mandag 27. august 2018

Faunalua


Eg strikka faunalua etter ønsker av Paelas. Kjempe kjekk å strikke. Klarte nesten ikkje legge den frå meg...bare ein omgang til :)


Måtte bare ha den pelsdusk på. Den kan me knappa av og bruke på andre luer viss ein vil.... 


Brukt eit nøste av dette merinogarnet. Det var ikkje mange meterane igjen då eg hadde strikka lua....godt bekrekna.  Eg strikka lua på pinner nr 4.



Det var goe passform på lua. Passa perfekt til bestemorgullet


Klem
Lilla dør

lørdag 25. august 2018

Portomoneer


Eg har sydd to små portomoneer  frå boka The purse Clasp book. Kjøpte to små låser hjå Lappelykke tidlegare i vår.


Liberty stoff det lyseblå og kaffe fassett stoff det med pelargonia på





Klem
Lilla dør

fredag 24. august 2018

Garnkjøp ...eg som bare skulle strikke frå garnlageret


Måtte bare ...fyrst ei hespe så litt til...



Denne strikkekoppen vart og med heim. Kan bli med meg i godstolen på byrommet :) blir sikkert kreativ då


Fin var den iallfall


Hortensia frå hagen..... kjekt å ha i vasen no utover hausten. Hortensia er bare ein fantastisk flott plante. Sjå fargespelet



Fyrst må eg strikke ferdig noko av det eg har i arbeid som desse luene frå restegarnet etter juniorens genser.

Klem
Lilla dør

torsdag 23. august 2018

Sjølingstad Uldvarefabrik


Dei kallar seg sjølv ein levande museumsfabrikk.  Ein del av Vestagdermuseet. Kjekt at eg endelig kjørte forbi medan det var åpent :). Eg kjørte forbi sist søndag etter ei flott helg i Mandal saman med gode venner



Mykje fint garn. I tillegg til sitt eige selde dei og litt frå Hillesvåg m. a.


Denne jakka har dei laga nytt mønstret på etter kopi etter ei gamal jakke dei fann i ein fillesekk på loftet på Sjølingstad Uldvarefabrik. Denne skal dei ha samstrikk på no i haust. Flott jakke men det er den tida og prioteringa.... mønsteret kan ein også kjøpe på Ravelry


Masse fine bøker pluss pluss


Og så var det utstilling av bildevev av Else Marie Jakobsen....kjekt se det og





Klem
Lilla dør

torsdag 16. august 2018

Bæ bæ lille lam


Hekla meg eit lam eller ein sau...alt etter som du ser det.  Mønsteret kjøpte eg på Stoff og Stil- hekla det i ullgarn frå garnlageret i to ulike fargar. Fylt med vatt.


 Her broderast det munn og nase


 Har nok garn til ein til .... har planer om å hekle ein i motsatte farger :)



 Kan fort bli ein fin venn til barnebarnet.....


klem
Lilla dør

torsdag 9. august 2018

Sild



Sommer og fisking = sant. 


 Hekla meg nokre fiskar.
Fant meg noko lingarn her på hytta. Oppskrifta fann eg på nettet. Hjå Tante Grønn i Danmark fann eg dei under gratis oppskrifter.


 Fantastisk fine fargar i fjæra.



 Den eine fisken er i reint lin/hamp-garn, den andre med dobbel tråd bomullsgarn pluss lin garnet.


 I sitt rette miljø:))




Keem
Lilla dør

onsdag 8. august 2018

Mika genseren er klar


Endelig er genseren, som har voew bilstrikk pluss pluss det siste halvåret:), ferdig. Garnet kjøpte eg på Pickles i Oslo. Genseren er til junioren....student. 



 Genseren er strikka med to tråder. Pickles merino tweed  og Pickles bliss.


 Mønsteret eg har brukt er mikagenseren til Knitting-Inna. Stod i boka #bystrikk.


 Eg har strikka fleire av desse i ulike fargar og garnkvaliteter.


Klar til levering... Håper den vil varme mottakaren i vinter. 

Klem
Lilladør