onsdag 28. august 2013

Hals i Kauni


 Strikkeprosjekt mitt se her vart gjordt ferdig på mandag.  


Luna i vaskemaskina til Mr design.


Skyllt godt :)


klar til bruk


Strikka på maskin. Brukt eit nøste med Kauni og eit nøste med finull. Strikkefastheten var 10 på min maskin. Strikka over 100 masker.





Ha ei fin veke forsatt.
Eg er forsatt i seinsommer modus :).
Blir lite  av strikking og sying......nyter forsatt finveret.  Sist helg hadde me ein flott fjelltur og lada batteria. Og me var ved sjøen og fekk med oss solnedgangen


 Vistnestangen


 Trodla Tysdal


Klem
Lilla dør

torsdag 22. august 2013

Strikka ca 1,5 meter etter solnedgang :)



 Eg skal ha klar noko strikk til luning/toving på mandag. Var litt usikker på både garn, farge og kva eg skulle strikke. Fyrst byrja eg å nøste opp litt garn eg fekk frå Færøyene. men fann ut at eg ikkje ville bruke det til dette prosjektet.


 Så fann eg ut at ein bunt med Kaunigarn var perfekt til dette prosjektet.


 Garnet var melert frå grå, beige til frisk lilla.


Fargane minner om røsslyng og fiol.
Kjempe fine fargar......igrunnen heilt perfekt ;)


For å få den ønska lenga strikka eg dei siste 20 cm med einsfarga grå finullgarn då eg ikkje hadde meir Kauni igjen i passande farge.


Eg rakk ikkje sy det saman før det mørkna på terassen. Så det få bli søndagskveldens prosjekt. Men eg kjem i mål denne gongen og.
Mandag er det klubbkveld og me skal lune det hjå MR design.


Ha fin kveld forsatt. No har eg funne fram tekoppen og pc-en :)


Roserester frå sist helg pryder terassebordet.

Goé helg
Klem
Lilla dør

tirsdag 20. august 2013

Råsaft og andre godsaker



Sist veke safta og sylta eg dei fleste hagebæra. Junioren plukka bæra og eg stod for resten. Så no kan me nyte masse godt syltetøy og saft:)


I tilegg til eigne bær frå hagen fekk me plukke litt bringebær hjå svigerforeldene mine.


Bringebær syltetøy, rørt det er best.


 Så kokte eg litt saft ....det er litt sunnare sidan det er litt mindre sukker i den og så trenge den ikkje frysast. Held seg godt i tette flasker.



 Råsaft av rips som har stått eit døgn med sitronsyre og litt vann. Silast, deretter rørast det inn sukker. Må frysast.



 Har lenge hatt lyst på retro flasker eller etterlikning av små gamle melkeflasker til å bruke som saftglass etc. Etter gode tips fann eg dei på Ikea:)


 Her med råsaft og med papirsugerør.




Ha ei goé veke.
Klem
Lilla dør

mandag 19. august 2013

August = Solsikke


 Solsikke


Var eg ikkje heldig som fekk ein flott bukett med solsikker!
Tusen takk!

Buketten passa perfekt i Kählervasen min.
Vasen snopa eg i sommer då me var i Danmark og besøkte Kähler der :)
Det kan anbefalast ........fantastisk mykje fint.



Ha ei fin veke!
Eg har vist ikkje landa heilt etter sommerferien, safting og sylting, besøk etc har gjort at det kreative på syrommet og i strikkekorga ennå ventar. 
Men eg må snart starte sidan eg har lova ein del ferdig til måndeskiftet. Håper eg klarer halde det eg har lova.
Men det vart ikkje noko idag heller:)


Klem
Lilla dør

tirsdag 13. august 2013

Picasso-museet i Antibes


Sist veke var eg innom Picasso-museet i Antibes. Museet stiller ut arbeid og bilder frå den tida Picasso var i Antibes og jobba sommeren og hausten 1946. Ei kjempefin utstilling i eit flott bygg med mellom anna ein fantastisk flott uteplass ned mot sjøen. Eg anbefaler verkelig eit besøk der viss dokke er i området:) ein gong.



Her på veg opp til inngangen



Utsikt frå eit av vindauga 


Noko av keramikkarbeidet hans





Frå bakgården ned mot sjøen.


Denne bronsemannen var laga av Germaine Richier er også frå 1946. Den stod på muren i bakgården. 





Eg kjøpte meg ei bok der om Picasso frå den tida han var i Antibes. Masse av det som var i utstillinga ver med i boka. Jillt minne:)
Mykje bilde, det passar godt då boka er på fransk.
Bilde frå boka her:




Ha forsatt goé veke.
Klem 
Lilla dør