torsdag 31. januar 2019

Iglo teppe


Teppe er sydd av eit stoffstykke eg kjøpte hjå Stoff og Stil.....lang tid tilbake :)) Har visst lege på modning sjølv om planen heile tida har vore å sy eit slumreteppe/leiketeppe. Eg trur eg gav kr 25,- for stoffet/rapporten. 


 Litt stort å quilte på syrommet så eg inntok kjøkkenbordet nokre timar.


 Å legge til kanten for hånd var ein fin kveldsaktivitet medan det brann godt i ovnen.....


 Måtte ut i snøen for å ta nokre bilde.


 Teppet er 165 cm i diameter. Heile teppet er sydd frå stofflageret mitt. Kjekt når det minkar litt.
Har som mål å minke både stofflageret og garnlager i år.... så får vi sjå kor det går. Iallfall ein goe start i 2019.





tirsdag 29. januar 2019

Ferdig med sjalet


Oppskrifta eg har brukt er ifrå heftet Urban av Susie Haumann. Århus sjalet. Eg har lenge hat lyst å strikke horisontalsjalet men sidan det er så vanskelig å få tak i mønster og garn frå Danmark vart det dette sjalet. Eg har brukt tynt garn i lammeull som eg hadde liggande. Ein tråd i lysgrå pluss ulike små nøster med ca 14 ulike fargar. Eg er i grunnen godt fornøgd med sjalet.


Ca 2,30 meter langt.
Strikka på pinner nummer 4.


Har vert eit ypperleg bilstrikk og strikketøy å ta med seg.





Vinter og litt snø på jæren om dagen ...så sjalet er allerede tatt i bruk :)
Sjølv om det er vinter er det jillt å kunne ta inn forsytiagrener og dei blomster når når dei har stått inne nokre dager........ det gir følelsen av vår ....


 Ha ei fin og kreativ veke

Klem 
Lilla dør

lørdag 26. januar 2019

Duskar...eg har fått meg ein Pom-Pom maker


 Eg har skaffa meg eit dusk-lager sett. Fann det på Mega. Er vel verd pengane.... veldig lett å lage dusker. Eg har alltid laga dei rundt papp tidligere.


 Skal ha to duskar til eit sjal eg held på å gjere ferdig.



 Eg laga duskane 7 cm i diameter.



Takk for tilbakemeldinger i dei siste blogg innlegga. Alltid jillt med ein kommentar eller to. Det gir inspirasjon til meir blogging. No har eg sendt  blogginnlegga for 2018 til trykkeriet. Eg venter på boka. Kjem vel i posten løpet av neste veke :)

Klem
Lilla dør

fredag 25. januar 2019

500 000 sidevisninger


 Tenk  no i veka passert eg 500 000 sidevisninger på bloggen min. Eg er heilt imponert og takknemlig.
Fin måte å dokumentere og ha ein oversikt på det kreative eg gjer. Eg har trykt bloggen i bokform og kvart år........kjekt å ha!
Takk til dokke faste følgere og dokke som bare er innom av og til. Ekstra jillt når dokke legge igjen eit livstegn, ein kommentar.


Klem
Lilla dør

onsdag 23. januar 2019

Aykasa kassar på syrommet


 Eg likte godt desse kassane. Passa perfekt inn under ei av bordplatene på syrommet. Eg har garn i dei og så kan eg legge dei ulike prosjekta i dei. Som dokke veit har eg meir enn eitt prosjekt på gang. 



 Både praktiske og tøffe. Eg valgte den mellomste størrelsen. Godt fornøgd. Og så fekk eg kjøpe dei på Bryne hjå Robinhooddesign. Kom tilfeldig over butikken på Instagram.


 Eit av dei neste prosjekta er ei strikkejakke av det garnet (Fat faerytale) som eg vann på garnfestivalen i Oslo.
Desse fekk eg garn hjå

Også vottane til hyggestrikk ligg det garn til bakers i korga:))))
Blir aldri arbeidslaus.......trur eg


 Og så har eg samla på Isager garn trur eg, ser iallfall slik ut.


Eller dette lekre garnet frå Ullrommet i ull og lin...blir truleg bestemorstrikk


Eg hadde fantastisk go´e monteringshjelp på laurdag. 


Litt bordpynt er viktig, som denne blomsten på syrommet! Usikker på kva det skal bli,,,,, tips mottas gjerne. Iallfall fine farga, litt tynt ullgarn. Det kan fort gå godt :)))))


Klem
Lilla dør

søndag 20. januar 2019

Fleire snømenn:) med og uten ski på beina


Ute og testar glien på skia :)))


  med ski og skøyter.....  klar for kursdager :)
Sydd i fløyel................. likte effekten 


 Både vottar og øyrevarmarar på plass.



Eg sydde snømannen av dette mønsteret


Eg har laga fem ulike mønster på snømenn som eg bruker på kursa mine.




Klare som modeller på kurset eg hadde på Rogaland Quiltelag no i januar.



Kjekt når det snør på Jæren

Klem
Lilla dør

fredag 18. januar 2019

Vottar og luer til snømennene


 Eg hadde litt restegarn i fin blåturkis farge, akkurat nok til to par votter og ei lue med dusk til snømennene eg nett hadde sydd. Blir nok fleire slike....... ikkje verst å kunne strikke fleire par votter på ein kveld:)))


 Oppskrifta på vottane:
-------------------------------
La opp 12 masker på pinne nummer tre.
2 omganger med rille før eg strikka rundt på tre pinner.
Strikka 8 omganger før eg sette av to masker til tommel. Strikka så 6 omg. før eg starta å felle av slik; 2 rett saman, 1 rett fortsatt slik ut omg. Neste omg rett uten felling. Neste omgang to og to  rett saman  ut omg. Klipp av garnet og fell to og to og trekk deretter tråden igjennom. Fest til slutt tråden. 
Tommel; Plukk om 4 masker og strikk 2 omg, fell deretter av to og to masker saman.



 Ikkje store :)


Klem
Lilla dør

torsdag 17. januar 2019

Snømannskurs Rogaland Quiltelag


 Masse materialpakkar og mønster klar for kurskveld på Rogaland Quiltelag.





 Mine snømenn


 Ulike materialpakkar.


Mange flotte snømenn med kvar sin personlighet vart laga av ivrige damer denne kvelden. Godt 20 quiltedamer sydde seg snømann. Håper dei vart inspirerte til å sy fleire!

Klem
Lilla dør

tirsdag 1. januar 2019

Godt nyttår!


Ynskjer alle mine bloggvenner og følgarar eit riktig godt nytt år og så gler eg meg til eit nytt kreativt år. 
(tusen takk for ein flott tulipanbukett eg fekk i romjula!) Sjå den fine fargen.


Klem
Lilla dør