torsdag 27. mars 2014

Ut på ny biltur.......


 Det viktigaste nesten, når eg skal ut å reise er å pakke med nok håndarbeid og det er som regel det som er fyrst pakka. Denne helga skal eg på biltur igjen:) gleder meg. Jillt å kjøre bil når eg kan strikke eller hekle og ha godt lag.
I kveld har eg starta på nytt teppe. Same teppe som det i forrige blogg innlegg  se her men no i blågrå farger.


 Då eg ikkje hadde meir enn 13 nøster a 50 gram fann eg nokre bunter med garn frå Island som passa godt i fargen og tjukkelse (trur eg). Tenkte eg kunne spe på med det. Og om teppe blir litt mindre er det heilt greit ;)


13 nøster av dette garnet har eg. Reste kjøp på salg i Stuttgart.


 I gang


 Fine farger dette og


 I tilegg har eg med meg til hekling med litt tynnere garn........litt påskepynt
Har ein ide men veit ikkje heilt om eg får det til........


 Også kofta se her til junioren er igang. No er det bare plankekjøring heile bolen. Gutten er lang så det blir nokre omganger. Men det blir nok mest hekling denne turen og. Slik det vart på Sørlandsturen sist helg. Så får me sjå kor mykje det blir gjordt men eg har iallefall nok arbeid med meg.
Korga er klar!!!!! Bare putte termosen med kaffi oppi i morgon.

Tusen takk for alle kommentarar på sist blogginnlegg. Det varmar og gir inspirasjon til å blogge.
Ha ei kreativ helg!

klem
Lilla dør


onsdag 26. mars 2014

Hekla teppe



 Teppet eg starta på i Tyskland er ferdig.  Har hekla det av garnet Rigato som eg kjøpte på Wolle Rödel i Stuttgart. Brukte 22 nøster a 50gr. Teppet vart 160 X 160 cm. Eg brukte heklekrok nr 7. 


Varme fargar frå lillarødt til guloransje.  Veldig fornøyd med fargane. Teppet vart mjukt og lunt.




Hekla som ei stor oldemorsrute.


Som avslutning på teppet hekla eg lilla kant med fastmasker.


 Klem
Lilla dør

tirsdag 25. mars 2014

Vår og vaffeldag.........nesten sommarstemning



 Tenk å kome heim frå jobb og kunne tenne opp i bålpanna. Grille pølser og kjenne sola varme.......kan det bli bedre. Kaffi i koppen. Vindstille på terrassen.........



Weber bålpanne


Vaffeljernet klar til å steike vafler på bålpanna. Dei smakar ekstra godt saman med bållukta:)


 Vaffel oppskrift:
3 egg piskes saman med litt sukker. 
5 dl surmelk ( evnt litt rømme)
1/4 ts natron ( ha opp i surmelka)
1/4 ts hjortesalt løysast opp i litt vann
mjøl til passe tjukk røre.

Bruk meierismør til steiking. Spesielt viktig når du steiker på bål.


 Håper på mange slik fine ettermiddager på terrassen


Ha ein goé kveld. Nytt kvelden. 
Klem
Lilla dør

mandag 24. mars 2014

Sørlandstur


Fyrste stopp var Kristiansand og ulike spennansde butikker der som Kreativ Quilt, Lyspunktet, Hansen & Co. ++++++ :) Og sjølvsagt innom kafeer:) . Kva er ein bytur utan kafebesøk, iallefall når ein reiser med godt lag.


 Lørdag ettermiddag var eg ein tur innom Nqf sitt årsmøte i Kristiansand. Mykje jillt å sjå. Både på utstillingane og i butikkane...... mykje fristande.


 Her frå Lappemakeriet sin butikk.
Frå ulike butikkar og litt frå utstillinga.


             Katrines Qulitestue, som forøvrig vann beste butikk-prisen. noko som var velfortjent.
Så no skulle eg jo hatt ei veke fri, fått sy litt etter all inspirasjonen, men pliktene kaller :)


 June frå Bernina var der.  Bernina er tingen spør du meg. Eg er veldig fornøgd med mi maskin.



 Litt stoffhandel vart det og........ikkje heilt tradisjonelle stoff for min del. Mykje mønstete stoff som eg fall for der og då. Såg med ein gong kva eg kunne bruke dei til :)




 Måtte jo ein tur til Grimstad og besøke studentane der:). Var innom ein veldig koselig og særprega kafe der søndag føremiddag før vi sette nasen heimover mot Jæren igjen.
 Cafe Ibsen med mykje sjel. Bare sjå:










Hadde heimturen tatt ein liten time til, hadde nok teppet mitt blitt ferdig. Bare eit og eit halvt nøste igjen:)
Det er ikkje lenge til neste biltur.......blir nok ferdig då. Eller før........

Velkommen til nye følgarar. Det varmar.

Klem
Lilla dør

lørdag 22. mars 2014

God helg!



Ha ein kreativ og fin helg!


klem
Lilla dør

fredag 21. mars 2014

Litt gjenbruk



Eg har etterfylt vårkassen frå i fjor med litt påskeliljer. Dei lyser godt opp på terassen, dei gule påskeliljene.
Kjekt å ta med kaffikoppen ut og nyte våren. Idag har det vore nydelig ver på Jæren. Slike dagar ein skulle ha hatt fri.......me får håpe helga blir fin og.


God fredagskveld!

Klem
Lilla dør

torsdag 20. mars 2014

Fanakofte på pinnane


 Junioren og eg var på garnhandel igår. Hjå var lokale garnbutikk igjen......... Idestova på Bryne hjå Anny.
 Eg har lova å strikka ei kofte til junioren. Eg håper eg klarer bli ferdig med den til hausten. (Husk eg har mykje på gang). 


 Inspirasjonskilde er boka om Fanakofter.


 Her er det mange ulike variasjoner og mønster ein kan sette saman sjølv. Spennande.........


Valgas kvaler eller gleder




 Grått og ubleika vart farge valget til junioren. Gler meg til starte på prosjektet.


 Fana kofta har i grunnen mange fine mønstermuligheter og samansetninger. Det liker me.


Som du ser frå desse mønsterklippa frå boka, er valgmulighetene store





Dei fleste bildene frå dette innlegget er frå boka. Fanatrøyer ( Eide Forlag)

Ha ei fine veke forsatt. 
Klem 
Lilla dør