. Slik at det ser ut som høna er ute å går på teppet og luftar seg :) ikkje godt sitte i bur heile tida!

Ferdig klar til bruk og til å legge i stabelen saman med dei andre teppa:) Det byrjar bli ein del etter kvart.