mandag 29. februar 2016

Tova tøflar


Eg strikka tre par med tøflar etter oppskrift som eg fann her;

Eg strikka dei i fritidasgarn i tre ulike sjøblå/mint fargar.


 Det har vore bilstrikk dei siste gongene eg har reist til hytta.


Fine fargar og kjempe gode.....


Men eg var litt for tøff når eg tova dei i vaskemaskinen. Fyrst tova eg dei på 40 grader og det var for lite. Eg var usikker om eg skulle vaske dei ein gong til på 40 grader (det burde eg ha gjort) men eg vaska dei på 60 grader.  Dei vart kjempe fine men for små. Det eine paret kan jentene bruke....


desse flyttar til Skorane


til salgs 


til salgs


No eg i gang med å strikke ulike vottar av garnrestane.... her er det mariusvott som skal tovast.


Klem
Lilla dør

søndag 28. februar 2016

Strandhelg med sol og blå himmel i februar


 Snø og klart  var det lørdag føremiddag då eg og gubben hadde fine tur på Borestranda....




 Denne var skylt i land... brisling trur eg.


 Fuglingane 



 Søndag gjekk turen frå Sjøhusa på Sele til Hellestø og tilbake.


 Se det fantastsik fine veret stilt, klart og sol. Kan det bli bedre?


 Freistein ligg rett utforbi... Håper eg får ein tur ut dit ein gong....


Vi gjekk langs sanddynene ein del av turen ......gode trim for vinterstøle folk :)))



 Kaffi og appelsin pause i sola på Hellestø medan vi såg på surfarane.

Tenk å ha eit slikt fint turområde i nærområdet....heldige oss. Jærstrendene er iallefall mitt favoritt turområde.....


Så var det heim på terrassen til havrevaflar og kaffi...ikkje feil det heller. Spesielt godt smakar dei når ein steiker dei ute og har nett vert på tur og sola skin.

Takk for ei fantastisk fin ute helg. To flotte turar langs sjøen.....
 I går vart det litt hage- og i dag terrasseliv......... det vårast på Jæren.

Klem
Lilla dør

Strikk, kaffi og hekla tepper



Kaffi og strikk nokre timar på terrassen ein solfylt dag i slutten av februvar er ikkje feil.......slik har me hatt det i dag.


Haustjakka mi :) kanskje blir eg snart ferdig så det kan bli vårjakke .....kanskje, kanskje ikkje .......
ellers må det bli haustjakke. Håper på det beste. Men eg har så mykje på gang både søm, hekling og strikking. Alt må prøvast og testast. Noko andre som har fleire prosjekt i gang?


 Junioren har vore heime no i vinterferien og mellom anna har han fått teppet sitt som bestemor hans har laga. Primulateppe til Arne og Carlos. Det til venstre er hans og mitt til høgre. Mi svigermor har laga eit til kvar av ungane mine og eit til meg og gubben. Dei er heilt fantastisk fine og til stor glede for oss alle. Det var ein stolt gutt som reiste med sitt teppe i dag.


Sjå det fine fargespelet ingen blomster er like alle unike..... og fine.

Tusen takk! 

Klem
Lilla dør

lørdag 27. februar 2016

Lysare kveldar og nydelig vår/vinter-vér


 Borestranda er eit fantastisk fint turområde. Den ligg bare nokre minutt med bil frå oss....og me ser rett ned på den:)


 No, når det blir lysare dager er det mulig å gå etter jobb, det liker me.....
Hadde ein flott tur her om dagen.


 Mange flotte steinar er blitt skylt i land..... Stranda forandra seg heile tida så dei forsvinn vel ut igjen i sjøen, eller det kjem ny sand oppå.  Me høyrde kor sjøen jobba med steinare....




Fuglingane er eit fint turmål
Satsa på fint vér i helga.... 
God helg

No er eg klar til ny tur.....fantastisk fint vintervér med sol  på Jæren idag :)

Klem 
Lilla dør

fredag 26. februar 2016

Fliseleggingshelg...... nøyaktighetsarbeid nesten som lappeteknikk:)


Sist helg var me på hytta og flisela golvet på gangen og veggen over kjøkkenbenken. Den eldste junioren og gubben stod for arbeidet. Eg var konsulent og kokk den helga. Dei var fantastisk flinke. Nøyaktig og flott arbeid. Så eg er stolt mor og kone:)


Her er det millimetarane som teller. Flisen er så kalla historiske fliser. Me har dei på badet på hytta og. Veldig fine!!! Men pga mønsteret er dei ikkje dei lettaste å legge. Me brukte 3 mm kryss mellom flisene og fugemassen var mellomgrå


klar til fuging. Badet inn forbi var lagt tidlegare.


Her er det førebuing av kjøkkenveggen... Lange fliser ca 80 cm trur eg.....


Her skjeres det hakk for kanta og lysbrytar. Men for det meste brukte me flise saga som står rett utforbi døra her men til små detaljer måtte me til med denne sirkelsaga:)
Fekk lånt oss flisesag av broderen, den fungerte fantastisk. Tusen takk!! 


Her ferdig over komfyren og steinplata



Over disken..... vart nokre meter totalt med keramikkfliser. Vart ferdig:) og veldig fornøyd.

Takk for go´e innsats!

Klem
Lilla dør

søndag 21. februar 2016

Fruktfat med asjettar til


 Fann dette fine fatet med asjettar på Gjenbruken her om dagen....eit kupp igjen kanskje? Fine i glasuren og spennande lys gul farge. Ca 28 x 33 cm stort. Ganske så retro....


 Tre kvite og tre gule asjettar i litt oval form med ulike motiv på dei kvite asjettane.







Eg fann og dette gamle fatet til ein billig penge. Kvitt er alltid in :) kan brukast til så mykje...... 
Figgjo Flint det og.......

Klem
Lila dør