onsdag 31. mars 2021

Gule merinoull gensarar til påske


Eg strikka to slike gensarar no rett før påske.  Strikka i merino ekstra fin frå Drops. Varm og fin gulfarge. Til mønster brukte eg bamse genser mønsteret til Petitknit.  Strikka dei i størrelse 6 til 9 mnd, men eg justere litt på lengden. Eg strikka to gule påskegensarar til jentebestemorgulla i fjor.... eg liker slike "prosjekt".
.

Hadde planer om brodere enten kylling eller hare men fann ut den vart for mykje påskepreg på den med tanke på vidare bruk. Ikkje vart det bamse ansikt på den heller .......kjekt med forandring.







Same størrelse, eg føler nesten eg har fått tvillinger i heimen, tenk to barnebarn i løpet av ein god månad i haust....heldige meg. 
Eg fekk litt tidsnød på strikkinga på  den siste genseren  pga føringar med nye hytteregler. Hadde planer om strikke den siste genseren på vei mot hytta men plutselig vart den planen skrinlagt:))) men genseren var klar. Til og med tid å vaske den før eg reiste .....



Eg tru dette er den 6 bamsegenseren (minst) eg strikkar til bestemorgulla. Kjekt når eg ser dei blir flittig  brukt.


 Klem 
Bestemor

søndag 28. mars 2021

Strikka egg ved inngangspartiet på hytta i påska :)



Eg hadde kjøpt med meg nokre strikka egg i fra jobb. Dei monterte eg lin tråd på for å kunne henge dei opp. Ellers er dei fine bare til ha i ei skål.
 

Me fann ei bjørkekvist som eg stakk ned i potte med mose for ha som pynt no i påskehelga er på verdasjillaste hytte.



God påske

Klem Lilla dør
 

fredag 26. mars 2021

Meir vimplar




Sist helg hadde me barnedåp til Trygve..... måtte sy ein vimpelrekke til han og. Både som pynt til dåpen og kjekk å ha på rommet hans eller/og som pynt når han fyller år kanskje :)))).
Egg sydd dei doble og vrengte dei. Sydde dei saman fyrst med sikk-sakk før eg sydde dei i hop med litt breitt skråband



Sydde dei i lin. 




Klar til bruk




 Klem
Bestemor

onsdag 24. mars 2021

Sydd prosjektpose




Prøvde meg på ein ny type påskeegg, men det vart ein prosjektpose. Vart med det eine. Kanskje blir det fleire seinare. Enten som egg eller som prosjektposer for strikk eller/og til ha leiker etc i. Her er iallfall prototypen :)))
)

 Klem
Lilla dør

tirsdag 16. mars 2021

Litt påske/vår inspirasjon


Kjøpte meg eit halvfabrikat til krans og har pynta den med greiner og egg.... har planer om å ta den med til hytta i påska, men no pryder den kjøkkenveggen. Er ganske stor ca 60 -70 cm i diameter.
.

 


På søndag var eg ut fann nokre fine gåsunger. Var heldig og fann nokre lange fine kvister. Måtte finne fram desse luftig og lette kyllingane eg strikka for ei tid tilbake i garnet air. Mønster og ide er Drops sitt.


Ha ei fin kreativ veke..... tenk våren er her!


Klem
Lilla dør

søndag 14. mars 2021

Bamsegenser og baggy bukse


Sett nr 2 no på kort tid. Me var så heldig å bli besteforeldre til to gutter i slutten av 2020...
Genseren er Petitknit sitt mønster strikka i Sisu og Isagergarn 1 tråds. Buksa er baggy buksa til Ministrikk. Den er strikka i merinoull ekstra fin til Drops. Begge er strikka på pinner nr 4.
 



Kjekk å strikke og god passform. Denne bamsegenseren trur eg eg har strikka 4 stykk av totalt. Denne er strikka i 3 -6 mnd. Både buksa og genseren. 


Buksa bak går litt opp bak . Strikka vendestrikk der.




Brodert auge og munn på genseren i mørkbrunt. Holder på å strikke bamselue i same garn. Håper det blir klart til påske.... kanskje.... kanskje ikkje



Klem

Bestemor/lilla dør

torsdag 4. mars 2021

Lillebjørnhue


Strikka ei lillebjørnhue til mitt yngste barnbarn.  Oppskrift og design er Knitting for Olive. Brukte garnet  Filcolana arwetta (80% merinoull og 20% nylon) og filcolana Tilia (kid mohair og silke).


Starta på det sist helg og fekk gleden av å strikke litt ute i sola 


Fin og kjekk hue å strikke men mykje oppskrift. Det vil seia at oppskrifta hadde mykje auking og felling og ulike teknikker.......måtte følge med :))) godt for dei grå cellene. Ekstra kjekt når ein får det til. 


Eg strikka den i størrelse 6 måneder, kunne ha vert litt mindre men han veks  i den.....plutseleg strikka eg ei mindre og :) no når eg har lært oppskrifta.






Snorene er strikka i Icord og Icord kant nede langshua.



Klem
Bestemor


 

mandag 1. mars 2021

Holiday slipover


Fekk gleden av strikka den til ei av mine håpefulle. Vesten er Petitknit design. Strikka på pinner nummer 10. Strikka i Tynn Silk Mohair og Easy Sandnesgarn. Easy garnet fra garnlageret vårt :) I ein bleik rosa farge.....pudderrosa 


Kjekk og hurtig å strikke. Fekk lært meg italiensk avlukking på ribben. I starten brukte eg Youtube for få det til men etterkvart satt det i fingrane. Kjekt å lære nye teknikkar. Her var det heile fem ribb å felle av.




 Vaska og klar til å bli henta.... den passa perfekt og både mottakeren og strikker var veldig fornøyd :))










Her ser dokke den italienske avfellinga, elastisk og fin avslutning på vesten.





Klem
mamma