lørdag 30. november 2019

Sviblar i Freia bakepulver- og vaniljesukkerbokser





 Gjenbruk er det vist noko som heiter.
 Eg hadde nokre tomme bokser. Plutselig såg eg føre meg dei måte jo være perfekt til blomster potter til sviblane no adventstida. 


Den eine havna hjå mamma :) passa godt he på kjøkkenvekta hennar.


Ha ei fin adventstid. I morgon er det 1. desember og fyrste søndag i advent.


Klem
Lilla dør

torsdag 28. november 2019

Kristtornkrans


Endå ein fin dag ute til å lage kransar og nyte bålpannelivet med mange og gode kaffepauser i godt lag. Så ferieliv i slutten av november er heilt ok 


 Laga meg ein kristtornkrans med mose og litt einer i botn.


 Kristtorn er fint!!!!! Blanke og grønne blad med dei røde bæra


 Klar til å henge på døra når eg kjem heim på Jæren....kanskje blir det på hagehytta.



 Her har eg pakka inn nokre sviblar. Har planar om å ha dei ute no i adventstida. Håper det sprette ut etter kvart. 


Ha ei fin og kreativ veke fortsatt! 

Klem
Lilla dør 

onsdag 27. november 2019

Kransar del 2 og stadig meir jule/adventstemning


Var på skogstur og fant små juletre i i veikanten. Redda dei før Vegvesenet klipper dei :)) Liker godt desse fine små granvariantane. Eg vasker røttene godt og har dei i vaser. Desse her står på steinplata på hyttekjøkkenet ennå....kanskje blir dei med sørover etterkvart.





Litt pynt er kommet på ein av kransene.....denne har allerede fått ny eigar.


litt detajbilder fra pynten


kongler, dompappar og greine med røde bær.


Litt av produksjonen .... eg har lova bort nokre og  resten vil eg pynte med her på hytta og/eller heime på Jæren. I år blir det delt jul, litt her og litt der....


Klem 
Lilla dør

tirsdag 26. november 2019

Kranser i lange baner :) del 1


 Tradisjonen tro har det blitt til at eg lager diverse kranser når eg er på hytta i november. Kjempekjekt og snaut å lage kranser når hytta ligge i skogen. Mykje fint i grønt og kongler ein kan finne å bruke. Eg liker godt å lage einerkranser. 


 Litt rust er alltid fint og dekorativt.


 Her brenn eg opp kvister og overskuddsmateriale etter kvart. :))


 Blåeiner og mosekrans, pynten manglar ennå




 Litt kaffi er viktig underveis, har ein ferie så har ein ferie


 Fann ein stor halmkrans ...den må eg nok ha på døra heime.



 Litt bordpynt på terrassebordet..snart klar for lunsj i det fri.



Fint med einekranser men dei stikk, så viktig med gode arbeidshansker


Å ha ferie i november er ikke feil, særleg når vi i tillegg får nydelig ver


Klem
Lilla dør

onsdag 20. november 2019

Har nøsta opp garnet frå plantefargingskurset


 Sjå dei fantastiske fargane..... alt dette farga me den helga eg var i Drammen. No har eg merka dei og laga nøster av det. Det blir nok liggande slik til modning og til pynt ei stund. Planen er at eg skal farge meir..... kanskje det blir eit fint påskeprosjekt på hytta. Men plutselig får eg lyst på ein fridag og prøver meg igjen. Kunnskapen må liksom haldast varm.


Merking på gang.

Klem
Lilla dør

torsdag 14. november 2019

Julemat produksjonshelg:))



 Tradisjonen tro var vi tre venninner saman ei helg i november der vi laga tilsaman 72 boksar med knallgod leverpostei. Kjekt å kome heim med over tjue bokser leverpostei.....held til neste år det.


Me laga også sylteflesk. Her er mitt. I år vart det to brødformer på meg.... heldige meg som kan ha ei slik kjekke helg saman med gode folk.... sosialt og godt.


 Lørdagskvelden invitert vi gubbene våre på tre rettars julemiddag.


 Her ser dokke forretten ...rakfisk (guttane sitt bidrag)
Ribbe med tilbehør var hovedretten og riskrem til dessert.


Neste dag laga me flatbrød. 


 Fekk god trening etter kvart....dei vart runde



Til slutt vart det vestlandslefser.  

Takk for fantastisk kjekke og gilde helg sjølv om det var travelt.

Klem
lilla dør

søndag 10. november 2019

Dåpskjole til dokka til barnebarnet mitt :)



Eg sydde dåpskjole til barnebarnet si dokke/baby etter innfallsmetoden. Det vil sei at eg hadde eit babybornmønster på bærestykket og armane.  Eg sydde det fyrst så klipte stakken av resten. Eg sydde den av ein kortarma bluse eg har hatt. Hadde ein del blonderester som kom til sin rett på kjolen.  Etter ein runde med omovatn då det var gamle blonder eg brukte.




 Detalj fra bærestykket. Eg knytte ei stor silkesløyfe som eg sydd framme på kjolen då det var lettare for dukkemora og kle på då.




 Her henger både kjolen til dåpsbarnet Rut og dokka sin dåpskjole klar til bruk. Me hadde barnedåp sist helg.

 Oldemor Ruth broderte dåpsbarnet sin kjole i engelsk broderi då barnefaren vart døypt for ca tredve år sidan.




Her er dokkekjolen vel i bruk av dukkemora på 2 år. Klar for systra si sin dåpsdag.

Klem
Bestemor