onsdag 28. februar 2018

Dunlette påskekyllingar :)


Dropsdesign . Ligge oppskrift på nettet


 Eg har brukt garnet Air, det er eit tynt garn. I bunter på 25gr er det 235m. Eg brukte dobbelt garn på pinner nr 3, har strikka tre kyllinger til no og har sikkert nok til minst 3 til. Kjekke og lette å strikke på 5 pinner. 




 Fint tv-strikk :))


 Eg har fylt dei med vatt. kan godt bruke ull og. Brodert føtter og hekla nebb. Brukte svarte perler til auge.

    




Det blir nok fleire av desse no fram mot påske og ikkje minst våren.

Klem Lilla dør!

søndag 25. februar 2018

Påskeprosjekt Jæren Quiltelag


To gode venner ;) 


På marsmøtet er eg blitt spurt om eg kan ha ein påskeaktivitet, gjerne ein figur. Me kjem til  å lage noko i denne duren. Eg skal lage material pakker med stoffet me treng med ferdig påteikna mønster, klart til å sy:)
Det blir ein del maskinsaum, så ein treng å ta med symaskin. I tillegg må ein ha med saks, nåler, sytråd, stappevatt og evnt stappetang (dei som har det).


 Venter utålmodig  på at genseren skal bli ferdig strikka og så lurer han på om han ikkje får selskap:)
Begge tinga er på gang. 


 Nett no har dei flytta inn på salongbordet i heimen:) i grunnen koselig bord pynt, for ei tid.





 Klem
Lilla dør

tirsdag 20. februar 2018

Gakk-gakk sokkar


Gakk-gakk sokkar til bestemorgullet. Eg såg desse på nettet for ei tid tilbake.  Mellom anna hjå tonestingogtang på Instagram. Måtte bare strikke dei..... 


 Mønster og antall masker etc vart etter innfallsmetoden. Eg la opp 40 masker. 

 Har hatt dei liggande ei stund klar for fotografering, hadde dei ute i sola i dag men eg synest eg ikkje fekk fram den klare gule fargen som dei egentlig er i


Klar for påske og våren med desse sokkane. 

Jaja ein har vel ikkje meir moro enn ein lagar sjølv.

Ha fin veke fortsatt!

Klem
Lilla dør

lørdag 10. februar 2018

Kupp på gjenbruksbutikken igjen:)


 Kjøpte denne pyntehåndduken som er håndbrodert på gjennbruksbutikk til den nette sum kr 50.-. Saman med dei nye marimekkostoffa kan dette kanskje bli ein fin kombi på kjøkkenet no til våren, Ser for meg puter pluss pluss :)))


 fint brodert . ser nesten ubrukt ut.


 Fem nye nuperelle servietter. Eg klarer ikkje gå forbi desse......har mange. Tenk håndarbeidet som ligg bak desse.


 Brodert løper med rosemotiv.....blir nok omsaum. Kanskje nye grytekluter til sommaren.  Eg trur den er i grovlin. Motivet er i korsstring, fint handverk det og. 



Klem
Lilla dør

torsdag 8. februar 2018

Ny genser på strikkepinnane


 Sist helg var me i Oslo og besøkte studentane. Ei kjempekjekk helg. Søndag var vi på rusletur mellom anna på Grünerløkka og då måtte me innom garnbutikken Pickles.


 Eg har lenge hatt planar om strikke ein grønn genser til den yngste av guttane mine. Med garn og strikkepinner i posen var det ikkje lenge før eg var i gang.  Det blå nøstet er blitt til lue til guttane (Gjertrud har strikka dei)



 Oppskrifta eg bruker er frå boka #bystrikk. Mikagenseren, eg har strikka fleire av den før til andre og i andre fargar. Veldig grei å strikke. 


 Med vinter og surt ver er det kjekt med nytt strikk.  Men det kjem nok til å ta si tid då eg har mange prosjekt på gang samtidig.....men det er vel heilt normalt.


Klem
Lilla dør

onsdag 7. februar 2018

Besøk i Tigerstaden fyrste helga i februar


 Lørdagen hadde me fin runde i ulike kjekke butikker og kafer då..... mykje fint å se. Få inspirasjon av. Litt vart med heim og:)
Her frå Marimekko butikken siste nyheter der i frå....


 Kählerbutikken i Hegdehaugsvegen


 Hay i Hegdehaugsveien


 Gjekk nokre tusen skritt den dagen. Her på vei frå Bogstadveien og mot Kathrines Quiltestue i Fredrik Stangsgate.



Ultimate Grurye colletion


 Norway Design 
Kunne tenkt meg eit av desse fata eingong :) eit tips:)))


 Kafe er viktig når ein er på tur. Sjølv om me fekk god service og mange gode måltider hjå studentane. Tusen takk!
Her middag saman med mellom anna Obstfelder som i tillegg har budd der ein av mine studenter bur, på "Guttehjemmet" ved Bogstadveien.


 Grand kafe var nyopppussa og flott. Goé mat og


Glimt frå Guttehjemmet


Frokost i Staffeldsgate


 Kjempe fint ver den helga. Her frå Slottsparken. Sonja sin nye statue


Sonja sin kunsthall eller og Dronning Maud sin gamle stall. 



Retrolykke kaffibar  på Grünerløkka . Ein kombi kaffebar og retrobutikk.


Gler meg til neste Oslo tur....
Pluteslig er eg der igjen
Klem
Lilladør

mandag 5. februar 2018

Genser til haren


Eg har strikka genser/vest til haren i fin tynn merinoull. Håndfarga til og med. Ikkje noko rusk. Godt å få bruke opp restane. Strikka på pinner nr. 3 i rillestrikk medan lommen er glattstrikk.


I grunnen ein kjekke hare, kanskje det blir fleire etter kvart. Ser den fort kan bli til glede for barnebarnet når det veks til og.


 Eg strikka genseren litt lengre bak enn framme.


Ha ei fin veke.
 Jippi det går mot lysare tider og me er allerede snart ei veke ut i februar . Det likar me!

Klem 
Lilla dør