fredag 30. november 2012

Novemberstemning på trappa


 Jillt å pynte ute og. Snart kan me ta fram julelysa. Eg rekke nok ikkje det denne helga men eg får ta det igjen over helga. Eg fekk meg ei julerose sist helg, den gler eg meg over kvar gong eg går forbi ho:) Det er bare så ho lyse mot meg.



Ha  ei fin helg.
Klem 
Lilla dør

tirsdag 27. november 2012

Jakke i alpakka


 Eg har strikka meg ei jakke etter ei Dalegarn-oppskrift. Eg  valde å strikka den i alpakka istaden for Falk. Og så tok eg kontrast farger på armlinningane. Alltid jillt med sin eigen vri:))


Det var artig å strikke frå halsen og nedover......hadde ikkje gjort det før. Også slepp ein alt  monteringsarbeidet. Fantastisk:))


Klem Lilla dør

Ruteliljer


No har eg fått alle løkane i jorda. Gler meg til våren. Var i Tyskland i haust snopa litt løkar då ( NB dei er i jorda for lenge sidan).  Desse ruteliljene  fann eg her om dagen til halv pris så eg er gjerne litt seint ute. Men fine var dei.  Så no håper eg bare på rik blomstring til våren:) Slike klokker har eg lenge hatt lyst på. Så her er det snak om kupp igjen. :))))  Eg liker godt kupp.

Klem 
Lilla dør

mandag 26. november 2012

Vinterpiknik


 Rose og bare tørre kvister er flott pynt i desse haust/vinter tider. 



 Ei bok med mykje kreativt innhald og inspirasjon.  Vakre heimar og juleidear frå inspirerende interiørbloggar. Franciska Munck-Johansen står bak boka. Alt frå mange gode kakeoppskrifter, pynting, julefryd, julekos på kjøkkenet, julepakkeinnpakning, vinterpiknik idear finn du der.


 Kanskje denne jula???. 


 Ein av mine draumar for denne jule- og nyttårshelga:) Piknik tur:) Sjå berre her;



Imens får eg drøyme vidare og bli inspiret til å byrja juleførbuinger...Småkakene er jo best før jul, stemme ikkje det.????  Det er ei fantastisk flott tid me no går inni. Neste helg er det advent og desember månad.

Klem Lilla dør

søndag 25. november 2012

Puffen er ferdig montert....ikkje verst:)



Nå har eg montert det strikka trekket på puffen. Ca 400 gram finull gjekk med. Strikka på maskin i norskmønster. Eg valde å bruke ulike grånyanser for få litt meir liv i mønsteret. Er litt usikker no om det var den beste løysninga. Men er nesten heilt fornøgd:). Eg kan jo strikk nytt seinare i nytt mønster og farge. Kanskje eit lilla som matcher døra mi:)




Eg tok puffen med ut på terrassen for sjå fargane i det lille dagslyset som var. Som dokke ser vart fargen mykje klarare. Det er nok den reele fargen.






 Kjekt å hente inn blomar frå hagen forsatt. Nyplukka blomster til frukostbordet i slutten av november er ikkje så verst. Klematis og ein lilla spansk magaritt blomst:)


Goe søndagskveld!

Klem Lilla dør

lørdag 24. november 2012

Bjørka er på plass




 Idag fekk eg inn bjørka i gangen: Den me hogde sist helg.... den har stått til tørk:). Så i år er Lerketreet. bytta ut med bjørk frå eigen hage.  Fuglane er byrja å flytte inn :)








Ha ein fin lørdagskveld!
Klem
Lilla dør

fredag 23. november 2012

Fredagsmiddag i ein fei:)


 Helg igjen og ein enkel og goé fredagsrett.  Når me kjem frå arbeid og skule kan det være godt med noko godt som ikkje krev lang tilberedningstid og i tillegg er eit godt alternativ til pizza.


 Og servietter frå Åhlens!!


 Foccaciabrød steikt i rundkakeform (eller kjøpt hjå Charles & de). Eg delte det i to, smurte på eit lag med heimelaga pesto og fylte på med salatkylling, tomat, agruk, salat og mozarellaost. Serverast som " kake" og delast opp i ønska stykke:)


Goé fredagskveld
Klem 
Lilla dør

onsdag 21. november 2012

Ferdig strikka - berre monteringa igjen


 Av og til er det veldig greit med strikkemaskin.  Trekket til den gamle Ikeapuffen er ferdig!!! Har strikka det i norskmønster/åttebladroser på strikkemaskina. 
Det gjekk med nesten 400 gram Finull.


 Så nå er det bare monteringsarbeid igjen, festing av tråder og å sy saman dei fire sidene. Ofte går det litt tregare hjå meg med slikt arbeid......
Det er alltid meir spennande å strikke og lage nye ting:)


 Ellers har me fått ei nye bakebok i hus...kjempe fin!!!!!! Så no ligge det godt ann med goe gjærbakst. Har ikkje fått prøvd oppskriftene ennå med er inspiret til det. Ei  kreativ og flott bok. Med det lille ekstra :). Dei sel boka på Lisi Design på Jærhagen.


 Du blir svolten berre av å lese bak på boka. Kanskje eit julegåve tips:) i desse tider.


Velkommen til nye følgere.
Jillt når de legg igjen ein liten kommentar.

Klem  Lilla dør

søndag 18. november 2012

Fantastisk jillt har det vore


Eg har hatt ei flott helg med mykje jillt innhald. Eg har fått gjort mykje som eg har hatt lyst til lenge. Fått sulla rundt og pynta litt, vore på hogst i eigen skog i hagen:), fått strikka og hatt mange gode kopper med kaffi. Til og med føremiddagskaffi i sola ute:) Her ser du bjørka me saga ned. Den var ca 6 - 7 meter.




Bjørkeriset brukte me til å laga nytt tre/søyle på trappa til å surre julelys på når desember kjem. Resten av prosjekt kjem etter kvart. Fekk brukt heile treet. Kun ein meter av stammen gjekk til ved:) Det blir spennande å sjå om eg blir fornøyd når prosjet er ferdig....kanskje neste helg. Godt med desse heimehelgene med fri.




Jammen såg me sola idag.
Så då var det ikkje lenge før eg og kaffi kanna var på plass og kunne nyte det vi laga i pøsregnet i går :)


 Eg har og byrja på nytt strikkeprosjekt på strikke maskina. Eg har lenge tenkt å lage trekk til puffen i gangen. Ulike gråfarger i norsk mønster - åttebladroser. Strikkar i Finull, det er nok i det tjukkaste laget for maskina! Må ta tida til hjelp, ellers mister eg fort masker:)


 Litt av det eg plukkamed meg på fjellturen til Voss og Mjølfjell tidlegare i haust. 


 Mykje god tid til inspirasjon. I blader og som her i ei flott strikkebok eg har lånt for helga...den må nok stå på ynskjelista mi. Er litt fasinert av å strikke ovanfrå og ned.


Når det er surt og mørkt ute er det ekstra jillt å pynte og tenne sterarinlys inne. Så kan eg bare nyte det å vera inne med god samvittighet.


Velkommen til nye følgarar og alle dokke som er innom. 
Takk for kommentarer.

Ha ei fin og kreativ veke.
klem
Lilla dør