torsdag 26. april 2018

Sy med Kathrines Quilte Stue


Saman med  ca 170 andre var eg på sy med Kathrines Quilte Stue på Klekken sist helg. Dørene opna kl 14 på fredag og avslutta ved lunsj på søndagen.



Sto i kø for å komme inn i sysalen på fredagen


Masse fint i butikken




Teppet vart ikkje ferdig....men flott helg. Kom heim med mykje inspirasjon og syglede. Ny vennner, nye mønster etc.
Teppet blir nok ferdig etter kvart. Følg bare med her på bloggen.....plutselig 


Knallgoé mat. Denne pasjonsfruktkaka kåra eg til helgas beste kake.




Sysalen tidlig ein morgon


Cake Mix mønster demostrasjon med Helle. Dette er Helle sitt teppe sydd på hefte nr 6


Mange ulike demonstrasjoner. Det synest eg var knalljillt å få med seg. Mykje eg har lyst å få prøvd meg på

Kanskje blir det Klekken på meg neste år og


Klem
Lilla dør

onsdag 25. april 2018

Ut på tur mappe......


Eg var med i ein stichery klubb for mange år sidan. Dette broderiet hadde blitt liggande. No har eg endelig fått sydd det ferdig. Tenkte på kva eg skulle bruke det til..... enda opp som symappe med plastfolie.


Lang og god glidelås ,lett å få fatt i ting og tang. Samtidig oversktlig pga plasten. plasten er frå kappet til pappa som sydde båtkalesjer



Eg held på med eit papirsøm quilt.... spent kor tid eg blir ferdig med det:)


Fyrste tur med posen var til Hønefoss og Klekken og "Sy med Kathrines Quiltestue" i helga

Klem
Lilla dør

torsdag 19. april 2018

Førebuing til Klekken


Eg hadde kjøpt meg eit materialpakke til teppe hjå Kathrines Quiltestue då eg var på quiltefestival i 2014. Så eg tenkte det måtte vere heilt perfekt no når eg skal på "sy-lan" til helga på Klekken. Etter eg hadde skore dei, streka eg dei lyse stoffa på baksida. For eg har planer om å sy dei saman to og to. 


Eg skar opp 720 bitar på 4x4 inch.


Halvparten var kvite med svart mønster



Slik skal teppet mitt bli. Dette teppet er Kathrines quiltestue sitt.



Tar med dette og i tilfellle eg skal bli arbeidsledig i helga.
Tenk eg skal på "Sy-lan". 

Klem
Lilla dør

tirsdag 10. april 2018

Trines pitabrød





Prøvde meg på Trines pitabrød no i helga medan eg var på hytta. Alltid like kjekt å bake der...kanskje eg har meir roen til det der. Og så er det godt å ha noko ferskt og godt. Butikkturane må planleggast litt meir der enn heime. Lettare å bare bake då når ein treng noko:)


 Her steikest dei på 275grader i 5 - 7 minutter.


Vart luftige og fine


Taco pitabrød med pommes frites..

Klem
Lilla dør

søndag 8. april 2018

Plantefarging med blåtre


Utefarging er jillt, her er det alunbeising på gang i påska på #verdasjillastehytta.


1. bad med blåtre.

 Blåtreet hadde då lagt i vann eit døgn, før med laga fargebad av det.
Garnet hadde me alunbeisa fyrst.



2. bad med blåtre


Her ser dokke 1 og 2 bad pluss ei hespe frå Kochenille farginga


4 ulike bad


Påska 2018 sitt fargeprosjekt


Laga oss ei kladdebok med fargeprøver, kjekt å sjå tilbake på når vi skal prøve oss på meir farging:)
Takk til Ullrommet som gav oss råstoff pluss god veiledning.

Kan ellers anbefale denne danske plantefargingsboka. 
Tusen takk for tilbakemeldinger på bloggen både her på kommentar og på meldinger.  Sette stor pris på det.

Klem
Lilla dør

lørdag 7. april 2018

Plantefarging med kochenille



Påskeaktivitet saman med ei av dei håpefulle.  Her prøve me oss på kochenillefarging. Me hadde fargegryta på ute. No har me lagt inn bestilling om ny "fargebenk" ute til sommeren. 


Fantastisk fin farge




Garnet i den nærmaste bøtta har vore farga med bjørk tidlegare.


Eg har vore så heldig å få goé hjelp av ullrommet til å få fatt i diverse fargar.
Kassen med garn her er frå sist sommer.



Alt dette er kochenille.... hadde to fargebad med det.
Alt garnet var beisa med Alun fyrst.


Desse er farga i samme fargebad, men ulike garn typer. Det lyse 2 tråds ullgarn Jårbo garn og det mørkaste Rauma sitt baby garn.




Litt broderitråd

Klem
Lilla dør

fredag 6. april 2018

Nytt dynetrekk til barnesenga på hytta


Eg sydde nytt trekk til barnedyna på hytta til påske.   Fann nokre stoffrester i stofflageret mitt. 


Det smårutet eplegrønne stoffet passsa godt saman med det rosa blomstrete stoffet. Sydde dynetrekket saman med overlocken.



Kjempejillt å kunne lage til barneseng til bestemorgullet.....sjølvsagt måtte ho og få påskeegg når ho kom på hytta i påska.


Klem
Bestemor

onsdag 4. april 2018

Lilla dør bok nr. 9


 Bok nr. 9 av Lilla dør. Den kom med posten i dag.........heilt i frå USA.


Kjekt å sjå tilbake på nokre av dei prosjekta og kreative utspringa eg har hatt i 2017:)



Klem
Lilla dør