mandag 31. oktober 2011

Endå ein julesokk....


 Eg las i Stavanger Aftenblad på laurdag at hausten og julas trender er naturfargar. Der ein gjerne kan blande grove og matte materialer, gjerne blonder....  Dette inspirerte meg til denne sokken.  I strie og hekla serviett frå Gjenbruken.  Og det spinn fleire i hodet mitt, men så er det den tida då. Kanskje godt at eg snart skal ha kurs så kan eg inpirere dokke til å gjere noko av det:))))



Hekla ein blondekant langs kanten oppe på sokken i lin. 

søndag 30. oktober 2011

Skøyter





 Då eg var på butikken her om dagen kom eg over desse fantatiske frostbelagte skøytene. Dei passa perfekt som tilbehør til den store snømannen min.   Har planer å sy nokre slike til jul. Ellers blir snømannen med til Florø i november. Er det nokre her på Jæren som kunne tenke sy ein slik er det bare å ta kontakt . Så kan eg sette opp eit kurs. Kanskje fyrste veka i januar ville passe. Det er vinter tid lenge då ennå. Gildt å sette fram noko då og når me tar vekk jula.:)

Skøytene er ca 10 x 10 cm.  Virka som dei er laga av never/bark. 

Haust i hagen



 Lørdag hadde me ryddedag ihagen. Tømde pottene og fekk dei inn for vinteren. Fyrst var det vasking og tørking i haustsola. Sjå det flotte mosemønstra på terrakota pottene. Det vart ikke vaska vekk. 



Klematisen blomstrar forsatt. 


Hortensiaen blomstrar og flott ved trappa. Igrunnen fantastisk no når det snart er november. Eg har tre fire slik blomar ved trappa.

lørdag 29. oktober 2011

Endå ein julesokk på gang....


Endå ein julesokk på gang... no har eg tatt broderitråden fatt.  Og så måtte den jo bli lilla.... Kva anna kunne lilladør velge :)))
Eg trur det blir endå fleire og.....liksom bitt litt av basillen.


GOD HELG!

Kofte



På besøk på Fretex i Bergen kom ei av døtrene mine over den strikka kofta i grått og kvitt. Ho sjølv er veldig fornøgd. Kofta vart tatt i bruk med ein gong,  Den hadde til og med skinnlappar på armane som er i trenden no. Stolpen framme ber preg av å vera ei velbrukt kofte, men ellers er ho kjempe fin og heil. Gildt når ein kjem over slikt til ein billig penge. Denne kjem nok til å varme ho mange gonger i vinter.


Flott mønster og strikk. 



onsdag 26. oktober 2011

Sjølvspunne garn


Mohairgeiteskinnet mitt i stolen. På bilde under  ser de "effektgarnet" mitt:).


I ungdommen gjekk eg på husflidskule. Der hadde vi ein bolk med ull og spinning. Då spann eg desse hespene. Som i sin tid vart brukt til å spøte ein vest mellom anna. No er det gjennbruk. Eg held på med å strikke trekk til den gamle puffen vår.  Det som inpirerte meg var at eg kjøpte meg eit stort Mohairgeiteskinn frå Kalberg via Ullrommet.  Fantastisk flott, lunt og mjukt. Det har me i stolen her  i lesekroken.


 Snart ferdig med to sider. Har mange prosjekt så allt tar si tid. Men eg kosar meg med det.  Sjå det garnet.  Eg hadde fire slike hespe liggande. 


Her kan eg innta plassen med ei god bok eller med strikket.

tirsdag 25. oktober 2011

Julesokk




 I helga som var sydde eg mellomanna ein julesokk. Kanskje den kan få vere med til Florø ein tur. Sydd i lin og applikert med frihåndsquillting.  Dei som ynskje det kan godt applikere den for hånd eller bruke tungesting eller zik sak på maskina.  Det var igrunnen kjekt å byrja sy til jul .....den blir nok lagt ut for salg i hytta i desember. Av og til kan det vare gildt å vere ute i god tid:)





mandag 24. oktober 2011

Strikka kantar/skråbånd




 Eg har strikka meg ein rull på 6 meter kantar til teppet mitt. Strikka det i restegarn med litt sjatering i grått. Har testa det så vidt ut på teppet, det skal gå bra det. Men sjølvsagt går det an bruke stoffkant.  Men eg fekk bare lyst prøve. Alltid gildt med litt ny vri:)))


Så no er det bare siste verket igjen på teppet . Å sy kantane og snøkrystallane på.  Ferdig quilta er det og.....bare velstand. Klar til nytt prosjekt... Det blir nok juletreteppe og evnt, ein adventskalender.



Den japanske lønna mi


 Se fargane. Eg har allerede lagt ut mange bilde av denne no i oktober. Men fargane skiftar og dei er bare heilt fantastiske. Eg må like godt desse haustfargane i tillegg til lilla då:)


La fargaen inpirere deg til noko gildt. Enten det er stikk,søm,maling etc. Eller bare det å nyte hausten og kvardagen. Sett farge på den!
Ha ein fin dag!

søndag 23. oktober 2011

Opppusingsprosjekt


 Gangen utforbi døra til Lilladør. Er prosjekt for tida. No skal panelen bli mala og grunningen er gjordt. Det er kome ny maling der sperregrunning og kvistlakking er i ett. Taket skal bli eggekvitt og kva farge resten  av rommet og dørene får er litt usikkert ennå:)


Prøveboksane står klar.......spennande. Gler meg. 

