tirsdag 22. september 2015

Dorthe Skappel strikk....



Eg har strikka jakka/kåpa Marthe til Dorthe Skappel til ei av jentene mine.
Eg stikka den i Suri alpakka, Mini alpakka og Myk.


Klar til bruk ....blir ei lun og varm jakke til kalde haustdager. 




Viktig med signatur 
Fortsatt kjekt å strikke til jentene sjølv om dei no etterkvart strikkar mykje sjølve.


Sjå desse fine hortensiaene ved trappa som er i ferd me å skifte farge frå knall blå til lilla:)
Kjempe fin farge attåt steinen som også var perfekt plass for fotografering av jakka.


grått i grått




Bilde i frå boka der dei strikka i same farga som eg.


Oppskrifta er henta frå denne boka ......Marthe jakka er
strikka på pinna nr 7.  Oppskrifta er one size


Mamma klem

mandag 21. september 2015

Tilbehørstrikk


Eg fekk denne pakken med tråd, mønster og knappar til pulsvarmarar då eg fylte år i sommar.  Jillt å strikke og blir nok gode og varme til vinteren.
Strikka det i Hexa frå Du store alpakka. 100% alpakka.





Denne lilla hortensiaen var eg ute i hagen og plukka. Hortensiaen er bare heilt fantastisk i år. Rikt blomstrande i ulike fargar.


Eg strikka ny genser til gubben i sommar

No har strikka laus hals og lue til kalde turdagar
Greit og bruke opp garnrestane og.







Ha ei fine haustveke!

Klem
Lilla dør

søndag 20. september 2015

Klubbkveld med dokkeklubben


 Me hadde klubbkveld hjå meg her i veka... me kaller oss dokkeklubben og me sydde mykje dokker etc før. Denne kvelden tok vi kunstane opp igjen. 

Den dokka med blå kjole her er det mamma som har sydd for over 20 år sidan til ei av prinsessene mine.


 Mønstra er gode sjølv om dei er nesten 25 år gamle....
 er det løye det er fullt på syrommet?



 dette er jillt kaffi, te og symaskiner om ein annan. Praten går......


Her er eg i gang med kroppen og stapper ull.


 Hodet til dokka mi, før eg kledde det med tricot. Kroppen sydde eg ca 20 cm lang. Gler meg til eg kan byrja å sy eller strikke klær.....følg med.




Jillt med klubb kvelder. Kjekt med drøsen og dei ulike kreative prosjekta.

Klem
Lilla dør

lørdag 19. september 2015

Solsikkedagen:)



 Sjå desse fine og store solsikkene me kom over på torget i Stavanger i dag:) Eit kupp spør du meg. 
Så det vart dagens torghandel.



 Fantastisk fine spør du meg.....
ekstra fine fargar når sol skein på dei.


 Minst 1 meter 



 kom til sin rett i Kähler vasane mine.




 Måtte ha ein i gangen og..... litt solskinn der og. Det er jo haust 


Ha ein fin laurdagskveld!
Her er det ettermiddagskaffi på terrassen no.  Det gjeld å nyte dagane ute i haustsola som er inn i mellom regnbygene:

Klem
Lilla dør

torsdag 17. september 2015

Lue i blå / lilla nyansar






 Desse fine restane av lamuld frå Christel Seyfarth inspirerte meg til å lage ei stripete lue. 

Eg la opp litt for mykje ved første forsøk men på andre forsøk la eg opp 152 masker......trur det blir perfekt.



Eg veksla uregelmessig to og fire omganger med dei ulike fargane. Trådane strikka eg inn etterkvart slik eg slepp å feste dei:) 


Det vart både hytte- og bilstrikk. Sjå den tøffe bilen før oss i ferjekøa og på ferja.

 Om det er strikk mitt som matcher bilen eller omvendt er eg usikker på.
Dei passa iallefall i hop :))))

Klem
Lilla dør.

TUSEN TAKK til dokke som legge igjen eit spor ved ein kommentar. Det varmar.

onsdag 16. september 2015

Hyttetur til Randøy med gode venner



Sist helg hadde me ei flott, avslappende og kreativ hytte helg hjå eit vennepar. Me reiste innover fredag.....lørdag hadde me mykje påfyll ......se den fine turen me hadde lags fjæra. Eg vart fort fasinert over fargar og detaljer:) matauke med både sopp og fisk.
Tid til strikk vart det og......


 Glimt frå uteplassen /grua deira....... denne flotte detaljen med den baljen likte eg godt. sSame fargar som hyttestrikket mitt :)


Eg måtte rekke opp att lua som vart for stor ved fyrste forsøk:)


 Den perfekte benk. Den var bare knallfin Terje......


 Sjå mønsteret.
 Nesten stripemønsteret til eit strikkeprosjekt:)))


 "Sjøeple"? dei voks iallfall på berget i fjæra:))


 Frå rundturen langs fjæra.


 Flotte naust langs Kådavågen.



 Naturens eigne fargar.



 Bjørnebær.... smakte godt.


 Kantarellplukking, min aller første sopptur:)... Eg smakte det om kvelden i ein fantastisk goé pai


 Om ettermiddagen var vi på båttur... fekk 21 pir (mange datt av) så det kunne ha vorte mykje meir. Men det vart vel i grunnen passelig fangst av  ein fisk ein ikkje kan ha for mange måltid med. Hadde det til middag på mandag. Piren var godt sprøsteikt på panna med løk og rømme.






Tusen takk for fantastisk helg.... me kjem gjerne igjen viss anledningen byr seg.

Klem
Lilla dør med gubben