fredag 31. august 2012

Ein liten rundtur i hagen i slutten av august


 Lyng er jo bare fantastisk og flott.


 Ein av hortensiane har sikkert ti blomar, og no er den i ferd med skifte farge frå grønn mot lilla. Snart klar så eg kan ta inn nokre blomar å tørke.


 Spansk margaritt på runde nummer to eller tre.


 Skaugum er er ein flott haust blom. Jillt med det som blomstrar til frosten kjem.


Ein form for solhatt. Staude som står i urne ved trappa.  Må nok plante den i eit bed når den er avblomstra. Reknar med at den har det bedre der i vinter.

Goè helg.
klem 
Lilla dør

torsdag 30. august 2012

Nådd sølv, går for gull


 I går feira me sølv, gubben og eg. 


 Me fekk mykje flotte blomar og helsinger. Fantastisk flott dag.



 Si det med roser er det visst noko som heiter.



No går me for gull!


klem 
lilla dør

tirsdag 28. august 2012

LIn


 I går var eg så heldig at eg vart innvitert på linplukking. Åkeren var nok prega  av ver og vind.  Men vi fekk med oss heim nokre flotte buketter. Artig å plukke den på rot. 



 Me plukka buketter og bandt hampetau rundt slik at det berre var å kutte av stilken og henge dei til tørk då me kom heim:)








Ein av bukettane putta eg i ei glassurne med litt vann i. 


Tusen takk for linen:)
Jillt å få være med på.

Klem lilla dør

søndag 26. august 2012

Svipptur til Sørlandet:)



 Fyrste stopp var frokost/føremiddagskaffi på Drømmeplassen i Kristiansand. Må alltid innom der. Kjekk kafe/bakeri med mykje god bakst og tøff innredning. Har du ikkje vore der, anbefaler eg det til neste Kristiansandstur:) 



 Dennne gongen hade me lita tid i Kristiansand, men nokre butikkar fekk me vore innom. Slik som Lyspunktet, ein kjekk design og interiør butikk. Det er her det lilla hagebordet og deil lilla hagestolane mine kjem frå:), for dei som har høyrt om dei. 
 Vi var innom Den Blå dør og. Kjøpte to nyste med garn til blondeskjerf og ei gåve. Eg likte godt innpakkninga på gåva. 



 Me rakk Grimstad og før butikkane stengde på laurdag. Var innom Meretes atelier, Lysthuset. Der hadde dei tilbud på nokre flotte hauststoff. Heilt perfekt for prosjektet eg held på med for tida. Ikkje så ofte eg får stoff som eg liker til kr 50 pr meter!


Sjå, stoff og blomar går ton i ton.



 Idag var me innom på kaffi i ein fantastisk hage utanfor Grimstad. Eg måtte berre ta med nokre bilde derifrå. Eplene var sommareple som smakte kjempe godt. Og sjå dei fantastisk flotte trea. Eg knipsa mange bilde av dei. Her er ein liten smak. :)



På Sørlandet idag var det full sommar og bort imot 20 grader og vindstille. Me merka vinden og gradene sank då me kom til Rogaland igjen.Uansett, borte bra men heime best. 

Ha ei goe søndagskveld.
Eg trur det blir strikking på skappelgenseren for min del.

Klem Lilladør

lørdag 25. august 2012

Haustblomar som inspirerer meg for tida


 Sjå den knall blå hortensiaen min ved trappa. Kva som gjer at han har fått så flott farge veit eg ikkje.  Før har han vore meir lilla. 


 Desse hauststaudene er kjempe fine i fargen. Jillt ha dei på tappa! Er like inspiret kvar gong eg går forbi. Noko som kanskje viser igjen i det eg syr fortida.




Eg trur eg må printe ut litt bilde på stoff av desse ....kanske det kan bli ei pute eller ein løpar. 
Ha ei goè helg.

Klem 
Lilla dør

fredag 24. august 2012

Litt haustfargar på stovebordet


Har fornya litt farger etc. på stovebordet. Lysestakane er frå Freemover, svenske og designa av Maria Lovisa Dahlberg.  Mine er i lys lilla, sjøblå og olivengrønn. Lysestakane finst i alle regnbogens fargar og er i tre med lyshaldarar av metall. 



 Rebex skål





Då lin duken var for stor, kutta eg den av både i lengde og bredde og av avklyppet sydde eg 2 mugruger og 4 bordskånarar til kaffikoppen. Praktisk og greit.


Klem Lilla dør

torsdag 23. august 2012

Kahler vase og lysestake


Då eg fylte år i sommar var eg så heldig å få denne fantstiske vasen. Fleksi sådan som kan brukast som vaser og lysestaker om en annen. Kan også brukast enkeltvis eller i hop:)




Her med lupin oppi den eine vasen.




Fiducia er designa av Louise Campbell og er av merket Kahler.

Passar godt med sommarblomar frå hagen, men blir nok og fin med andre blomar og greiner. Kjem nok til prøve dei ut til litt av kvart.

Tusen takk!

Klem lilla dør