lørdag 31. januar 2015

Gjenbrukskupp igjen :) det liker eg


 Kan det bli bedre. dette fine fat og desse nupperelle
servittane fann eg på gjenbruken i starten av denne veka.


 Slike brikker er bare fantastiske tenk kor mange timar det like bak kvar enkel brikke..... ein juvel spør du meg.


 Fatet er Figgjo Flint.
Passar perfekt inn på hytta i både farge og stil.



 Måtte bare teste ut fatet:) her med litt kaffisnop på ein lørdag.


 Perleblom





 Fekk dei av ei vennine i sist veke.
 Takk, fine farge på dei blomane... vinterfage.


 Lørdag og kafe er ikkje feil.


 Eg snopa meg knekkebrød på Sandnes idag. Blåbær og rug. I tillegg var dei lilla på farge. Måtte bare. Har ikkje smaka dei ennå med iallfall fine å sjå på :). Sikkert goé og.





Ha ei fin helg!
 Mi kjære datter fylle år i dag i  tillegg til min svigerfar ei niese... så det blir masse feiring  i helga!


Klem
Lilla dør


onsdag 21. januar 2015

Hortensiablomster i lilla og grått:)


Eg starta på ein løper før jul men vart ikkkje ferdig før no. Eg hadde tenkt den som adventsløper men det må bli til jul igjen. Men eg kjem nok til bruke den før det og.......Kan det bli ein heilårsduk?
Stoffet er kjøpt på Design Quilt "sudara lino".


Eg valde grå lukkekant.


Måtte ta den ut på steinen på terrassen og ta bilde for få fram fargane. 


Flotte fargespel spør du meg.


Velkommen til ny følgere.

Klem
Lilla dør

mandag 19. januar 2015

Varmepose


 Eg har strikka ein varmepose i mjuk ullgarn.
Libby Summers Chunky 100%ullgarn frå Peru


  Fekk fatt i "innmaten"til varmeflaska på Sparkjøp


Klar til bruk. Har tenkt å ha den på hytta...... kan komme godt med ein vinterskveld når vi kjem til kald hytte.


 Garn og oppskrift kjøpte eg i London for ei tid tilbake :)


Klem
Lilla dør

søndag 18. januar 2015

Fleire strikkenett


 Mange strikkeprosjekt krev mange strikkeposer/nett til å ha dei i. Eg held på med opprydding og garnslanking på nyåret. Dette var eit av syprosjekta sist helg sjå her



 Fine sauer som passa perfekt på  ei strikkenett.
 I og med at stoffet er i lin blir veska litt robust. Eg sydde den litt stor slik den kan romme litt større prosjekt og.



 Islenderstrikk.....er blitt bilstrikk når eg pendler til Florø. mange turar no når vi held på å fikse opp ei hytte.






 Fargerikt strikk treng fargerikt strikkenett:). Sjal eg starta på i Stuttgart.


Knitty sheep design by Greta Lynn

Klem
Lilla dør

lørdag 17. januar 2015

Olaf heiter eg og liker ........




Eg såg filmen Frost i romjula. Sidan eg er svak for snømenn, fann eg ut dette måtte vera film for meg. :))). Så då eg kom over mønster på Olaf måtte eg jo bare strikke det. Kjempejillt å strikke og så fekk brukt litt restgarn, eit nøste Rauma sitt tretråds strikkegarn pluss ein rest minkegarn med snøglitter som gav fin effekt. Eg strikka den på pinner nr 4. Armane laga eg min eigen vri på med hestetømmerstrikk.


 Her er han ferdigstrikka klar til stopping.



Olaf stiller gjerne opp for fotografen.
Eg var usikker på om Olaf skulle smile?  Eller skulle han ha tann utan markering av munnen :)

Det vart med smilemunn:)

Snart ny eigar.
Klem
Lilla dør

fredag 16. januar 2015

Vår- og vinterstemning på kjøkkenbordet


AnnKa sitt mønster på kuvertbrikke som eg sydde om til løper i litt min egen varisjon. Sydde den ei tid tilbake men må ha den fram no i desse snømannstider i januar. 


Hei på deg.
Ein av mine snømenn godt planta oppi ei sinkbøtte klar til snøballskrig.



Perleblom


Og så måtte eg jo bare ha litt primula sist helg.... det er nesten blitt ein tradisjon etter at eg har fått ut jula. Ikkje for det,  dei er i butikken allerede i romjula. 

Klem
Lilla dør

tirsdag 13. januar 2015

Gjordt ferdig småstrikk frå " i fjor" :)


 Eg starta på dette stjerneprosjektet i desember. No har eg iallfall festa tråder og strikka ferdig dei påbyrja. Fin arbeid saman med litt kaffi. 


 På rekke og rad 


 Eg likte  godt  effekten av bling-tråden. Her har eg brukt den saman med lin
Men favoritten var den eg strikka i ubleika natur lin.  Det blir nok fleire av dei mot jul igjen...... må nok byrja endå tidligare i år.


 Marte  Helgetun  se her  sitt design av babysokkar.
 Veldig lette og snaue å strikke. Knalljillt, ferdig på eit blunk og fine blir dei. Ypperlig til restegarn i litt mjuk og tjukk kvalitet.  Alpakka er nok min favoritt her:)



Rosesokkar


Ha ei goé og kreativ veke forsatt.
Takk for kommentarar og oppmuntringar, det varmar.
Eg set stor pris på om de legg igjen nokre livstegn når de er innom.

Klem
lilla dør