mandag 30. september 2013

Trehus


 Drivved i frå fjæra har eg alltid samla på. Eg hadde ein stubbe som eg har samla på i lang tid, eg trur faktisk den var så gamal at eg fekk den av pappa ein gong. 
No fekk eg føre meg at eg kunne lage den om til to små hus til å ha i vindaugskarmen eller til pynt på bordet.
Gubben er ikkje vanskeleg å be .... snart hadde eg to fine trehus.



 Laga meg eit haustleg miljø på stovebordet


 Keramikkhjerte frå Hellas


Litt blomar frå hagen


Corokia er namnet på planten.



Ver og vind har laga fantastisk fint mønster i treverket i husa


Ha fin nye arbeidsveke
Klem
Lilla dør

lørdag 28. september 2013

Filleryer kanskje med litt nye bruksområder


 Her om dagen kjøpte eg meg to nye små filleryer til kr 35,- på Ikea. Planen var klar. Ved å bretta dei i to og sy rundt dei på tre sider fekk eg ei perfekt og robust pute. Putta sjølvsagt inni ei gamal hodepute, ei litt "slank" ei, slik at det ikkje bola for mykje.


Desse putene trur eg er so rubuste at dei tåler det meste og kan vera ute i haust/vinter. Kjekt å ha ei pute når tar med meg kaffi koppen ut .:)


 Fantastisk, sjølv om det snart er oktober gjekk godt an å nyte føremiddagen i godstolen på terrrassen med stikketøyet. Det likar eg.



 Pionbusken pynter fortsatt opp på terrassen, no med nydelige haustfargar.



 Har og ei fillerye til bordløper på det store trebordet. Tåler til og med eit vindkast. Ligg like stødig.


Denne fillerya er av merke enjoy design


Goé helg vidare. Kan anbefale å ta med kaffikoppen ut og nyte hausten.



Denne fiolen blomstra så fint under pionbuska mi på terrassen.
 Kunne nesten tru det var vår.......

Klem
Lilla dør

onsdag 25. september 2013

Pyntekål og eplekasse




 Endå eit kupp....i grunnen utruleg kva som kan glede og gi inspirasjon. Eg kom over dette gigant pyntekålhodet på Bryne igår. Eg klarte ikkje gå ifrå det. Måtte bare ha det. Kjende på det etterpå at det var heilt rett. Den gode følelsen når eg har det under armen på veg mot bilen. ER det nokon som har kjent på det?
For det fyrste var det kjempe stort og passa perfekt i eplekassen min og lilla var det. 


 Det gamle pyntekålet forsvant ved sida av:)  men noen er stor og noen er små.  


 Nydelig "blomst".



Jillt å kunne pynte etter årstidene.


Ha goé kveld videre.
Go´e natta
Klem
Lilla dør

Strikka kosteskaft :)


Ny kost i heimen klar til bruk!! 


  Kjøpte meg ein piasavakost og malte sjølve kosten lilla lik ytterdøra mi:).  Plukka fram nokre restar av vamsegarn i lilla og rødt og strikka rundt og rundt i striper. Eit av mange bilstrikk. 




Takk til alle som er innom og legg igjen ein kommentar. 
Ha fine haustdager med mykje farge og  inspirasjon.

Klem
Lilla dør

tirsdag 24. september 2013

Kupp igjen:)




 På veg heim frå jobb i slutten av sist veke kom eg over nokre skatter. Engelsk broderi, nuperellebrikke og ei hekla brikke i "sytråd".


 Denne posen er i engelskbroderi. Kjempe fint arbeid på den. Her ligge det mange timers arbeid og flid. Heil og fin var den i kraftig lin/bomullsstoff.


Eg tenkte eg kunne oppbevare små hekla servietter og brikker i den:).
Den er igrunn så fin den skulle lege framme til pynt.

Klem 
Lilladør

søndag 22. september 2013

Linkorg



 Har hekla meg ei korg i lin. Den har eigentleg vore ferdig ei stund. Gg hadde bare igjen å feste trådane. No er den klar til bruk:)


Eg starta å hekle i midten i botnen.


  Eg brukte naturfarga lin og to lilla farger. Hekla med dobbel tråd og fastmasker


Brukt som potteskjuler
Passa perfekt til haustlyngen !!!!



 Eller til ha gjærbakst i til frokostbordet:)


Hekla ei hempe slik at eg kunne henge den på kjøkkenveggen


Ha ein fin søndagskveld. 
Klem Lilladør

lørdag 21. september 2013

Hagelørdag


 Ein etterlengta heimelørdag der ein har goé tid og kan rydde i hagen og samtidig ha tid til å være litt kreativ. Her har gubben og eg gått laus på eit rognbærtre i hagen.


Eg fjerna blada på rognebærgreinene 



 Greine med bær på prydar no gangen min. Blitt riktig goé hauststemning der.


 Fin fargemiks



 Ellers tømte me urnene for sommerblomar og rydda......det trongs og då kom det bedre fram det som forsatt står fint.



 Denne stauden fekk eg av ein kollega for ei tid tilbake. Eg trur den kallast "kyss meg bak gjerdet" :) på folkemunne. 


 Rydda drivhuset fekk me også gjordt. Tømt det for tomatbuskene slik at me no kan sette inn  blomsterpottene til vinterlagring.


 Årets siste tomat avling. Kjempe søte og goé. Takk til junioren som har skaffa mange gode tomater og små agurkar til oss i sommar:)


 Etter inspirasjon frå ei eg fylgjer på Instergram (sarahsrom), laga eg meg ein eplekrans til å ha på trappa. Fekk fatt i røde fine og faste eple igår.




Kaffipausene er tette hjå oss, og då er det ekstra godt me litt ekstra attåt kaffien ein lørdagsettermiddag.  Fekk til og med  baka litt til helga. Det er ikkje alltid ein får gjordt alt ein har paner om. Oppskrifta finn du i linken til i blogginnlegget eg la ut i føremiddag. sjå her

 Ha ein fine kveld.
Eg har tenkt å finne fram strikketøyet mitt no, klarer kanskje avslutte eit av mange prosjekt eg har på gang.

Klem
Lilladør