Portemonet




 Har strikka denne portemoneten av lingarnet eg kjøpte i Riga.  Brukte strikkemaskina.  Deretter overført eg bilde. Før eg fora den og sette på lås. Kan også brukast som ei lita veske ved å sette på ei snor.


torsdag 20. oktober 2011

På syrommet...


 Har kosa meg på syrommet dei siste dagane. Der vinterstoff og vinterfarger har prega det eg syr på. Litt med  tanke på kurset i Florø i november. Kanskje de som har tenkt dykk på kurset kan samle litt vinterstoff  og evnt. ta ein tur innom Fretex og sjå etter gammalt strikk. eller finne avlagte strikkplagg heime. Eg har kombinert stoff og strikk i eit teppe! Eg synest det har vore ganske interresant og gildt. :) I tillegg har eg planer om å bruke litt helka små servietter i teppet.


 Eg har og laga nokre snømenn, her er det ein med omsydd strikkejakkeog glimt i auget. Eg har kalla serien "vi er alle ulike" og formene variere  ganske mykje. Tenk å få lov til kose seg med slik gildt og morosamt arbeid. Har tenkt å pynte dei to siste snømannene i kveld......Som dokke ser har eg vore ganske grå og kvit denne veka, spennande og få lov til jobbe med ulike farger.


Her har eg kombinert strikk og ullfleece til jule og vinterhjerter. 


Har også prøvd meg på overføring av bilder med T-shirt transfers men konklusjonen er vel at eg liker bedra å overføre bildene til vanleg stoff.  Trur det er meir haldbart.  Men gildt å prøve noko nytt. Kjem som regel noko godt ut av det:)


Eg har og sydd meg ein liten pose i 100% lin som eg enten kan ha til gåvepose  eller rett og slett til å ha broderiet mitt i. Her har eg brukt t-shirt transfers til overføring av bilde.

Ha ein fin og kreativ haustkveld!

mandag 17. oktober 2011

Dominostrikk













No er eg ferdig med puta i doministrikk.  Kjekt "sofastrikk" når du skal slappe av og vere sosial samtidig.  Har strikka den i Rowan fine tweed 25 gr. nøste i 100% ull. Det gjekk med ca 175 gram totalt.  Det var  godt å strikke med og kan anbefalast på det varmaste.  Garnet har eg kjøpt hjå Anny på Idestova på Bryne.
















Bakstykket har eg strikka rett strikk i striper mens framstykket er i dominostrikk.




Eg tar nok denne puta me meg på strikkekvelden i Florø i november. Kanskje nokon har lyst strikke ei slik eller noko liknande. Sette sine farger på. Kva med vinterfarger? Nostalgiske farger? 











Eg er nok veldig inspirert av haustfargane. Som dokke ser glir puta rett inn der:)








Ha ein fin haustkveld. Nyt den. Haustenkveldane  er flotte med masse lune farger og stearinlys.
Klem lilladør

søndag 16. oktober 2011

Blomster både " naturlege og laga "

På trappa 16 oktober. Fantastisk med den regnfulle hausten. Håper eg kan bevare dei lenge ennå....bare eg ikkje får frost på dei.



 Også den japanske lønna mi er flott. Acer paimatum Orange Dream.


 Ein tur innom gjennbruken på Klepp på torsdag. Litt broderi og litt små hekla brikker (13 stykk fann eg).  Dei små "brikkene" har eg tenkt å bruke på teppe eg skal ha med meg til Florø på kurs i november. Då blir det snøkrystaller.:))

lørdag 15. oktober 2011

Hals til den nye genseren



Strikka hals til den nye genseren og til haustens garderobe:).  Valget falt på å strikke det i baby silk og alpakka. 6 nøster totalt. Strikka på maskin 50/50 masker i bredden.  No er ho godt kledd for hausten med  nordavind og regn i Bergen.  Det finst vel ikkje noko som er meir behageleg og varmt enn alpakka og babysilke rundt halsen.  Garnet vart kjøpt i byen idag.  Så litt effektive har me vore idag og.



Eg måtte bare ha med treet mitt på trappa..... kjem stadig tilbake til dei flotte fargane.


God helg forsatt :)  klem  Lilladør.

Reprise, same procedure as last week


 På kafe besøk igjen. Samme sted men ikkje samme selskap som sist helg.  Slik er det når døtrene kjem heim og er heime i ulike helger.  Men ein god ting kan godt gjenntakast.


 Meny skillingsboller i muffinsformer med eller uten eggekrem. Valget vart likt denne gongen og.  Kan det være familietrekk:)



 Se den flotte genseren ho hadde som var med meg. Eg trur den var nyinnkjøpt  på byturen idag:)

God helg. 
klem lilladør