lørdag 30. august 2014

Puno genser/ Kjærestegenser


Eg har strikka genser til eldstemann. Han ønskte seg ein lett og varm genser til turbruk.  Fargen er sjøgrønnblå og minner meg om brevatn. Veldig fin spør du meg. Genseren er strikka i Punogarn som er  veldig lett. Alpakkagarnet er varmt og har i tillegg mange gode eigenskapar. Eg brukte mønsteret til Skappelgenseren/kjærestegenser, det same som eg brukte til genseren til gubben  Sjå her


Merkalappen inni genseren med "strikka av mamma" er viktig:) 



Har strikka langt bråt på armane slik at ein kan dra det fram nesten som fingervottar.





Dette har vore eit av fleire sommarstrikk i år. Perfekt bilstrikk.


No er genseren kommen til Bergen og er klar til bruk. Håper og trur mottakeren er godt fornøgd. Genseren er strikka med omtanke og glede.

Mamma klem

tirsdag 26. august 2014

Snart september og eg er klar for ........



Å tenne lys og sette seg ned med spøtet og nyte sensommerkveldane / hausten. Kvar årstid har sin sjarm visst :)



 Fekk pakke i posten her om dagen,  garnfidus.  Har lenge sett etter garnfidus men måtte tilslutt bestille det på nettet. Er veldig fornøyd med den.



Dette fantastisk fine stoffet snopa eg Grimstad sist helg. Var det ikkje fint? Har ein plan og gleder meg til meir tid på syrommet etter kvart.

Eg skal forresten ha to helgakurs i haust. Spennande. Gler meg. Har du lyst å gå på kurs med meg?
Sjå her:



Ha ei fin og kreativ veke.
Klem
Lilla dør

onsdag 20. august 2014

Sengeteppe/slumreteppe/studentteppe


Då eg var i New York for to år sidan kjøpte er 2,5 meter av dette Marimekko stoffet. Planen var klar.... men det tok ei tid før det vart ferdig. Men no har ein av studentane fått det med seg på hybelen sin.



 Eg valde å quilte på kryss og tvers av teppet. Det var ikke heilt enkel pga størrelsen på teppet. Eg fann ut at det var viktig og tråkle og stryke godt:))


 Valgets kvaler for farge på lukke kanten. ......... i grunnen vart valget enkelt. 


 Bakstykket vart eit stoff som eg hadde hatt liggande til modning ei stund. Passa perfekt:) I grunnen godt med litt lager på syrommet. 


 Fine fargar i teppet. Eg liker godt designet på stoffet.



 Passar perfekt på ei 90 x 200 seng


 Måtte bare sjå fargane og effekten av kveldssola på det inni mellom regnbyene idag.


Lykke til med hybel- og studenttilværelsen.

Klem
Mamma

tirsdag 19. august 2014

"Ruths tour" koppar



Me hadde ein familietur i sommar i anledning eit jubileum i familien. Der fekk me kvar vår kopp. Praktisk og greit for ein kaffidrikkande gjeng og eit jillt minne. Kaffikoppane var klare enten det var frokost på ferja, rast eller picknick med kake underveis.
Dei var både kule og fine:) spør du meg.

 Design og handmade dekor av mi kjære svigerdatter Ingri.


 Det er i utgangspunktet ein Ikea-kopp som er tegna på og steikt i ovnen. Slik at han no tåler bruk og vask.




 Ikkje fritt for at dei vekte oppmerksomhet på turen .....desse koppane. Me fekk goé service på cruiceferja til Lysebotn. Nesten så me angra at me ikkje hadde laga nokre ekstra til utdeling.


Motivet er begge bilane våre som me brukte på turen. BMWen og Touranen.  

Klem
Lilla dør

søndag 17. august 2014

Ein smakebit fra tyske strikkebutikker



Eg var litt innom Nord-Tyskland i sommar på biltur. Bare i Flensburg låg strikkebutikane tett:). Og mykje fint garn til stor fristelse.


 Mykje spennande garn i fine kvalitetar.





 Her kjøpte eg meg garn til denne halsen mellom anna.


I Kiel fann eg denne butikken. 


 Sjå alle dei fine sokkane



 Sjå dei fargane


Kjøpte garn og starta på dette prosjektet ....... kjem meir etter kvart
Blir aldri arbeidsledig.
Eg fann ut at eg hadde vore innom nok garnbutikker for denne gang:) men Tyskland har verkelig fått augene opp for strikking dei og.
Klem 
Lilla dør

lørdag 16. august 2014

Omsøm


Dette blåklokkestoffet er dei fyrste kjøkkengardinene eg og gubben hadde. Nesten nostalisk.
 No er dei blitt putetrekk til ei store pute. Det blei med på eit flytte lass.


Stoffet heiter småklokke design Nora


Det passa godt saman med det blåstripete sengesettet.


Jillt med omsøm.
Slik at stoffet kom til heder og ære att etter å ha lege lagra på syrommet i 20 - 30 år:))

Klem
Lilla dør


onsdag 13. august 2014

Flyttebyrået har hatt oppdrag igjen:)


 Ei av prinsessene mine er blitt student i Oslo. Og me var så heldige å få køyre ho. Takk for fin Oslotur:) 


 Mykje tid til strikking med ca 16 timer i bilen på ei helg:). 


 Oblatorisk er ein tur innom Ikea:) når ein er på flyttefot





 
Aker Brygge
Lunsj 


 Endå meir strikk på gang:)


 Eigen knust hadde ho og med på flyttelasset. Utsikten frå kjøkkenterrassen vår :)



 Gamle stolen frå mormor som morfaren har trekt om for mange år sidan.
 Har fått hederplass i leiligheten.


 Primulateppet som bestemor har hekla er plass i sofaen.


 Like om hjørnet i samme kvartal er det ein kaffibar. Kan det bli bedre:) 


Tid til drøs, kaffi og strikk er viktig!

klem
stolt mamma