torsdag 17. mars 2016

Gul påskedame :)


 Eg har brukt same oppskrift som nissane i sist blogginnlegg. Bare at eg no strikka i gule påskefargar.




 Her er ho hengt opp ute på leveggen til ære for fotografen. Men dama trur eg er på flyttefot til Sunnfjord.


 Eg pynta opp kjolen med lilla hjerte.



Det blir nok fleire av desse.... kanskje det kan bli eit haustprosjekt....ein strikkekveld eller to!

Klem
Lilla dør

onsdag 16. mars 2016

Nissepar seint eller tidleg ute :)



Eg vart inspiret på Instagram av frustrikk. Dette kule langnisseparet er designa av Stine Gudmand-Høyer. Mønster fekk eg fatt i på filcolana.dk. Men har sjølvsagt gjort det på min måte....slik eg synest vart enklast og så er vel mine litt større.



Rødt og lilla om ein annan.
Fin fargekombi syneste eg.



Ho med skjerf og skjørt.  Han med skjegg.



Ha ein fin vår med eller uten nissar...... i morgon kjem ein ny vri. Ein gul variant. Velkommen innom bloggen for å sjå.

Klem
Lilla dør

tirsdag 15. mars 2016

Litt meir vår på kjøkkenet


Denne koselige kaninen vart med heim i frå Stuttgart. No pryder den bordet på kjøkkenet saman med anemonen.


 Desse kyllingane hekla eg for to år sidan.

SE meir om dei hekla kyllingane her :)






Hønene er på plass :)


Anemone som eg har planta i potte med mold og litt sand. Pynta med små steinar.


titt tei




Snart påske.....bare ei lita veke igjen.

Klem
Lilla dør

søndag 13. mars 2016

Ullsålar



klar til bruk.....varme og go´e.....


 Turstrikk ....bare rett fram og tilbake i friske påskefargar. Inspirert av ei strikkeside på facebook. Så idéen  er ikkje min, husker dessverre ikkje opphavet:)




 Stor før toving 80 x 55 cm. eg strikka opp 5 nøster med fritidsgarn totalt 250 gram


 etter toving ca 55 x 35 cm


 Eg fekk tre par sålar... det blir til dei håpefulle og gubben til påskeferien. Tenk å ha slike varme gode sålar i støvlnane når med skal ut og fiske eller ved grua ved stranda. Rekna med godt ver og mykje strandliv med vaffelsteiking, spidding av pølse og ikkje minste koking av egg.


 Av restane vart det hjerter


Litt ulike størrelser klipt på måfå for å nytte ut alt strikket



klem
Lilla dør


lørdag 12. mars 2016

Påskeegg med vårblomar


 I fjor fekk eg eit egg av gips i gåve.... kjempe fint med påskeliljer,museøyre og stemorblomst. Eg tok vare på sjølve gips egget. Så då var det jillt i dag å kunne kjøpe tre typer med vårblomar og plante  saman med mose, fjær og lyseblå egg.


 Perleblom, iris og gule stemorsblomar.




Ha ei fin helg fortsatt!
Snart påske.....gler meg.

Takk til dokke som ser innom bloggen å legg igjen eit spor. Det varmar og gir inspirasjon.

klem

Lilla dør

torsdag 10. mars 2016

Stuttgart tur igjen......venninnetur denne gongen


 Når ein reiser på tur langweeend bare to venninner er det viktig med strikk. Sist helg var eg og ei venninne på langweekend til Stuttgart. Denne veka har vore så travel og gått så fort at det ikkje har blitt tid til blogging før nå i kveld. Men det er jo bedre seint enn aldri:)




 Vårlig i butikk.......


Brezel er eit must .... denne turen vart det mange av dei


Manufactum er ein kjekke design butikk i 2 etasjer....


Idena har mykje hobby utstyr. Denne gongen vart det lite handel der, men måtte innom.


 Se det fargespelet .....kunne ha tenkt meg nokre av desse italienske pottene . Eg ser vel på dei kvar gong på Markthalle.



 Eg fann ein stor fin bokhandel med mykje fine og nyttige hage- og hobby bøker. Snopte nokre


Til og med egne bøker for humle-hotell...kjøpte ikkje men bare såg og vart inspirert, Brukte ei stund på den butikken ein av føremiddagane:)


Vår på markedet på lørdagen.


Tusen takk for fin tur. Heldige meg!

Klem
lilla dør

onsdag 2. mars 2016

Gult er kult også i strikk


 Eg har strikka denne håndduken på pinnar nr 4,5 og i dobbelt bomullsgarn. Tenkte å bruke det som gjestehåndduk på toalettet.... til påske. Så det blir vel eit hytte produkt dette og.
Eg likar godt å sy hemper på dei, denne fekk ei marimekkostripe på seg.




 Desse har eg strikka på strikkemasskinen der eg strikka opp alt bomullsgarn i gult, grønt og oransje. Gjekk å bruke frå garnlaget. Ekstra kjekt vist eg klarer minske det. Prøver helst å bruke det eg har for tida.....
Men av og til finn eg noko garn eg bare må ha og så mangla eg av og til rette fargen. Her i veka måtte eg kjøpe meir gult fritidsgarn.....må bare ha. Skal få sjå kva eg bruker det på bloggen om litt.


 Detalj bilde der ein ser den blå effekt kanten på den eine sida ( for moro skuld) 


Eg likar som sagt godt stoff hemper...som desse småblomstrete skråbånda.


 Dei som eg har strikka på maskin vart litt tynnar og eg har tenkt å bruke dei som kjøkkenhånddukar. La opp 100 masker på strikkemaskina og strikka med strøste maskestrørrelse på mi maskin - 10.




Ha ei fin veke fortsatt!

Klem
Lilla dør