søndag 26. desember 2010

Jula 2010

 Etter ynskje frå nokre lesarar har eg no tatt bilete av Lilla dørs juletre, som er ei lerk på rot.

Eg ynskjer dykk alle ei riktig god jul og romjulstid !

søndag 19. desember 2010

4. sundag i advent

Salget på Voll Juletregard er over. Mykje folk og fin julestemning både ute og inne. Stor takk til Marit og Ove for at eg fekk vera med.

Eg har fortsatt litt varer igjen som kan kjøpast heime hos meg. Har laga ei lita utstilling i hagehytta.

torsdag 9. desember 2010

Julesalg og januarkurs


Eg skal ha salgsbod på Voll Juletregard sundag 12. desember. der eg skal selje strikka luer, halsar, skjerf og sokkar. I tillegg har eg med ein del sydd julepynt som hjerter, englar og snømenn. Det er bilete av ein del av produkta nedanfor.

I januar har eg tenkt å ha to kurs heime i hagehytta, eit med den store snømannen og eit der vi syr to små snømenn. Eg har materialpakkar til kursa. Det blir max 5 deltakarar pr. kurs og prisen per kveld blir kr 700 inklusiv materialpakken. Ta kontakt dersom du er interessert i å vera med.




       
Snømann ca 50 cm har eg til salgs. Eg arrangerer kurs i å lage den torsdag 6.januar kl 18.00-22.00.




 
Det blir kurs i desse snømennene 25. januar  kl 18.00-22.00.