mandag 23. januar 2017

Kjekt med late fridager som i går.


 Foruten at eg rydda meg inn på syrommet vart det tid til litt strikk og ikkje minst ein tur ut å gå. Samle skritt og energi.


Denne er strikka frå garnlageret :) dobbelt garn Duett. Skal bare strikke siste delen og så montere det. Kjem bilde etterkvart.


 Søndagstur rundt Melsvatnet .... ikkje mykje som minner om vinter midt i januar. 





 Bananbrød med havremjøl og honning. Knallgod og sunn kaffimat. Passa perfekt når ein hadde liggane nokre godt modne bananer. Eg hadde ikkje laga det før men det vert nok ikkje siste gongen. Fann oppskrifta på nettet.


Klem
Lilla dør

søndag 22. januar 2017

Syrommet er tatt i bruk igjen


 Har fått nyoppussa syrom. Gubben har malt tak, vegger og gulv 4 ganger. No er det blitt lyst og lekkert. Held på med finpussen ennå. Nye skap og bordplater +++. Kjem fleire bilder på bloggen når alt er klart. Her er i alle fall ein smakebit.


 Sjølv om eg fått go´e skap slite eg med plass. Så no er det bare bruk av stoff frå stofflaget og garn frå garnlageret som gjelder. Har mål om det iallefall.... inn til fristelsen blir for stor :)


 Har fått hatt nokre gode stunder på syrommet denne helga.... lada batteria igjen.


 Påbegynt arbeid for leenge sidan, prøver å gjere ferdig "ufoar"


 4,5 meter med bordplater er i grunnen fantastisk ...... skal få sjå meir bilde når ting er meir på plass.


 Egne tråd skuffer.  Kan sy litt her ja :) har litt fleire skuffer. 


Gamal stol etter pappa gjere nytten som kaffi og besøkstol :) i eine hjørnet på rommet. 


Tusen takk for fantastisk flott og go`e innsats til gubben! 
Håper det blir fleire blogg innlegg no når eg har fått igjen syrommet og får meir tid til kreative sysler.

Klem
Lilla dør


mandag 9. januar 2017

Brodert putetrekk


 Julemusa og bamsen


 Nytt sticheri... usikker på designeren men eg tegna av min eigen variant. Synest motivet passa til julesengeteppe.


Har brodert motivet på eit kvit putever :) passa til 50 x 70 cm pute.



Maileg nissar


Nyttårsklem
Lilla dør

søndag 1. januar 2017

Godt nyttår


Ynskjer alle mine følgarar og lesarar godt nyttår! Håpar på eit kreativt år med mykje tid til kreative sysler innimellom andre jille ting. Kanskje eg burde gå litt meir på tur dette året....me få sjå!



Takk for alle tilbakemeldingar og inspirasjon! 

Stor nyttårs klem 
Lilla dør