onsdag 31. oktober 2012

Salg


 Til helga skal det vera salgsmesse i Kåsen klubbhus.  Strikkeklubben eg går i, pluss Døsen pilgard skal være med.  Eg er bortreist den dagen men eg vil ha litt varer til salgs der. Så ta turen innom.


Eg vil mellom anna selge desse slumreteppene.  Eit haustteppe sjå haustteppe og eit vinterteppe. Vinterteppet er det ein del strikk i pluss strikka kantar. Sjå  Vinterteppe



I tillegg vil eg ha litt strikk og hekla blomster. Pluss nokre ting eg har sydd, til dømes toalettveske, strikkepose etc.
Håper du tar turen innom.

Klem 
lilla dør

søndag 28. oktober 2012

Bernina kurshelg


 Eg kjøpte meg ny symaskin i vår. Ein etterlengta drøm......


 No i helga hadde vi kurshelg. Ein dag med om sjølve symaskina og ein dag med designprogrammet på PC der me kan lage tekst- og broderimønster som kan overførast til symaskina.  Fekk goé start med ein knalldyktig kursholder frå Bernina, June som hadde teke turen frå Danmark. Fantastisk flott og go´e  undervisning og inspirasjon. Tusen takk June!  Du er kjempe goé.


 Så no har eg mykje jillt arbeid føre meg. Masse oppgåver eg kan prøve meg på.


 Klar til sende det til maskina for å sy det ut:). Men det får bli ein annan kveld.




Klem
Lilla dør

fredag 26. oktober 2012

Fredagskveld


 Helg :) og nytt blad. Eg "snopa" meg nytt blad medan eg var av stad og handla til helga. Mykje jillt i det og mykje goé inspirasjon.


 Alt frå matoppskrift på fikensyltetøy til ymse mønstersider, mellom anna broderi.  Ser ut som diamantstingputene er på veg inn att.




 Mozarellaostsalat.....


To gamle koppar vart kveldens bordpynt. Ein med eple og ein med telys.





 Pakka og klar til kurs i morgon...gler meg !!!!


Ha ein fine fredagskveld vidare.
Velkommen til nye følgarar. Det varmar. Og mange takk til dokke som legg igjen ein kommentar. Alltid like godt. 

klem
Lilla dør

torsdag 25. oktober 2012

Farmen genseren


 Farmen genseren nærmar seg ferdig....kjekt med jillt strikkearbeid. Og når det i tillegg er surt ute og me kan fyre i ovnen og tenne sterarinlys. Til og med ha gode samvittighet  for å krype opp i sofaen og ikkje gå tur. Kan knapt tenke seg noko meir avslappande. Medan eg ser at genseren nærma seg ferdig sviv det nye strikkeprosjekt  i hovudet. 
Men no er det kurshelg på den nye symaskina mi som står på programmet i helga. Gleder meg veldig.
 Men eg reknar med at eg innimellom får strikka ferdig genseren:) Kan ikkje bare sy eller være på dataen:)



Ha ein jille og kreativ kveld.
Klem lilla dør

tirsdag 23. oktober 2012

50000 sidevisninger


 Eg er heilt imponert og ydmjuk!!!! Tenk heile 50 000 sidevisningar.  Tusen takk til alle kommentar og takk til alle følgarar. Det kjem stadig nye følgarar og det varmar.


I går kveld vist bloggen som sagt 50 000 totalt antall sidevisninger :))


Håpar at bloggen min kan gje litt inspirasjon og glede 

Klem 
Lilla dør

mandag 22. oktober 2012

Mandagsinspirasjon


 Har fått meg ein ny kompis på arbeidsrommet:) Jillt å ha nokon å diskutere med. Riktig så triveleg kar. Dansk design: maileg. Nett no har han inntatt garnlageret mitt.


 Fine fargar og garnkvalitetar. Det er bare tida som manglar....har inspirasjonen. Men garnet kjem nok i strikkemaskina eller på strikkepinnane etterkvart.


 Dette morosame garnet kjøpte eg i USA hjå The Purl bee. Litt usikker på kva eg skal bruke det til. Er i bomullskvalitet. Idear mottas med takk. Eg trur det må verta noko til jul....


 Ei dansk ugle følger og med frå garnlageret.


 Jillt når me fortsatt kan plukke litt inn frå hagen og ha på kjøkkenbordet.




Garn frå The Purl bee


Held på med ein hals i tre ulike ullgarn. Teknikk; falsk ribbestrikk. ( 1. pinne rett og 2. pinne 1 r, 1vr ut pinnen. Desse to pinnane gjentas ). 

Klem
Lilla dør.

søndag 14. oktober 2012

Litt av kvart:)


Denne helga har det vore litt av kvart som sagt. Igår var det ein kjempe fin hagedag ...fekk rydda vekk  sommarblomane som var visne og planta litt nye løkar.  Tid til strikk og kaffi vart det og:) Kan det bli bedre i solskinnet? Hadde godt lag og.


Ynglingsblomane min står forsatt fine.


Rett før helga var eg ein tur ut til Anny på Idestova på Bryne (du finn ho på Bryne Gamle Mek) kjøpte meg nytt bil- og turstrikk:)  Mykje rundt og rundt i rettstrikk. Utmerka til biltur etc. Sjå den fine strikkeveska eg fekk med. Reknar meg som ein goè kunde. Eller kva Anny? :)))


Det skal bli ein ny genser til ein av guttane mine.


Fine naturfarger


Idag hadde me ein flott tur på Høg-Jæren. Gjekk frå Holmavtn via Steinkjerringa til Synestvarden og tilbake til Holmavatn. Ein fin rundtur snaut 1 mil.


Fine hortensia frå hagen der den små blomsten i hortensiaen er vekk. Då er det perfekt tid å plukke hortensiaen som skal tørke og stå utover hausten. Sjå den fine grønlilla fargen. Flott haustpynt til kjøkkenbordet mitt.

Ha ein fin søndagskveld og goé veke.
Klem
Lilla dør

fredag 12. oktober 2012

Lilla nellikar og keramikkskåla mi frå Grasse


 Har snopa oss (meg) ein bukett til helga. Ein nydelig nellikbukett i fargane offwhite mot lillarosa. Eg måtte bare ha den. 


 Nyt fargane og helga!


 Sei det blomster er det visst noko som heiter


Ha ein goé fredagskveld.
klem
Lilla dør

torsdag 11. oktober 2012

Hausttur til Mjølfjell del to :)


 Sist helg var me som sagt ein tur til Mjølfjell.  Her kjem nokre bilde junioren tok:) Jamen er det flott om hausten. Når eg ser på bildene får eg lyst på meir fjelltur. Godt det nærmar seg helg igjen.


 Hardangerfjorden








Ha ei goé og kreativ helg.

 Mitt mål i helga er ein lang og god hausttur på Høg-Jæren, og å rydde opp på syrommet. Jillt begge deler.  Kanskje aller kjekkast når det er gjort og eg kan kvile på gjort arbeid.

 Klem lilla dør