tirsdag 27. juni 2017

Ny genser til gubben.....mikagenseren



Har strikka ny genser til gubben :) mikagenseren i herreversjonen. Oppskrifta står i #bystrikk  @knitting_inna Ingunn Myklebust. Men eg har strikka den i Isager garn, mjukt og lett ullgarn. Har strikka den i to ulike blåfargar slik den fekk eit melert uttrykk. 


Denne genseren har vore bilstrikket mitt på dei siste langturane våre mellom anna. Strikka det ferdig no på den siste bilturen til Florø.


Fin turgenser for kjølige sommerkvelder ved sjøen.....


Genseren er strikka ovanfrå og ned, veldig grei måte å strikke genseren på. Lett å justere størrelsen på.



Ha forsatt ein fin sommar.... 

Klem 
lilla dør

mandag 26. juni 2017

Nytt slumreteppe til terrassen


 Stoffet har eg kjøpt på Stoff og Stil .....restane frå pute produksjonen i vår:)
Det har vore kjekt å sitje ute på terrassen og quilta det.
Har linstoff til bakstykke og bomullsvatt mellom. 


 Eg punktquilta det


 Klar til bruk.....med desse kjølege sommarane kan det vera godt å kunne hive over seg eit teppe.





Forsatt god sommar! 

Klem
Lilla dør

søndag 11. juni 2017

Nokre kupp frå Gjenbruken



Nupereller ....eg bare seie det. Til ein billig penge men unik og verdifull. Sjå det arbeidet, eg er i grunnen litt fascinert over nupereller. Eg kan det ikkje sjølv. 




Mange godbitar


 Nupereller i meir sjeldan fasong, firkanta brikke


Brikke hekla av "sytråd"
Jillt å ta turen innom Gjenbruksbutikken av og til....må bare, eg har i grunnen ikkje bruk for det, men mykje fint og verdifullt håndarbeid. Viktig at det blir tatt vare på og brukt.


Klem
Lilla dør

fredag 9. juni 2017

Lue strikk og kanotur


 Eg og gubben hadde fått oss ein tur i gåve.....Grødemsekpedisjonen. Ein blåtur der me ikkje viste kor me skulle, fekk bare ei pakkeliste.  Ein fantastisk flott og opplevelsesrik tur frå A til Å.  


 Frå Jæren og til turstart var det ca 5 timers biltur. Eg fekk dette oppdraget; strikke to luer på turen. Eg klarte å bli ferdig med den fyrste på vei bort :))








 Namnet vart brodert med løkkesting


 Her er lue nummer to på gang rundt kveldsbålet



 Ferdig!!!!!  


Tusen takk!

Klem
mamma og svigermor